Grammatiske termar

Språkrådet og Utdanningsdirektoratet kom med ei tilråding om grammatiske termar til skulebruk i 2005. Termane byggjer på Norsk referansegrammatikk og er i stor grad innarbeidde i læreverk og nye ordlister.

Dei største endringane gjeld inndelinga av ordklassane. Pronomen og konjunksjonar er delte i to nye ordklassar: determinativ (bestemmarord) og subjunksjonar (underordningsord). Dei tidlegare ordklassane talord og artiklar er flytte til andre ordklassar. Grunntala har gått til determinativa (kvantorar eller mengdeord), rekkjetala til adjektiva og artiklane er flytte til determinativa. Dessutan blir infinitivsmerket å og det relative pronomenet som rekna som subjunksjonar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter