Fakta om kurset

  • Kurset er utvikla av Språkrådet i samarbeid med Difi. Målgruppa er tilsette i det offentlege, men kurset er ope for alle.
  • Kurset inneheld grunnleggande lærdom som skal gjere det lettare for skribentar å unngå dei vanlegaste feila når dei skriv nynorsk i jobben.
  • Kurset består av sju delar pluss ein kviss.
  • Det tar 45­–60 minutt å gjennomføre heile kurset.
  • Det er lyd i kurset. Deltakarar som ikkje har tilgang til lyd, kan skru på tekst for tale.
  • Du kan navigere fritt mellom delane i kurset og bruke det som eit oppslagsverk.  Du må gjennomføre heile kurset for å få diplom til skryteveggen.
  • Kurset inneheld dialogar mellom gjennomgangspersonane Else og Lars, råd og reglar, tekstdøme, øvingar og oppsummeringar.
  • Ein kan ta kurset enten aleine eller som ei gruppe. Det kan vere ein god idé om heile eller delar av ein organisasjon tar kurset samtidig. Kurset kan til dømes inngå i eit større opplæringsprogram.
  • Det er stor valfridom i målformene våre, og kurset inneheld ikkje alle tillatne former.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.04.2018 | Oppdatert:19.01.2021