Lærebokspråk

Godt språk i lærebøker

Norsk språkråd utarbeidde i 1999 ei større handbok i lærebokspråk med tanke på forlagskonsulentar, lærebokkonsulentar, lærebokforfattarar og andre. Arbeidet fekk økonomisk støtte frå Den norske Forleggerforening, Nasjonalt læremiddelsenter og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Boka, som har mykje nyttig stoff også for andre språkbrukarar, er på 240 sider og kan hentast gratis i pdf-format her:

Vi gjer merksam på at godkjenningsordninga for lærebøker, som er omtalt i kapittel 1, fall bort sommaren 2000. Men kravet om parallellutgåver på bokmål og nynorsk gjeld.

Vi gjer vidare merksam på at det frå 1. juli 2005 kom rettskrivingsendringar, hovudsakleg for bokmål, men nokre av endringane gjeld òg nynorsk. Frå 1. august 2012 gjeld ei ny rettskriving for nynorsk Her kan du lesa meir om kva rettskrivinga for nynorsk går ut på.

Sjå også: Nynorsk – hjelp til sjølvhjelp

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter