Norsk for engelsk

Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må!

I dag kjem dei fleste «importord» (lånord og framandord) i norsk frå engelsk. Det engelske språket kan gjere norsk rikare gjennom innlån av ord, nye tydingar og ordutvikling.

Språkrådet tilrår ikkje bruk av engelsk der vi har norske ord frå før. Vi oppmuntrar til å bruke og vidareutvikle det norske ordforrådet og til å velje norsk skrivemåte på dei engelske orda som har fått fotfeste i norsk.

Når ord frå andre språk blir tekne i bruk i norsk, kan vi behandle dei på tre måtar:

  • Avløysarord. Vi kan finne eit norsk ord i staden for det utanlandske. Døme: idédugnad eller idémyldring for brainstorming. Her er ei liste over gode norske avløysarar.
  • Norvagisering. Vi kan tilpasse skrivemåten til norsk. Døme: tøff og streik for tough og strike.
  • Utanlandsk skrivemåte. Vi kan behalde skrivemåten. Døme: cowboy, som ikkje har fått norsk skrivemåte, og fender, der skrivemåten passar til både engelsk og norsk uttale.

Politikken til Språkrådet

Vi arbeider med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske framandord, som krøllalfa for teiknet @ i e-postadresser og nakkesleng for engelsk whiplash.

Vi arbeider for at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, får norsk skrivemåte (norvagisering).

Språkrådet har sett opp retningslinjer for normering av importord. Dei er ein del av generelle retningslinjer for normering og gjeld frå 1. mars 2015. 

Kvifor?

Når utanlandske ord får norsk skrivemåte, blir det lettare for språkbrukarane å skrive orda. Skriftbiletet blir meir i samsvar med uttalen og med norske rettskrivingsmønster. Når vi lagar norske avløysarord for anglo-amerikanske ord, tek vi i bruk vår eiga skaparevne i staden for blindt å ta imot det som kjem frå eit anna språk og ein annan kultur.

Historikk

Då Norsk språkråd tok opp skrivemåten av importord i 1990-åra, bad Kulturdepartementet om ei fagleg utgreiing om norsk skrivemåte av innlånte ord. Utgreiinga «Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord», kom i 1997, skriven av Helge Sandøy. Ei utvida utgåve av utgreiinga kom i bokform:

Sandøy, Helge: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. LNU / Cappelen Akademisk 2000. 

 

Sist oppdatert: 13. april 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2008 | Oppdatert:12.10.2023