Samandrag

Dersom vi skal kunna halda oppe og vidareutvikla eit levande demokrati i Noreg, er det avgjerande at vi har eit felles nasjonalspråk som blir brukt på ein god, klår og situasjonstilpassa måte. Eit velfungerande nasjonalspråk er òg viktig for tryggleiken, effektiviteten og ressursutnyttinga på alle område i samfunnet.

Både omsynet til kulturarven og det faktumet at det store fleirtalet har norsk som morsmål, tilseier at nasjonalspråket bør vera norsk også i framtida. Det overordna målet for norsk språkpolitikk må vera å sikra norsk (nynorsk og bokmål) som det samfunnsberande nasjonalspråket i Noreg.

Men norsk vil ikkje kunna gjera krav på den same einerådande posisjonen som det har hatt dei siste hundre åra. I framtida vil Noreg i endå større grad enn i dag vera eit multietnisk og mangespråkleg samfunn. I dette samfunnet må norsk fungera som den overordna og samlande norma. Det må samtidig fungera som kommunikasjonsspråk mellom folk med ulike morsmål her i landet, slik engelsk gjer det internasjonalt. Norsk skal med andre ord vera det offisielle norske språket, men utan at det trugar og fortrengjer minoritetsspråka og eventuelle framandspråk frå dei domena der dei har sin rettmessige plass og funksjon.

Det må også vera eit overordna mål å sikra både bokmål og nynorsk som fullverdige bruksspråk i samfunnet. Det inneber å leggja forholda spesielt til rette for nynorsk som mindretalsspråk. Spissformulert kan ein seia at så lenge nynorsk og bokmål ikkje er fullt likestilte, kan ikkje norsk, forstått som to likestilte målformer, seiast å vera fullt ut samfunnsberande.

Eksistensen til norsk som språk er ikkje truga i dag. Når vi tek omsyn til korleis heile det norske samfunnet i dag er tufta på norsk språk, ser vi det som svært usannsynleg at norsk forsvinn i overskodeleg framtid. Viktige samfunnsområde kan likevel gå tapt til engelsk. På desse områda må det difor setjast i verk tiltak.

I dag manglar vi ein generell språkpolitikk i Noreg. Dette statlege fråværet blir langt på veg reflektert i dei ulike partiprogramma. Knapt noko politisk parti har til no utvikla ein allmenn og prinsipiell språkpolitikk. Berre nokre få parti har i programform nærma seg spørsmåla kring forholdet mellom norsk og engelsk. Heller ikkje dei mange språkpolitiske områda der det kunne vera aktuelt å bruka offentlege tiltak for å løysa oppgåver eller endra forholda, har vore i det partipolitiske søkjelyset. Har partia gått inn i situasjonen for norsk språk, har dei helst konsentrert seg om dei vanlege spørsmåla kring nynorsk, med få opningar for tiltak som kunne halda oppe eller utvida bruken av norsk språk.

Språk – ein demokratisk rett

For å sikra at norsk held fram som nasjonalspråk, må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida. Den må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Desse rettane er i utgangspunktet individuelle. Dei kan likevel knytast til rettar samfunnet som heilskap har i høve til kvar enkelt borgar. Det overordna målet for politikken må ikkje berre vera å sikra at nynorsk og bokmål skal kunna brukast og også bli brukt på alle område i samfunnet. Norsk må også bli det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruke framandspråk. Eit avgjerande vilkår for at ein slik politikk skal lykkast, er at det finst oppdatert norsk terminologi tilgjengeleg på alle fagområde. Slik terminologi gjer fagleg kommunikasjon på norsk mogleg. Det må også etablerast ei allmenn forståing for at bruk av norsk gjev betre og meir presis læring og kommunikasjon, dersom vi held alt anna konstant.

Skulen – eit ankerfeste for norsk språk

Skulen spelar ei sentral rolle når det gjeld å sikra norsk som eit samfunnsberande nasjonalspråk i framtida og å utvikla forståing for den verdien morsmålet har for kulturelt fellesskap, identitetskjensle, læring og intellektuell utvikling. Eit målmedvite arbeid og klåre handlingsplanar er nødvendig for å styrkja norskopplæringa. Språkutvikling og språkstimulering må starta i barnehage og førskule. Difor er det viktig at slike tema har ein sentral plass i lærarutdanninga for desse sektorane.

Skulen er den viktigaste læringsarenaen for barn og unge. Dei nye læreplanane understrekar at det å kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg og å kunna lesa er basiskompetanse i alle fag. Dette inneber at alle lærarar må ha innsyn i og kunnskap om samanhengen mellom språk, læring og fag. Særleg i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen må arbeidet for at norsk skal vera eit samfunnsberande, funksjonelt språk, styrkjast. Det gjeld både generelt og i tilknyting til einskildfag. Tiltak for å betra opplæringa i lesing og skriving er viktig. Det er særleg viktig at nynorsken si stilling i skule og lærarutdanning blir styrkt. Dessutan må dei pedagogiske og dermed også dei språklege sidene ved informasjonsteknologien ivaretakast og utnyttast.

Elevar med minoritetsbakgrunn treng ofte særleg opplæring og oppfølging i norsk. Det er viktig at ein her tek omsyn til den forskinga som finst på dette området, for å betra læringstilhøva og sikra dei demokratiske rettane for denne gruppa.

Høgre utdanning og forsking – elfenbeinstårn eller fyrtårn?

Universitets- og høgskulesektoren er eit av dei områda der det ikkje er sjølvsagt at norsk vil vera i bruk i framtida ved sida av engelsk. Såkalla primærpublisering av forsking skjer i aukande grad på engelsk. Formidling av forsking til allmenta skjer likevel framleis på norsk. Her er det neppe stor fare for at engelsk tek over i overskodeleg framtid. Undervisninga skil seg ut som det feltet der noko kan og må gjerast. Det er gode pedagogiske grunnar til at den grunnleggjande undervisninga bør vera på norsk, og at engelsken bør komma i neste omgang. Ein annan grunn til at studentane må tileigna seg det norske fagspråket, er denne: God yrkesutøving etter at studia er avslutta, krev at dei kan formidla kunnskapane sine på norsk. Det gjeld til dømes lærarar, legar og ingeniørar. Skal vi lykkast i å sikra fortsett bruk av norsk innanfor sektoren, må samfunnet og institusjonane sjølv ta ansvar. Begynnarundervisning på norsk må lovfestast, og institusjonane må få pålegg om å utarbeida språkstrategiar som sikrar norsken si stilling.

Kultur og media

Det må vera eit overordna mål for norsk språkpolitikk å sikra bruk av nynorsk og bokmål i alle medium og på alle område innanfor kultursektoren også i framtida. I dag har norsk ei dominerande stilling når vi ser heile feltet under eitt. Blir denne stillinga alvorleg svekt, er faren openberr for at norsk vil kunna gå under som nasjonalspråk.

Konsumet av både skjønn- og faglitteratur er i dag parallellspråkleg. Folk les bøker og tidsskrift både på norsk og engelsk. Det er viktig at dagens støtteordningar blir haldne oppe. Slik kan norskspråklege utgjevingar også i framtida hevda seg overfor engelske. I etermedia er innslaget av engelsk etter kvart vorte svært sterkt. Både fjernsynstilbodet og tilbodet av film på kino og DVD er likevel i stor grad parallellspråkleg: Norskspråklege produksjonar hevdar seg mot dei engelskspråklege. Det same gjeld populærmusikken. Sjølv om engelsk dominerer, ser det norskspråklege tilbodet ut til å halda stand.

Dei offentlege støtteordningane innanfor dette området er svært viktige, også språkpolitisk. I utgangspunktet ser vi på ordningane som allereie eksisterer på denne sektoren, som godt utbygde. I dette dokumentet legg vi difor ikkje fram konkrete forslag om å styrkja dei, fordi vi ser økonomiske tiltak på andre sektorar som språkpolitisk viktigare akkurat no.

Staten tilfører kvart år sektoren store beløp. Det skjer gennom momsfritak, pressestøtte og ei rekkje andre støttetiltak. Der det er nødvendig, må staten kunna stilla språklege krav som motyting for å sikra norsk i forhold til engelsk, og ikkje minst for å sikra eit tilstrekkeleg innslag av nynorsk i alle medium.

Næringsliv og arbeidsliv

Næringslivet er det området som er mest utsett for press frå engelsk, ved sida av høgre utdanning og forsking. Dei delane av næringslivet som arbeider internasjonalt, må i større eller mindre grad bruka engelsk eller eit anna framandspråk i den daglege verksemda. Når vi ser bort frå såkalla symbolsk bruk av engelsk i marknadsføring, er det lite som tyder på at engelsk i særleg grad blir brukt i situasjonar der norsk like gjerne kunne ha vorte nytta. Næringslivet er likevel utsett. Det må prioriterast språkpolitisk i åra framover.

Vi stiller spørsmål om bruk av engelsk i staden for arbeidstakarane sitt morsmål kan ha negative følgjer for produktivitet og trivsel. Sjølv om kunnskapsgrunnlaget enno ikkje er godt nok, tyder granskingar på at også vaksne lærer og tenkjer betre på morsmålet. Dette tilseier at ein bør freista å skapa ein best mogleg balanse mellom engelsk og norsk (eller andre morsmål). Det er betre enn medvitslaust å la engelsk ta over også i situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka et framandspråk.

Næringslivet arbeider sjølv med spørsmål knytte til etikk og ansvar knytt til miljøspørsmål. Ein viktig del av språkpolitikken i framtida må vera å utvikla ei haldning i næringslivet om at det også har eit samfunnsansvar for å bidra til at norsk held fram med å vera det samfunnsberande nasjonalspråket.

Lovgjeving er ikkje formålstenleg for å skapa slike haldningar. Lov bør likevel brukast for å sikra at ei rekkje dokumenttypar finst på norsk, til dømes produktinformasjon, dokument knytte til helse, miljø og tryggleik og dokument knytte til medråderetten i arbeidslivet.

Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologien pregar i større og større grad kvardagen vår. Dei fleste av oss bruker ei rekkje dataprogram både på arbeid og i heimen.

Dataprogram blir til vanleg først utvikla i engelsk versjon. Difor er det ofte engelsk vi møter når vi tek programmet i bruk. Det må vera eit viktig mål at program som blir brukte av mange, kjem ut både på bokmål og nynorsk. Staten kan i stor grad tvinga igjennom at leverandørane sørgjer for det, ved å bruke marknadsmakta si.

Utviklinga av språkteknologiske produkt lir i dag under mangel på ein norsk språkbank, det vil seia ei samling av språkressursar som er stor nok til at det kan utviklast slike produkt for norsk. Planane om ein slik bank vart skrinlagde i 2003. Sidan det ikkje finst ein norsk språkbank, risikerer vi å få dårlegare språkteknologiske produkt for norsk enn for andre språk. Slik kan det lett festa seg eit inntrykk av at norsk ikkje er eigna for denne typen produkt, og at vi difor må greia oss med engelsk. Språkbanken må av den grunn realiserast så snart som mogleg, for at språkteknologien ikkje skal bli eit område norsk aldri vann.

Elles bør tiltaksforslaga i den handlingsplanen for norsk språk og IKT som vart utarbeidd i 2001, leggjast til grunn for språkpolitikken på dette området.

Forvaltninga – ein bastion i fare?

Det offentlege har eit hovudansvar for å styrkja norsk språk i konkurranse med engelsk. Staten har vore ein garantist for nynorsk som mindretalsmål i høve til bokmål. Det må bli på same måten overfor engelsk. Somme offentlege saksfelt er utsette for særleg press frå engelsk. Det gjeld internasjonal økonomi, IT-næringane og ulike andre teknologifag, petroleumsforvaltninga og leiing og administrasjon. I dette kapitlet tek vi opp korleis språkpraksisen i det offentlege bør vera, både i høvet mellom engelsk og norsk, nynorsk og bokmål og norsk og minoritetsspråka. Reglane for språkpraksisen må òg omfatta kravet til enkelt og forståeleg språk i politikk og forvaltning.

Staten må sjå til at måla for språkbruk i Noreg blir oppfylte på alle forvaltningsnivå og i alle typar medium, også på Internettet. Det offentlege må vera eit føredøme for andre når det gjeld systematisk arbeid med å gjennomføra språkpolitikken.

Presist fagspråk – eit avgjerande vilkår

Skal norsk bli brukt på alle område i samfunnet også i framtida, er vi avhengige av at det finst norsk terminologi og eit levande norsk fagspråk som kan fungera ved sida av det engelske på alle fagområde. Her er det nødvendig med ei vesentleg styrking av innsatsen frå samfunnet si side. Full jamstelling mellom nynorsk og bokmål må også på dette området vera det grunnleggjande prinsippet.

Avgjerande for politikken på området er også at ein klarer å motivera dei aktuelle brukarmiljøa. Dei må sjå at parallellspråklegheit mellom norsk og framandspråk er viktig. Skal ein få til det, må brukarmiljøa trekkjast aktivt inn i arbeidet. Språkrådet må spela ei sentral rolle her. Rådet må samordna samarbeidet mellom andre offentlege organ, forskingsmiljøa og brukargruppene.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei samla framlegga frå gruppa vil gje noko auka utgifter for det offentlege Noreg. Hovuddelen av dette er knytt til tiltak på terminologiområdet og til arbeidet med ein norsk språkbank. Dette er heilt nødvendige satsingar dersom vi skal nå målet vårt, og gruppa ser det slik at kostnadene klårt blir vegne opp av fordelane ved å kunna halda oppe norsk språk (nynorsk og bokmål) som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg sett i eit hundreårsperspektiv.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane for andre grupper, til dømes næringslivet, blir ikkje særleg store.

Gruppa har ikkje prøvd å rekna på samfunnsnytten av å halda oppe det norske språket. Vi er i tvil om det i det heile let seg gjera. Men vi har argumentert for at det å halda oppe norsk er avgjerande for å nå målet om eit framtidig kunnskapssamfunn. Forslaga våre vil også ha positive følgjer på område utanfor språkpolitikken. Til dømes vil forslaget om at all HMS-dokumentasjon (helse, miljø, sikkerheit) skal finnast på norsk, ha positiv effekt for HMS-arbeidet. Det gjeld både i verksemdene og for kvar arbeidstakar. Omsetjing av internasjonalt regelverk, standardar og anna til norsk vil gje folk betre og lettare tilgang til regelverket.

Tolv avgjerande tiltak

  1. Språkpolitikk må ikkje avgrensast til kulturpolitikk. Heile forvaltninga og samfunnet elles må trekkjast inn i språkpolitikken.
  2. Det må utformast ein samla språkpolitikk, behandla i Stortinget, som omfattar forholdet mellom norsk og engelsk, forholdet mellom nynorsk og bokmål, normering, minoritetsspråk og arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga.
  3. Overordna språkpolitiske mål må leggjast til grunn i all politikkutforming.
  4. Språkpolitikken må baserast på tre rettar: rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til framandspråk.
  5. Formålet og verkeområdet til Språkrådet må slåast fast i lov. Ei av oppgåvene til Språkrådet må bli å føra tilsyn med at dei tre rettane blir respekterte, både i anna lovgjeving og i praktisk politikk.
  6. Alle elevar må utan omsyn til morsmål få systematisk trening og rettleiing i å uttrykkja seg på norsk i alle fag, munnleg og skriftleg.
  7. Medvitet til lærarane og elevane om norsk som kulturfag og som eit identitetsskapande og haldningsdannande fag må styrkjast. Det same gjeld bruk av norsk som ledd i å styrkja norsk fagspråk og fagkultur.
  8. Det må takast inn i lov om universiteter og høyskoler at universitetssektoren har eit viktig ansvar for at norsk fagspråk blir utvikla og brukt innanfor alle fagmiljø, i tillegg til engelsk og eventuelt andre språk. Lova må krevja at institusjonane utarbeider språkstrategiar som mellom anna spesifiserer korleis ein skal nå målet.
  9. Næringslivet må trekkjast med i arbeidet til Språkrådet, for å sikra at norsk også på dette området blir brukt i alle situasjonar der bruk av eit framandspråk ikkje er nødvendig av kommunikasjonsomsyn.
  10. Handlingsplanen for norsk språk og IKT frå 2001 må følgjast opp.
  11. Staten må bruka marknadsmakta si aktivt der det er mogleg, for å sikra at kommersiell programvare og andre språkbaserte produkt som blir brukte i det offentlege, blir gjevne ut i både bokmåls- og nynorskversjonar.
  12. Språkrådet må gjerast til eit overordna, nasjonalt samordningsorgan med sterk kompetanse i fagspråk og terminologi og brei kontaktflate mot samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Det må utviklast forpliktande samarbeidsformer for fagspråkleg kvalitetssikring mellom ulike fagdepartement, direktorat og andre offentlege instansar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter