Sensitive ord

Språkrådet får ofte spørsmål om kva sensitive ord tyder, og korleis dei bør brukast. Her er retningslinjene vi følgjer når vi svarar på slike spørsmål.

Med jamne mellomrom blir det debatt i media om bruk av ord som «neger» og «sigøynar». Dette er ord som kan verka diskriminerande, nedsetjande eller beint fram rasistiske overfor folk med ein annan utsjånad eller ein annan kulturbakgrunn enn majoriteten i Noreg. Meiningane har vore delte, og ikkje få har gått inn for at ein bør unngå slike ord. Språkrådet har òg diskutert dette spørsmålet på prinsipielt grunnlag.

Ulike valørar og ikkje berre tydingar

Den tydinga eit ord har, er generelt bestemt av bruken. Eit vanleg ord i daglegspråket har inga «eigentleg» tyding anna enn den som går fram av måten ordet blir og har vorte brukt på. Når eit ord skal definerast i ei ordbok, skjer det dels ut frå tidlegare, dels ut frå noverande bruksmåte. Det same må i stor grad gjelda for dei råda Språkrådet gjev om ordbruk.

Ord har ikkje berre ei tyding i trong meining («denotasjon»), men også andre semantiske valørar («konnotasjonar») knytte til seg. Ord som elles har den same denotasjonen, kan ha ei rekkje ulike valørar, positive eller negative osv., og dei blir nytta snart på den eine, snart på den andre måten. Gode ordbøker gjev opplysningar om dette, som ei rettleiing om bruken.

Språket endrar seg

Problemet er at valørane endrar seg over tid, og at orda kan ha ulik valør for ulike brukarar og i ulike samanhengar. Dette er det viktig å vera merksam på, og det er særleg viktig ved det vi kan kalla sensitive nemningar på grupper av menneske. Til dømes var det gamle norske ordet for same «finn», og dette ordet kan truleg enno vera nøytralt i sine samanhengar. Men det har ofte vore nytta nedsetjande og blir oppfatta som det av samar flest. Ordet «kjerring» kan verka svært nedsetjande, men er på same tid kvardagsordet for «kone» mange stader i landet. Om folk med fysiske handikap har ein opp gjennom åra nytta ei rekkje ulike nemningar: «krøpling», «vanfør», «ufør», «invalid», «funksjonshemma» og «rørslehemma». Dei fleste av desse, om ikkje alle, var i utgangspunktet nøytrale, men etter kvart fekk i alle fall nokre av dei ein svært nedsetjande klang.

Det norske samfunnet er i endring, og tydinga og valøren til mange ord endrar seg med det. Mellom anna har det kome større grupper av flyktningar og innvandrarar hit til landet frå andre himmelstrok, mange av dei med ein annan utsjånad enn fleirtalet. Det veks også opp stadig fleire innfødde nordmenn med til dømes ein annan hudfarge enn majoriteten. Norsk er ikkje lenger eit «kvitt» språk. Det er morsmålet åt folk med ulik hudfarge og med ulike etniske opphav.

Om «neger», «sigøynar» og «tater»

«Neger» var tidlegare normalordet på norsk for folk med svart eller mørkebrun hudfarge. Men i det siste har det gått fram av pressa at mange nordmenn med afrikansk bakgrunn ikkje liker å bli kalla «neger». Ordet er på veg ut av språket som eit nøytralt ord, sjølv om somme nok framleis brukar det slik. Språkrådet må rå folk til å tenkja seg om før dei nyttar slike sensitive ord. Det er dårleg folkeskikk å kalla folk med eit ord dei ikkje liker, same kva «vi andre» måtte meina om innhaldet i ordet.

Også ord som «sigøynar» og «tater» er gamle i språket, men dei skil seg frå «neger» ved at dei er nemningar på folkegrupper som har sitt eige språk og sin eigen kultur, og som i tillegg har status som nasjonale  minoritetar i Noreg. Her òg er det delte meiningar om orda, og fleire av dei store media har gått over til å nytta «rom» og «romfolk» om sigøynarane.  Det er likevel slik at ikkje alle som høyrer  til dei to nemnde nasjonale minoritetane, er kritiske til desse orda. Når Språkrådet har fått spørsmål om dette, har vi pla visa til det og til at regjeringa nyttar både «rom» og «sigøynarar» og «romanifolk» og «taterar» på dei nettsidene som handlar om nasjonale minoritetar.

Ein naudsynt balansegang

Språkbrukarane må ha fridom til å velja mellom ord med ulikt stilverde og ulik valør. Vi kan til dømes la omsynet til mottakaren styra språkbruken. I visse samanhengar vil vi unngå å bruka ord med spesielle valørar. Men når avsendar og mottakar ikkje har same oppfatning av valøren til eit ord, kan det oppstå problem. Når ein slik konflikt gjeld ord som refererer til ei bestemt gruppe av menneske, og særleg dersom det gjeld folk som er i ei utsett stilling i samfunnet, har vi kome over frå det reint språklege til eit politisk nivå (i vid meining).

Når Språkrådet skal uttala seg om bruk av ord som viser til minoritetsgrupper med eit anna etnisk opphav enn majoriteten eller til grupper av menneske med særskilde fysiske eller psykiske eigenskapar, er det ikkje nok å visa til den leksikalske tydinga eller dei konnotasjonane ordet har hos majoriteten. Ein må òg ta omsyn til kva dei som ordet refererer til, legg i det. På den andre sida er det grunn til å åtvara mot å gjera visse språklege uttrykksmåtar til tabuord, fordi dette kan gjera folk redde for å uttala seg i somme saker av di dei ikkje veit kva for ord dei har «lov» til å nytta.

Ordbruken kan påverkast, men det må gjerast på rett måte

Det har vore sagt at ein ikkje endrar på samfunnsforholda berre ved å endra på språket, og at det ikkje blir slutt på diskriminerande haldningar berre om vi sluttar å nytta visse ord. Dette er rett. Samtidig er det utan tvil slik at språket og røynda påverkar kvarandre, mellom anna ved at orda styrer fokuseringa vår. Orda og omgrepa våre influerer på korleis vi oppfattar verda, altså korleis verda «kjem til syne» for oss, og i neste omgang verkar denne oppfatninga av verda tilbake på omgrepa våre. Det er mogleg å påverka ordbruken i samfunnet, og det kan også vera ønskjeleg å prøva å gjera det. Men måten ein går fram på, er viktig. Ved å leggja hovudvekta på å orientera om realitetane i språkbruken («er-modus») legg ein truleg samtidig det beste grunnlaget for at folk kan ta stilling sjølv. Det er lettast å appellera til vanleg folkeskikk («bør-modus») om ein lèt vera å vifta med peikefingeren.

Det er ikkje ei oppgåve for Språkrådet å prøva å gjera språket «politisk korrekt» ved å setja ord på indeks. Dét er det snautt mogleg å få til, og det fører dessutan lett til meiningspress og hykleri og til at orda lever vidare med eit tvitydig, uoffisielt «forbods»-stempel. Ei betre løysing er å satsa på toleranse og folkeskikk. Dette gir også eit debattklima som vi er tente med i samfunnet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter