Utanlandske stadnamn

Her finn du eit oversyn over skrivemåten for eit utval geografiske namn.


Om lista

Når eit namn har ulik form på nynorsk og bokmål, står nynorskforma før skråstreken.

Parentes om ein eller fleire bokstavar markerer valfridom. Oppføringa Luxemb(o)urg vil seie at ein kan skrive anten Luxemburg eller Luxembourg.

Oppslagsord i parentes er utanfor gjeldande rettskriving. Det blir vist til fastsett skrivemåte, til dømes: (Abessinia) sjå Etiopia.

Namn i Finland

Namn i Finland som har offisiell svensk form ved sida av den finske, er oppførte med den svenske forma som oppslagsord og med opplysning om den finske forma i parentes, t.d. slik:

Helsingfors (finsk Helsinki) hovudstaden i Finland
(Helsinki) sjå Helsingfors.
Nyslott (finsk Savonlinna) by i Finland
(Savonlinna) sjå Nyslott.

Greske, kinesiske og russiske namn

Greske namn er med somme unntak gjevne etter det transkripsjonssystemet som Språkrådet tilrår for namn i nygresk. Det gjev ein del endringar i forhold til stadnamn frå oldtida, t.d. Iráklio og Viotía no mot Herakleion og Boiotia som oldtidsnamn. Sjå årsmeldinga for Norsk språkråd for 2001. 

Kinesiske namn er gjevne etter pinyinsystemet.

Russiske namn (med nokre unntak) og somme namn frå dei tidlegare sovjetrepublikkane følgjer dei samnordiske transkripsjonsreglane frå 1970 med dei justeringane som vart fastsette i 1996. Sjå årsmeldinga for Norsk språkråd for 1995.

Nye namn og namneformer

Når det kjem nye namn og namneformer i samband med politiske vedtak og omveltingar i eit land, rår Språkrådet til at:

  • ein held seg til dei tradisjonelle kjende norske namneformene (der slike finst) inntil det eventuelt blir fastsett nye former
  • der det ikkje finst fastsette/kjende norske namneformer frå før, bruker ein dei aktuelle namna med skrivemåtar som er i samsvar med etablerte retningslinjer. Der det ikkje finst retningslinjer, held ein seg til det vedkommande stat sjølv vil ha, eventuelt til ein dominerande praksis i aktuelt nyhendestoff
  • der det kjem overgang til det latinske alfabetet frå eit anna skriftsystem, retter ein seg etter punkta ovanfor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter