Språklege rettar knytte til norsk teiknspråk

Opplæringslova gir rett til undervisning i og på teiknspråk. Retten gjeld både grunnskule og vidaregåande skule, med eigne læreplanar.

Sidan 1997 har teiknspråklege barn og unge i Noreg hatt rett til opplæring i og på teiknspråk. I dag er dette regulert gjennom dei to språkparagrafane  2-6  og 3-9 i opplæringslova, som blant anna seier at

  • «[b]arn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring»
  • «[e]levar som har teiknspråk som førstespråk eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk»
  • «[u]ngdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-9 og som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø (…)».

Med denne retten følgjer eigne læreplanar for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Desse planane gjeld

I Kunnskapsløftet er det definert fem grunnleggjande dugleikar: digital dugleik, munnleg dugleik, å kunne lese, å kunne skrive og å kunne rekne. Desse dugleikane er integrerte i læreplanane for fag. For å sikre at dugleikane er tydelege og har ein god progresjon i læreplanane, er det utvikla eit rammeverk for grunnleggjande dugleikar. Dette rammeverket utgjer ei felles referanseramme for grunnleggjande dugleikar i faga.

For teiknspråklege elevar er det utvikla eit tillegg til dette rammeverket. Det omfattar dugleikane munnleg dugleik, avlesing og produksjon av teiknspråktekstar. Tillegget viser kva grunnleggjande dugleik i teiknspråk er, og korleis det utviklar seg. Grunnleggjande dugleikar i teiknspråk er integrerte i læreplanane for teiknspråklege elevar på premissane til faga.

For at retten til teiknspråkleg opplæring skal gjelde, må eleven anten ha det som førstespråk, eller det må ei sakkunnig vurdering til. Denne vurderinga har skuleeigaren (vanlegvis kommunen eller fylkeskommunen) ansvaret for. Elevar som får opplæring etter § 2-6, kan etter søknad få fritak for kravet om opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping (forskrift til opplæringslova § 1-9),  det same gjeld òg elevar som får opplæring etter § 3-9 (forskrifta § 1-10). Kravet om opplæring i skriftleg sidemål gjeld ikkje for elevar med opplæring etter § 2-6 og § 3-9 (forskrifta § 1-11). Vidare er det slik at elevar med § 2-6 kan få standpunktkarakterar i norsk teiknspråk førte opp på vitnemålet i tillegg til eller i staden for norsk (forskrifta § 4-33).

Forskrifta skriv òg (i fleire av paragrafane i kap. 6) om særskilde rettar for teiknspråkbrukarar ved inntak til vidaregåande opplæring. I same kapittelet står det også meir om den sakkunnige vurderinga etter § 3-9, til dømes at den ikkje skal omfatte sjølve språkvalet til eleven, der det er «eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet» som er avgjerande (forskrifta § 6-18). Det er viktig at skuleeigaren nyttar kompetanse som gjer at ein oppfyller retten til barnet eller den unge, og ikkje til dømes berre tilbyr opplæring på «norsk med teiknstøtte» eller andre blandingsformer mellom norsk og norsk teiknspråk.

Eit barn eller ein elev med teiknspråk som førstespråk kan også trenge spesialpedagogisk hjelp. Retten til spesialpedagogisk hjelp etter § 5-1 i opplæringslova gjeld uavhengig av om eit barn under skulealder eller ein elev har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 2-6 eller § 3-9. Språkparagrafane som er nemnde over, har til no, så langt Språkrådet kjenner til, vore tolka som å gjelde berre teiknspråklege barn med nedsett høyrsel. Språkopplæringsrettane til høyrande barn med teiknspråk som førstespråk er ikkje avklara, sjølv om det i lova ikkje blir vist til høyrselsstatus hos elevar.

  • Klage på avslag kan rettast til Fylkesmannen i kvart fylke.

Rett til teiknspråktolk

Teiknspråklege tolkebrukarar – som kan vera døve, døvblinde eller høyrselshemma – har rett til tolking etter tre lover: opplæringslova, folketrygdlova og domstollova.

Opplæringslova § 3-9 gir rett til tolk i vidaregåande opplæring. Dersom denne retten ikkje blir gitt, kan klage rettast til Fylkesmannen i kvart fylke.

Folketrygdlova gir individuell rett til tolking for døve og høyrselshemma. Retten er forankra i Kapittel 10: Stønad for å kompensere for utgifter til bedring av arbeidsevnen og funksjonsevnen i dagliglivet. Retten til tolkehjelp for høyrselshemma er omtalt i § 10-7 f, og retten til tolke- og følgjehjelp for døvblinde i 10-7 g. Retten gjeld den som oppfyller vilkåra i § 10-5 eller § 10-6.
Forskriftene fastset at utgifter til tolke- og følgjehjelp kan dekkjast for høyrselshemma og døvblinde slik at dei skal kunna

  1. fungera i dagleglivet
  2. fungera i høveleg arbeid
  3. gjennomføra opplæring for å betra funksjonsevna i dagleglivet
  4. gjennomføra utdanning, opplæring eller arbeidstrening med sikte på å skaffa seg eller halda på høveleg arbeid
  5. få helsetenester som er omfatta av folketrygdlova kapittel 5 og poliklinisk undersøking og behandling gitt av helseføretak

Klage på avslag etter folketrygdlova skal rettast til Nav. Klagefristen er seks veker frå du får melding om vedtaket.

Domstollova § 137 blir i dag tolka slik at døve, døvblinde og høyrselshemma har rett til tolking under heile forhandlinga i retten. Vidare blir lova tolka slik at retten til tolking også omfattar teiknspråktolking. Dommaren skal sjå til at saksbehandlingsregelen for domstolsbehandling (inkl. denne regelen) blir følgd opp.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter