Finsk

Finsk blir i hovudsak snakka i Finland, og det er morsmål for om lag 4,9 millionar finnar (om lag 90 %). Finland har to offisielle språk: finsk og svensk. Svensk er morsmål for om lag 300 000 finnar (5,3 %). Utanfor Finland er finsk eit av dei offisielle minoritetsspråka i Sverige. Det er rundt 700 000 menneske i Sverige som har finske røter, og halvdelen av dei snakkar finsk. Det finst også finske minoritetar i Noreg (kvenar), Russland og Estland. I Sør-Noreg kom det på 1500-1600-talet finske innvandrarar som slo seg ned på Finnskogen, men det finske språket er no utdøydd der.

Finsk høyrer til den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien, og språket er i nær slekt med estisk og karelsk (russisk i Karelen). Finsk er ikkje i slekt med dei andre nordiske språka. Finsk skriftspråk oppsto på 1500-talet og var i starten hovudsakleg basert på vestfinske dialektar. Etter år 1800 kom fleire austfinske dialekttrekk inn i skriftspråket. I dag finst det ei overdialektal skrift- og talespråksnorm som er allment akseptert, og uttalen svarar til skriftspråket.  

Språklege særtrekk

Det finske lydsystemet har 8 vokalar: a, e, i, o, u, y, ä, ö og 13 konsonantar: p, t, k, d, g, s, h, v, j, l, r, m og n. Konsonantane p, t og k blir uttalte utan pustelyd som i fransk, noko som skil dei frå uttalen av desse konsonantane i dei skandinaviske språka. Både konsonantar og vokalar kan vere lange og korte alle plassar i ordet bortsett frå at ein ikkje kan ha lange konsonantar i starten eller slutten av eit ord. Både lange og korte vokalar blir markerte med dobbeltskriving. Eksempel: tuli (eld), tulli (toll), tuuli (vind), tulla (å kome), tuulla (å blåse), Tuula (eit kvinnenamn), kansa (folk), kanssa (saman med). Trykket ligg alltid på den første stavinga i orda.

Finske substantiv skil mellom eintal (talo = eit hus / huset) og fleirtal (talot = hus/husa) og blir bøygde i 15 kasus. Eigetilhøve blir vist med endingar: autoni = min bil, autosi = din bil, automme = vår bil osb. Verba i finsk blir bøygde i eintal, fleirtal, første, andre og tredje person og i notid og fortid. Det finst ikkje noka verbform for framtid. Ordstillinga i finsk er ganske fri, og blir ofte brukt til å uttrykkje nyansar - som vi gjer i norsk. Spørsmål blir laga med spørjepartikkelen –ko eller –kö (valet er bestemt av vokalharmonien): Onko Heikki koulussa? Er Heikki på skulen?, Heikkikö on koulussa? Er det Heikki som er på skulen? Koulussako Heikki on? Er det på skulen Heikki er?

Ordtilfang

Som dei fleste livskraftige språk låner finsk ord frå andre språk og tilpassar dei til eige språk. Mange av dei eldste lånorda er frå germanske og baltiske språk, medan dei nyare låna kjem frå svensk. Særleg talespråket har mange svenske lånord, t.d. sänky (seng) i staden for det finske vuode. Den lange felles historia med Sverige gjer at talet på lånord frå svensk er stort (om lag 4 000), men talet på finske lånord i svensk er lite. Nokre døme er poika = en pojke (gut) og kenkä = en känga (støvel). 

Lange samansette ord er vanlege, og kan vere forvirrande om ein tolkar ordet feil:

Aamupalaverihuone:

a) Aamu-Palaveri-huone = morgon-møte-rom
b) Aamupala-veri-huone = frukost-blod-rom

Det hender at eit langt ord på finsk blir til ei heil setning om vi omset det til norsk:

Juoksentelisinkohan? = Eg lurer på om eg eventuelt kan springe litt omkring?

Finsk har også heile ord utan uttalte konsonantar: Hääyöaie = ein bryllaupsnattsplan

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter