Dansk

Dansk er ikkje berre morsmål for rundt fem millionar danskar – det er også eit viktig andrespråk på Island, Færøyane og Grønland. Her må alle skuleelevar læra dansk som framandspråk. Særleg på Færøyane står dansk sterkt. Mange færøyiske ungdomar les heller bøker på dansk enn å lesa på sitt eige morsmål. Dansk er dessutan eit viktig minoritetsspråk i Nord-Tyskland. Rundt 50 000 personar har dansk som morsmål i den tyske regionen som blir kalla Sørslesvig.

Dansk uttale

Dansk er det nordiske språket som andre nordbuar har størst problem med å forstå – og hovudårsaka er den danske uttalen. Å lesa dansk er sjeldan noko problem. Å forstå talespråket er noko heilt anna. Ei forklaring er at det er stor skilnad mellom dansk tale og dansk skriftspråk. Endingar og trykksvake stavingar blir ofte borte i dansk uttale, og det gjer det vanskeleg å avgjera når eit ord begynner og når det endar. Lytt til dømes til orda adoptera og kake ved å gå inn i miniordboka og klikka på lydikonet for orda. Skilnaden mellom uttale og skriftspråk i dansk skapar ikkje problem berre for andre nordbuar. Undersøkingar har vist at danske treåringar lærer seg langt færre ord enn jamnaldringane i til dømes Noreg og Sverige. I tillegg har danske skulebarn ei vanskelegare oppgåve når dei skal læra seg å lesa og skriva på sitt eige språk.

Dansk har mange lånord

Engelske lånord strøymer inn i alle nordiske språk, men tendensen er at dei engelske orda også held på den engelske skrivemåten i dansk, inkludert grammatiske bøyingsendingar og stavemåtar. Computer, weekend, speaker og teenanger er døme på ord som kan brukast på dansk, men som blir bytte ut med meir nordisklydande variantar i norsk og svensk. Også når ein ser på historia, har danskane flittig lånt inn ord frå andre språk. Ord som bange, borger, angst og alene kan forklarast med ei tysk bølgje av innlån på 1600-talet.

Å rekna på dansk

Når ein danske begynner å rekna, får andre nordbuar vanskar med å hengja med. Men det er berre fem ord som er årsaka til det: halvtreds, tres, halvfjerds, firs og halvfems. Dei kan verka uforståelege, men det finst ei logisk forklaring. Det danske systemet byggjer på tjuetal, og tjue på dansk heiter snes i eintal og snese i fleirtal. Når danskane seier tres, er det ei samantrekking av tre snese, medan firs er ei sammantrekking av fire snese. Halvtreds betyr altså tre snese minus ei halv snese. Ser du logikken? Gjer du ikkje det, må du berre læra deg orda utanåt:

20: tyve
30: tredive
40: fyrre
50: halvtreds
60: tres
70: halvfjerds
80: firs
90: halvfems
100: hundrede

Korleis forstå dansk?

Eit av dei store problema med den danske uttalen er at det oftast berre er trykksterke ord som blir tydeleg markerte i talespråket. Trykklette stavingar blir vanskelege å oppfatta for han eller ho som talar svensk eller norsk.

Fleire vokalar blir uttalte ulikt i dansk og norsk. Ein lang a-lyd blir som ein norsk a og ein svensk ä. Den norske og svenske u-lyden finst ikkje i dansk, der u blir uttalt meir som ein o. I dansk er d etter l og n vanlegvis stum som i ild, land og under. Du kan sjølv finna fleire likskapar i miniordboka.

Om eit ord begynner på g eller k, skal det alltid uttalast med g- og k-lyd (til skilnad frå norsk og svensk). Samanlikn det danske ordet kæreste med det norske ordet kjæreste ved å gå inn i ordboka og klikka på lydikona for orda.

Konsonantane i kombinasjonar som sk-, skj- og stj- skal alltid uttalast kvar for seg på dansk, og ikkje som i norsk (og svensk) der ein dreg saman lydane til ein sje-lyd. Lytt til dømes på uttalen av det danske orde sjæl og det norske ordet sjel.

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle nordiske språk. Nedanfor ser du den danske versjonen. Ved å lesa den korte omtalen av dei andre nordiske språka, kan du jamføra likskapar og skilnadar mellom denne teksten på dansk og dei andre nordiske språka:


Svenskere, nordmænd og danskere forstår hinanden rimelig godt. De har større problemer med islandsk, selvom islandsk ligner det skandinaviske sprog som taltes for tusind år siden. Nærmest beslægtet med islandsk er færøsk, men sprogene er ikke så ens at en islænding forstår en færing uden problemer.

Finsk minder mest om estisk, men det har også ligheder med de samiske sprog. I både finsk og samisk kan for eksempel danne lange ord ved at tilføje bøjningsendelser til stammen af ordet. Men når det gælder lange ord er grønlandsk i en klasse for sig. Hvor andre sprog behøver en hel sætning rækker det til tider med et enkelt grønlandsk ord.


I den danske teksten er det mange b, d og g der den svenske og norske teksten har p, t og k. Ein plar seia at danskane helst vil ha mjuke vokalar, medan nordmennene og svenskane vil ha harde vokalar. Skilnadene er dei same, og dei er tydelege også i uttalen. Gælder blir stava med g heilt likt som i svensk, medan norsk brukar stavinga gj-. Men til skilnad frå både svensk og norsk skal det danske ordet uttalast med ein hard g-lyd (i staden for ein j-lyd). G- i starten på danske ord skal alltid uttalast hard.

Fleirtalsendinga i ordet problem er – akkurat som i norsk bokmål – problemer. I svensk og i nynorsk er det inga ending i fleirtal av dette ordet, og det er mange fleire substantiv som manglar ending i fleirtal i nynorsk enn i dansk.

På dansk heiter det for det meste hinanden (sjølv om hverandre også blir brukt iblant), på svensk og på nynorsk kvarandre. I eldre skandinavisk var det ein skilnad mellom "hinanden" og "kvarandre": Ein helste hinanden om ein omtala to personar, men brukte kvarandre om det gjaldt tre eller fleire. Kvarandre var ei fleirtalsform som vann fram i svensk og norsk, medan hinanden vann fram i dansk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter