Nynorskprøva

Her finn du svar på ein del viktige spørsmål om kompetanseprøva i nynorsk.

Spørsmål: Kva er formålet med kompetanseprøvene?

Svar: Språkrådet skal bidra til at statstilsette skriv god norsk, og at statsorgana bruker bokmål og nynorsk i samsvar med mållova. For å nå desse måla treng vi å samarbeide med eksterne språkkonsulentar. Difor ønskjer vi å kvalitetssikre språkkonsulentar som vi kan vise statsorgana til når dei bed om språkfaglege tenester som Språkrådet ikkje har kapasitet til å yte. Slike tenester kan til dømes vere språkvask av tekstar på bokmål og nynorsk og omsetjing frå bokmål til nynorsk.

Spørsmål: Må eg ha nokon spesiell bakgrunn eller ei særskild utdanning for å ta prøva?

Svar: For å kunne ta prøva må du ha gjennomført minst eitt års (dvs. 60 studiepoeng, det same som 20 vekttal) høgare språkfagleg utdanning. Uavhengig av utdanningskravet kan statsautoriserte translatørar ta prøva. Du må ha svært gode kunnskapar i norsk og svært gode evner som språkvaskar og korrekturlesar og som omsetjar frå bokmål til nynorsk. Lista ligg høgt: Dei som greier prøva, skal vere språkkonsulentar som Språkrådet kan gå god for og tilrå.

Ved å stille eit utdanningskrav ønskjer vi å unngå at openbert ukvalifiserte kandidatar melder seg på prøvene. Vi trur at personar med formell språkfagleg kompetanse jamt over har eit høgare kunnskaps- og dugleiksnivå enn personar utan.

Spørsmål: Kva blir rekna som høgare språkfagleg utdanning?

Svar: Som eitt års høgare språkfagleg utdanning reknar vi t.d. årseiningar (medrekna dei gamle grunnfaga) i norsk/nordisk og framandspråk som er oppbygde av språk-, litteratur- og kulturemne. Årseiningar som ikkje inneheld reine språkmodular, som t.d. allmenn litteraturvitskap, historie og religionshistorie, oppfyller ikkje kravet. Vi godtek òg t.d. lærarutdanning som inneheld til saman 60 studiepoeng (20 vekttal) norsk, engelsk og eventuelle andre framandspråk. Statsautoriserte translatørar er uansett kvalifiserte til å ta prøvene.

Dersom du er i tvil om du oppfyller kravet, skriv til stat@sprakradet.no eller ring Aksel Mehlum på tlf. 22 54 19 68.

Spørsmål: Kan eg melde meg på begge prøvene, både i nynorsk og i bokmål?

Svar: Ja, du kan melde deg på begge prøvene. Prøvene blir arrangerte same dagen, i Oslo. Det er ein times pause mellom prøvene.

Spørsmål: Kva form har kompetanseprøva? Kan eg bruke ordbøker og hjelpemiddel?

Svar: Prøva er skriftleg. Ingen hjelpemiddel er tillatne, og du kan ikkje bruke pc.

Spørsmål: Kva slags oppgåver inneheld prøva?

Svar: Oppgåvene er praktisk retta. Likevel føreset dei at du har kjennskap til vanleg grammatisk terminologi. Du kan få oppgåver som gjeld rettskriving, teiknsetjing og grammatikk, og du vil bli beden både om å korrekturlese og språkvaske enkelteksempel og lengre tekststykke. Du kan òg få oppgåver som går ut på å setje ein tekst om frå bokmål til nynorsk. Språkvask omfattar alt frå retting av ortografiske feil og teiknsetjingsfeil til fullstendig omformulering av tunge og kompliserte tekstar, sjølvsagt utan endring av innhaldet.

Spørsmål: Korleis kan eg førebu meg til prøva?

Svar: Du bør ha lese Finn-Erik Vinjes Skrivereglar og ha svært god oversikt over norske rettskrivings- og teiknsetjingsreglar. Dessutan bør du vite korleis alle nokolunde vanlege norske ord blir skrivne og bøygde. Det er viktig at du har god ordforståing og er i stand til å vurdere setningsbygnaden i tekstar.

Finn-Erik Vinjes Moderne norsk og Språkrådets Godt språk i lærebøker (merk: følgjer ikkje gjeldande rettskriving) er nyttige kjelder. Når det gjeld ordtilfanget i administrativ og juridisk nynorsk kan du ha nytte av Magne Rommetveits Med andre ord, Karl Arne Utgårds Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål–nynorsk og Språkrådets Kort administrativ ordliste. Bokmål–nynorsk.

Utgangspunktet for prøva er gjeldande nynorskrettskriving frå 2012. Her finn du ei oversikt over godkjende skuleordlister med den gjeldande rettskrivinga. Nynorskordboka på nettet har oppdatert rettskriving i oppslagsord og bøyingar, men ikkje i innhaldet elles. Det har enno ikkje kome noka papirutgåve med gjeldande rettskriving. Innanfor rettskrivinga må ein vere konsekvent i formval, jf. denne rettleiinga. Innstillinga frå rettskrivingsnemnda finn du her. Språkrådets brosjyre Ny nynorskrettskriving frå 2012 finn du her.

Elles er praktisk røynsle med språkvask, omsetjing og anna språkarbeid ein stor fordel.

Spørsmål: Korleis blir oppgåvene vurderte?

Svar: Prøva er todelt. For å stå på heile prøva må du stå på begge delprøvene. Del 1 er ei prøve i teiknsetjing, ortografi, formelle skrivereglar og rein korrekturlesing. Oppgåvene i del 2 kan gå ut på praktisk språkvask, korrekturlesing og omsetjing frå bokmål til nynorsk. Dersom ein kandidat får «ikkje greidd» på del 1, kjem vi ikkje til å vurdere del 2. Vi vurderer oppgåvene etter eit poengsystem så langt det går, men i språkvaskoppgåvene vil vi sjølvsagt òg bruke skjøn. Språkvask- og omsetjingsoppgåvene veg tyngst, og ingen greier prøva om ikkje svara på desse er gode nok. Vi gjev ingen karakter, berre «greidd» eller «ikkje greidd».

Spørsmål: Får eg ein attest dersom eg har greidd prøva?

Svar: Du vil få ein attest dersom du har greidd kompetanseprøva. Med denne attesten går Språkrådet god for deg som ein høgt kvalifisert språkkonsulent som vi kan tilrå statsorgana å bruke. Personar som ikkje greier prøva, blir sjølvsagt ikkje «svartelista».

Spørsmål: Får eg noka grunngjeving dersom eg ikkje greier prøva?

Svar: Dei som ikkje greier prøva, vil få vite kva poengsum dei fekk og kva som var den høgaste moglege poengsummen, men dei får ikkje noka anna grunngjeving enn det.

Spørsmål: Kan eg klage dersom eg ikkje greier prøva?

Svar: Nei, vurderinga er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Vurderinga «greidd» eller «ikkje greidd» kan ikkje gjerast om, og du kan ikkje klage.

Spørsmål: Kan eg ta prøva om att dersom eg ikkje greier henne?

Svar: Du kan ta prøva på nytt neste gong vi eventuelt held kompetanseprøver, men du er ikkje automatisk sikra plass i neste runde.

Spørsmål: Korleis blir resultata kunngjorde?

Svar: Kandidatane som har teke prøva, får skriftleg melding om resultatet. Vi legg ikkje ut informasjon om prøveresultata på nettsidene til Språkrådet.

Spørsmål: Kor mange oppdrag kan ein språkkonsulent som har greidd kompetanseprøva, rekne med å få?

Svar: Om du greier kompetanseprøva og får attest frå Språkrådet, er det ikkje nokon garanti for at du får oppdrag frå det offentlege. Det er statlege institusjonar som tingar språkkonsulentoppdraga. Språkrådet formidlar ikkje oppdrag. Statsorgan som bed om det, vil få ei liste over språkkonsulentar som har greidd prøvene.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter