Verb som endar på -st

Nokre svært vanlege verb i nynorsk har endinga -st i alle former. Dette er verb som har aktiv tyding, og dei må ikkje forvekslast med passivformene av verba (Søknaden må sendast).

Medan st-passiv hovudsakleg blir brukt i infinitiv og presens, kan mange aktive st-verb brukast i preteritum, og nokre også i perfektum.

infinitivpresenspreteritumpresens perfektum

å finnast

finst

fanst

har funnest

å synast

synest

syntest

har synst


Hugs at dei fleste verba har e i endinga i presens (synest):

infinitivpresenspreteritumpresens perfektum

å syna| –
            |st

syne|r
         |st   

– synte|
             |st

– syn|
          |st


Regel: Legg st til bøyingsformene:

infinitivpresenspreteritumpresens perfektum

å finna| – 
             |st  

fin|n –
     |st

fan|n –
       |st  

har funne|
                  |st


Her ser du tydeleg at ei form som «finnest» vil bli feil, sidan det ikkje heiter «finner» i presens.

Merk at endinga i infinitiv for st-verb er -ast same om du vel -e eller -a i infinitiv av andre verb. Altså: Vel du forma å finne i infinitiv, heiter st-verbet likevel å finnast (ikkje «finnest»).

Her er ei liste over resten av dei vanlegaste verba av denne typen. Perfektumsformene er lite brukte og kan kjennast framande. Dersom du følgjer framgangsmåten over, vil du likevel lett finna perfektum partisipp av eit st-verb dersom du får bruk for forma:

infinitivpresenspreteritumpresens perfektum

å høyrast

høyrest

høyrdest

(har høyrst)

å kjennast

kjennest

kjendest/kjentest

(har kjenst)

å krevjast

krevst

kravdest

(har kravst)

å minnast

minnest

mintest

(har minst)

å møtast

møtest

møttest

har møtst

å sjåast

sest

sågst

(har sest)

å skiljast

skilst

skildest

(har skilst)

å skjemmast

skjemmest

skjemdest/skjemtest

(har skjemst)

å slåst

slåst

slost

har slåst

å snakkast

snakkast

snakkast

har snakkast

å spørjast

spørst

spurdest

(har spurst)

å trengast

trengst

trongst

(har trungest)

å treffast

treffest

treftest

(har trefst)

å trivast

trivst

treivst

(har trivest)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter