Nye stadnamn – namnemønster og ordtilfang

I kommunal samanheng er namnsetning av gater og vegar særleg aktuell. Men prinsippa gjeld langt på veg for namnsetjing av alle typar lokalitetar.


Nye stadnamn – namnemønster og ordtilfang

Allment

Dette kapitlet inneheld ei meir detaljert framstilling av korleis ein lagar nye stadnamn, eller nyttar seg av eksisterande namn i ulike former for namnsetjing. I kommunal samanheng er namnsetjing av gater og vegar særleg aktuell. Men same prinsippa for namnsetjing gjeld langt på veg for alle grupper av namneobjekt. Som det går fram fleire stader i denne handboka, er det eit gjennomgåande råd at nye stadnamn mest mogeleg byggjer på den nedarva namnetradisjonen.

Eldre stadnamn brukte direkte

Den enklaste måten å velje adressenamn eller andre nye namn på er å nytte dei stadnamna som finst frå før, utan noko tillegg for veg, gate, felt e.l. Det kan vere namn på teigar, markstykke og natur-formasjonar i området som Nordjordet, Grinda, Lykkja, Myra, Asen, Djupedalen, Lyshovden. Føresetnaden er då at den vegen eller det området som skal ha namn, ligg på eller like ved den staden som har namn frå før slik at det er naturleg å overføre namnet.

«Flytting» av namn

Det vil alltid melde seg spørsmål om kor langt frå den tidlegare namngjevne staden ein veg kan gå om han skal få halde på det eksisterande namnet. Ein bør ikkje «flytte» namnet for langt frå den opphavlege staden, men her bør ein byggje på det som kjennest naturleg ut frå dei lokale tilhøva. Ved namnsetjing av bustadfelt o.l. vil det ofte vere aktuelt å låne namnet på garden eller bruket feltet ligg på. Eventuelt kan eit anna eksisterande namn i nærleiken dragast inn.

Fleire namn å velje mellom

Stundom finst det fleire namn å velje mellom, og ein bør då bruke det namnet som tek mest omsyn til dei allmenne retningslinjene som er nemnde ovanfor. Eit bustadfelt på eit tidlegare jordbruksområde kan såleis gjerne heite Løbakken eller Teigen. Ein veg i dette feltet kan heite Kringla etter eit rundt jordstykke, ein annan Linåkeren, ein tredje Almbrotet. I somme høve førekjem eldre namn på -veg og andre ord for ferdselsåre som gamle namn, og dei kan då brukast direkte i adressesystemet, t.d. Kvernvegen, Sjøvegen, Stølsvegen, Verksvegen. Andre slike eksisterande stadnamn er dei som er nytta om vegar mellom gardar, grender og bygder, og i seinare tid fylkesvegar og riksvegar, t.d. Husevegen, Opedalsvegen, Drammensveien, Ringeriksveien.

Ved adressetildeling kan det vere eit særleg problem å avgjere kor langt ein veg skal ha same namnet – av praktiske grunnar må ein ofte dele opp adresseparsellane på ein måte som bryt med den tradisjonelle namnebruken. Stundom kan det vere aktuelt å bruke namnet om eit kortare stykke enn det som har vore vanleg i talemålet (sjå elles kap. 5 i Adresser og stadnamn. Del 1). Riksveg 36 gjennom Skien har t.d. desse adresseparsellane: Øvre Elvegate, Sandviksvegen, Nedre Skotlandsveg, Møllebrua, Bruene, Klostergata, Ulefossvegen.

Eldre stadnamn + nytt sisteledd

Relasjonsnamn

I mange høve vil eit byggjefelt eller anna anlegg liggje slik til at det ikkje finst stort av høvelege namn, kanskje berre eitt eller nokre få. Då kan det vere aktuelt å lage fleire nye namn på grunnlag av dei få eldre namna som finst i området, t.d. eit gardsnamn eller eit anna stadnamn som er nytta på området, som VøyengataVøyen, Brattåsvegen ved Brattås. Eit namn som er gjeve i relasjon eller tilknyting til eit anna oftast meir kjent namn, kallar ein relasjonsnamn eller sekundærnamn. Slike namn finst det mange av mellom dei tradisjonelle stadnamna, t.d. Bergsbakken, Oddadalen, Trondheimsfjorden.

Ord for «veg»

Ein stor del av dei nye stadnamna gjeld ferdselsårer. Sjølv om praksisen med å nytte eksisterande stadnamn direkte er blitt meir utbreidd, er det enno mest vanleg å velje eit ord som tyder 'veg' o.l. som sisteledd. Gate er mest utbreidd i eldre bydelar, elles har veg/vei dominert både i by- og bygdestrok i heile landet. Etter kvart har fleire andre ord med tydinga 'veg, gjennomfartsåre' blitt dregne inn i namngjevinga mange stader, t.d. braut 'veg, køyreveg', far 'lei, løp', geil 'hardtrampa krøterstig', gote, gutu/guttu 'stig, krøterveg', kleiv 'bratt vegstykke', slep(e) 'stad der noko blir drege eller slept fram', smog/smau 'trong gjennomgang', stig, trakk/tråkk. I målføra kan ein finne fleire ord for 'veg' som kan nyttast i namnsetjinga, jf. nedanfor.

Bratt, bein eller krokut

I tillegg til ord med tydinga 'veg, stad der ein tek seg fram', er det i nye vegnamn ofte nytta ord som seier noko om korleis vegen går, t.d. bakke, brekke, kneik, krok, ring, slynge, stubb, sving. Fleire av desse har allmenn utbreiing i målføra.

Veg ord med fransk opphav

I ei gruppe for seg står dei innlånte orda allé, av fransk allée til aller, 'gå ', aveny, av fransk avenue, til avenir, 'kome' chaussé uttala «sjåse», av fransk chaussée 'veg dekt med kalkstein', promenade, av fransk promenade 'spasertur', terrasse, 'naturleg eller kunstig avsats, tverrgåande veg i hallande terreng' av latinsk terra 'jord', via 'veg', av latinsk via. Desse orda er særleg knytte til dei større byane og kan seiast a vere utløparar av kontinental namngjeving. I mindre norske tettstader og bygdemiljø bør ein helst unngå denne typen.

Gardsnamn + karakteriserande sisteledd

I tillegg til ord med tyding 'veg' o.l. er det mange andre ord som kan nyttast som nytt sisteledd til eksisterande stadnamn. Ein kan då velje ord som karakteriserer terrenget, eller som fortel korleis det har vore utnytta. Dersom det er aktuelt å gje namn på eit felt som ligg opp for garden Berg, og det ikkje har noko høveleg namn frå før, kan ein lage nye namn med utgangspunkt i gardsnamnet, t.d. Bergsåsen, Bergslia, Bergsflaten, Bergshagen, Bergsenga, Bergsgrenda o.l. Men av omsyn til orienteringa bør ein ikkje nytte meir enn 3-4 namn med same førsteledd i same området.

Retningsnamn

Ein annan tradisjonell måte å namngje ein lokalitet på er å nytte «retningsnamn», dvs. at det til eit eldre, innarbeidd stadnamn blir lagt til eit førsteledd som plasserer gata eller feltet i høve til ein meir kjend stad, t.d. Nordberg eller Nordre Berg, Nerberg eller Nedre Berg til Berg.

Med eldre stadnamn meiner ein helst namn som har vore nytta i lokalmiljøet i fleire generasjonar. Men ein bør og kunne lage relasjonsnamn til namn på nyare aktivitetar og institusjonar, t.d. Stasjonen - Stasjonsvegen, Banken - Bankvegen, Verket - Verksvegen, Lageret - Lagerbakken. Desse namna høyrer like gjerne heime i neste kapittel etter som ein ikkje alltid oppfattar «banken» eller «lageret» som stadnamn.

Nylaga stadnamn

Svært ofte er det aktuelt å lage nye namn utan at ein kan nytte eit eldre stadnamn eller ein del av det. Då må ein rett og slett konstruere heilt nye namn. Ein generell regel er at dei namna som blir valde, skal gli naturleg inn i det eksisterande namnemiljøet. Også nykonstruerte namn kan innehalde ord for 'veg' (t.d. sti, far, gutu). Men andre terrengskildrande ord, både for naturforhold (t.d. dal, haug, myr) og for kulturforhold (t.d. eng, hage, plass) vil ofte vere aktuelle. Orda kan i mange høve nyttast åleine som namn, utan noko sisteledd for 'veg'. Namn som Myra, Enga, Sletta vil falle naturleg inn i det lokale namnemiljøet mange stader utan at dei er brukte som namn på staden frå før.

Gruppenamn

Både usamansette og samansette nye stadnamn kan samlast i grupper med felles motivkrins eller tydingskrins. Ein bør då mest mogeleg byggje på tilhøva på staden, både når det gjeld natur og folkeliv. Ein kan dra inn stoff frå eldre og nyare tid.

Ein del aktuelle område er:

a) Terrengformasjonar, t.d. Brattvegen, Dalgata, Langhjallen, Bekkefaret, Vassenden, Reina 'kant', Hovden.

b) Jordsmonn, grunn, t.d. Steinvegen, Grjot-, Grøt-, Grytbrotet, til grjot 'stein', Moldbakken, Sandstigen, Gneistoppen, Skarvenakken.

c) Dyr og fuglar, t.d. Kråkestigen, Trosteholtet, Oterslepa, Elgfaret, Revebakken.

d) Planteliv, t.d. Eikehallet, Einerkroken, Konvallstigen, Grønebakken, Bjørkelia, Humledokka, Porsmyr, Klungerhammaren.

e) Klima, t.d. F/jotehallet, til ffiot 'tidleg, snøgg', Vårbakken, Soltunet, Vindhaug, Kaldavad.

f) Gards- og skogsarbeid, t.d. Slåttenga, Lauvkjosen, til kjos 'søkk, botn i lendet, vik', Stakksenga, til stakk 'høystakk', Ploglendet, Tømmervelta.

g) Husdyr, t.d. Kalvhagen, Buhagen, Hamnehagen, Mjølstølen, Geitstigen, 0ykjastana ('der hestane står'), Hestestigen.

h) Fiske og fangst, t.d. Fellurda, Skyttarhaugen, Drættestranda, til drætte 'stad der ein dreg garn o.l.', Notodden, Trålbakken.

i) Industri og handverk, t.d. Bøkkersmauet, Smedhaugen, Feiarbakken, Bakargarden, Målarstigen, Salmakarsvingen, Industrivegen, Verksbrekka, Slippstranda, Sagbakken, Gruvegangen.

j) Ferdsle, t.d. Kløvstigen, Køyrslehallet, Brugata, Leitesvingen, Hamnebakken, Kaigata, Lesseplassen, Kvilebakken, Kavlebruene, til kavlebru 'bru av stokkar i blautt lende', Stasjonsvegen.

k) Sosialt samvær, t.d. Leikvoll, Festplassen, Stemneplassen, Dugnadshaugen, Sundagshaugen, Skeidet, Samfunnsbrekka.

l) Institusjonar, t.d. Rådhusbakken, Kommunesvingen, Skolegata, Kirkeveien, Kyrkjevegen, Tingplassen.

Denne rekkja kunne supplerast med andre tydingsområde. Dei einskilde lokalsamfunna har sine særmerke som kan speglast av i namnsetjinga. Ein bør helst unngå tydingskrinsar som ikkje har rot i lokalmiljøet. Ein bør og vere varsam med å dra inn litterære namn eller fantasinamn.

Ordtilfang i nye stadnamn

I dette oversynet finn ein eit utval av dei terrengorda (grunnorda) som førekjem i norske stadnamn. Orda kan nyttast som namn både usamansett, t.d. Bakken, Akeren, og som sisteledd i samansette namn, t.d. Larsabakken, Linåkeren. Slike terrengord kan og brukast som førsteledd, t.d. Bakkeåkeren, Akerbakken. Som førsteledd kan dessutan ei mengd andre ord nyttast, både substantiv og andre ordklassar, t.d. adjektiv som Brattbakken, og talord som Tredjeneset.

Dei fleste orda er førte opp i normalisert form. Somme terrengord er kjende berre i avgrensa område. I målføra vil ein finne andre variantar, og desse kan ein gjerne nytte i namnsetjinga når det passar, men reglane for skrivemåten av stadnamn bør følgjast. Kjønn er markert for kvart ord: m. = maskulinum (hankjønn), f. = femininum (hokjønn), n. = nøytrum (inkjekjønn). Ordtyding, oftast henta frå Nynorskordboka, er oppført ved mindre vanlege ord. Ein del av orda kan ha andre lokale tydingar i målføra.

a) Veg, vegstykke og plassar

allmenning, ålmenning 'offentleg el. privat eigd område med bruksrettar for dei einskilde gardane', 'brei gate, plass i by'
allé m. 'gate, veg med tre på kvar side'
aveny m. 'brei gate, oftast med tre rekkjer på sidene'
bakke m.
bog/bug m. 'sving, boge'
braut f. 'veg som er graven inn i ein bakke el. i" snø', 'brekke, bakkekant'
brekke f. 'bakke (i veg)'
brot n. 'bakkekant, bratt bakke'
bru, bro f.
bykse n. 'stad der ein kan hoppe over'
drag n., drog f. 'stad der noko blir el. kan bli drege'
ende m.
far n.
fart m. (t.d. innfart)
gald m. 'veg på steingrunn'
gang m.
gate, gote, gut(t)u f. 'gate, veg, (krøter-)stig'
geil f., gjell (Røros) 'krøterveg med gjerde på båe sider' (stundom feilaktig skrive «gjeil» )
gjegne n. 'møtande punkt på ein veg'
glip m. 'smal passasje'
glove f. 'smal opning mellom bratte fjell'
glupe f. 'trong bergkløft'
grind f.
ilag n. 'stengje på ein stig (for krøter)'
kleiv f. 'bratt vegstykke over berg el. steingrunn'
klemme f. 'innsnevring på stig el. veg'
klemstre n. 'innsnevring på stig el. veg'
klopp f. 'lita bru'
klype n. 'innsnevring på stig el. veg'
klyv n. = kleiv f.
kneik f.
kos m. 'lei, retning'
kvile n. 'kvilestad'
laup, løp n. 'bane, far'
led n.
lei f. 'veg, farvatn, retning'
leite n. 'topp på ein veg, punkt på vegen der ein ser fram'
line, linje f.
løype f.,n. 'spor, bane, stad ein kan kome fram'
løypt f. 'passasje, nedgang'
låm, lom f. 'spor'
port m.
rak n. 'driving, draging'
rand, rond f. 'kant, stripe'
rast n./rost f. 'vegstykke som ein kan gå, køyre el. ride i eitt strekk'
rek n., reke m. 'driving, reking'
rekster m. 'krøterstig, buferdsveg'
ring m.
renne f. 'stad eller innretning der noko renn, passasje'
rås f. 'gangstig, krøterstig, råk'
side f.
skeid n. 'bane, køyreveg'
slep n., slepe f. 'stad der (særleg) dyr går eller noko blir drege'
slod f. 'slepeveg, spor'
slyng m., slyng(j)e f.
smalgang m.
smette, smytte n. 'smal passasje'
smog, smau, smug n. 'trong gate'
spor n.
sti(g) m.
stige m. 'bratt gangveg'
strete, bokm. òg strede n. 'trong gate'
stubbe m. 'kort stykke'
stykke n.
sving m.
trakk, tråkk n.
trang, trong f. 'trong passasje'
trapp, tropp f.
vad n.
veg m.
vegmot n. 'stad der to vegar møtest'
vegskil n. 'stad der to vegar skilst'
veit f. 'smal gate, smau'

b) Andre kulturlokalitetar

attlege f. 'attlagd åker'
aun n. 'fråflytt gard, øyde stad', 'ubygd jordstykke i marka'
beite n.
binge m. 'avdelt rom, innhegning'
bol n. 'lege (for dyr og menneske')
borg f. '(bygde)borg, frittliggjande høgd'
brand m. 'stad det har brunne'
brenne f. 'stad som er rudt ved brenning'
bruk n. 'einskildgard, driftseining'
brunn m.
brygg(j)e f.
bråte, bråtå, brote m. 'stad som er rudt ved brenning'
bu n. 'bustad'
bu f. 'lite rom, hytte'
bustad m.
by m.
bygd f.
bygning m.
m. 'eng mark, heimemark', eldre 'gard'
bøle n. 'bustad, tilhaldsstad for dyr, reir'
del m.
demme f.
demning f.
ekre f.
eng f., n.
firkant m.
fjos, fjøs n.
flekk m., n. 'lite område, einskild stad, liten åker'
flor m. 'fjøs'
gamme m. 'mindre hustype med vegger av jord el. torv'
gard, gård m.
gjerde n. og 'inngjerd stad'
gjerding f. 'inngjerdt stykke, innhegning'
gjerdsle f. 'inngjerdt stykke, innhegning'
grend f.
gru(v)e f.
hage, håg(g)å m.
hamn f. 'hamnehage'
hegne f. 'inngjerdt stykke, innhegning'
heim m.
heller m. 'rom under berg el. stein, berghole'
hi n.
hogg n. 'stad der ein har hogge'
hus n.
hytte f.
jord f.
jorde n.
kai m.
kast n. 'stad der ein kastar el. har kasta noko'
kos, kås f. 'stad som er rudt ved brenning'
kot(t) n. 'lite rom, hytte'
kve, kvi f. 'inngjerdt stad, innhegning'
kvem f.
land n. 'jordstykke' o.a.
lende n. 'terreng, mark'
lege f. 'liggjestad (oftast for dyr)'
lunn m. 'stokk, underlag (t.d. i båtstø)'
lut m. 'del, part'
lykkje, løkke f. 'inngjerdt jordstykke, ope område'
læger n. 'liggjestad, opphaldsstad'
løe f.
låve m.
naust n.
nybrot n.
nylende f., n. 'nyland, nydyrka jordstykke'
park m.
part m.
plass m.
rein(e) f. '(åker)kant'
reit m. 'liten åkerlapp, jordstykke'
ro, f. 'krå'
rom n.
rud n. 'rydning'
røys f.
sel n. 'sæterhus'
set(e) n. 'sæter, bustad'
seter, sæter f., n.
skanse m. 'oppkasta jordvoll, festningsverk'
skjol, skjul n. 'ly, vern, skur'
slått m. 'slåttemark'
slåtte f. 'slåttemark (særleg i utmarka)'
stad m.
stall m.
stam, stem m., stemme f. 'dam, stad der ein har demt opp for kvernvatn'
stove, stoge, stue, stug(g)u f.
stod, stø f. 'stad der noko står, (båt)stø'
stykke n. 'teig, avgrensa område eller strekning'
støl, støyl, staul, styl, stul, ståle m.
sve, svide f. 'stad som er rudt ved brenning'
teig m.
tomt, tuft f.
torg n.
torp n. 'småbruk, utkantgard'
trekant m.
trod, trø, trå f., tra, træ(de), trøde n. 'kve, tiltrakka plass, inngjerd beitemark eller kvileeng'
tun n.
tveit f. 'rydning i skogen'
vald f. 'eigedom, mark som ein rår over'
vang m. 'grasvoll, grasslette'
varp n. 'stad der ein kastar noko'
velte f. 'stad der ein veltar noko' (t.d. tømmer)
verk n. 'utført arbeid' (t.d. i samband med dyrking)
vær n. 'tilhelde, hamn ved havet'
voll m.
åker m.

c) Naturlokalitetar

Flatlende og avsatsar (sjå òg under kulturord):
flate m.
flot, flåt m., f. 'flate'
hjall 'liten flate i brattlende, berghylle'
hjell m. 'hjal!'
hylle f.
mo m.
pall m. 'terrasse'
skor, skår f. 'avsats i brattlende, berghylle, kløft i bergside'
slett, slette f.
terrasse m.
to f. 'liten grasplett'

Brattlende:
bakke m.
brot n.
fall n.
flag, flog n. 'bratt bergvegg'
hall n.
ham(m)arm.
helling f.
lein f. 'skråning'
li f.
løyft  f. 'renne i berget'
rap n. 'bratt bakke'
ras n.
ros f. 'skredlaup, stripe'
side f.
skrede f.
skrent m.
skråning m., f.
stup n.
støyt m. 'brattlende'
ufs f.

Djuplende, søkk:
botn m.
dal m.
deld f. 'liten dal'
dokk f.
dump f.
gjel n., gil f.
gjote f. 'søkk, renne i fjellet'
glope f. 'gap, opning i skog'
glove f. 'bergkløft'
grop f.
hol n.
hole f.
juv, gjuv n.
kjos m. 'liten dal, trong bukt'
kluft, kløft f.
kvam, hvam, gvam, hom m. 'kort dal, botn'
kvelv, kvæv, gvæv m. 'rundaktig fordjuping'
skar(d) n.
skorte f. som skor
sla(d) n. 'hall el. søkk i jorda'
strupe m. 'smal opning'

Høglende, oppståande formasjonar:
aksel, aksel f.
berg n.
brun f. 'kant, langstrekt rygg'
egg f.
fjell n.
hals m.
haug m.
haus(e) m. 'liten bergknatt'
hei f.
hol m. 'rund frittståande høgd, låg haug'
hovde m., f., n. 'framståande berg, rund bergtopp, ås'
hump m. 'bergknatt, lite berg'
hæd f. 'fjellvidd, topp'
f. 'fjelltopp'
høgd f.
kamp m. 'rundvoren fjelltopp'
klepp m. 'knaus, svaberg ved sjøen'
klubb m. 'rundaktig bergknatt'
knatt m.
knaus m.
koll(e) m.
kul m.
kup m. 'rundaktig fjelltopp, ås'
nabb(e) m. 'bergknatt'
nakke m.
nase, nos f.
nibb(e) f. 'framståande, spiss fjelltopp'
nip m., nipe f. 'framståande, spiss fjelltopp'
nobb(e) f. 'liten fjelltopp'
nup m. 'høg fjelltopp med bratt framside'
nut (knut) m.
pynt m.
ra n. 'grusrygg'
rime m. 'høgdedrag, jordrygg'
rinde m. 'høgdedrag, jordrygg'
rygg m.
skag n., skage m. 'framstikkande nes'
skalle m.
skotet) n. 'framstikkande formasjon'
tind m.
topp m.
tu(v)e f.
vole f. 'fjell'

I tillegg til slike reine terrengkarakteriserande ord finst det mange ord som er nytta i samanliknande funksjon, særleg om høgder, t.d. båt m., kam(b) m., kiste f., kringle f., loft f., skål f., såte f. Fleire ord for lekamsdelar på folk og dyr er og vanlege om terrengformasjonar, t.d. dei ovannemnde orda aksel/okse/f., nakke m., nase/nos f., skalle m., nakke m., og andre som hals m., man/mon f., mule m., f.

Jordsmon, grunn, vegetasjon:
fen n. 'blautmyr'
fit f. 'frodig grasmark, flate ved vatn'
glenne f. 'open plass i skogen'
grjot, grot, grøt n. 'stein, steinut masse'
grø(de) n. 'grasflekk i skog el. fjell'
helle f.
holt n. 'lite skogstykke, lund'
kjerr n. 'tett småskog, kratt'
lund m.
mark f.
mel m. 'sandbakke'
mol m., f. 'banke el. øyr av småstein ved vatn'
mork f. '(små)skog'
myr f.
rabb(e) m. 'steinut, låg jordrygg'
rust f. 'liten skog, (skogkledd) rygg'
sand m.
skarv n. 'nake berg'
skog m.
snar n. 'kratt, skog holt'
stein m.
sva n. 'nake, glatt berg'
ur(d) f.
øyr f. 'grusbanke (ut i vatn)'

Dei fleste trenamna som alm m., ask m., bjørk f., einer m. (og brake, sprake m.), furu f., gran f., osp f. osv. er og vanlege i stadnamn, særleg som førsteledd, oftast om stader der det veks eller har vakse eitt eller fleire eksemplar avarten.

Vatn og vassfar
ave m. 'lita vassamling'
basseng n.
bekk m.
bukt f.
dam m.
dape m. 'pytt'
dike n. 'søledam'
dipel m. 'pytt'
elv f.
fjord m.
foss, fors m.
grov f. 'bekk, vassfar'
hop m. 'smal vik'
høl, hyl m.
ide f. 'bakevje'
ile f. 'kjelde, oppkome'
keile f. 'smalt sund'
kil m. 'smal bukt'
kjelde f.
kulp m.
kvissel, kvisl f. 'elvegrein, banke i elv'
log, låg m. 'væske, vassamling'
lon f. 'lang, djup høl, stilleståande vatn'
løk m. 'djup, stillerennande bekk'
olle f. 'kjelde, oppkome'
oppkom(m)e f.
os m.
poll m. 'liten fjordarm, vasspytt, kulp'
putt, pytt m.
sik f. 'lita myr med vass-sig'
sik n. 'liten bekk som renn seint'
sjø, sjo, sjy m.
stille f. 'stilleflytande del av elv'
straum, strøm m.
stryk m., n.
sund n.
tjem/tjenn f. n., tjøm/tjønn f., n.
vatn, vann n.
veit f. 'renne'
vik f.
våg m.
å f.
ål f. 'renne, djup for i botnen på elv el. vatn'

Lende i og ved vatn:
bard n. 'kant, rand, breidd'
båe m. 'grunne, blindskjer'
eid n. 'landstripe (med vatn på sidene) som bind saman to landområde'
fles n. 'banke, skjer i vasskorpa, nake berg'
fjære, fjøre f.
flu f. 'banke, flatt skjer i flomålet'
grande m. 'sandmel, grusbanke i elv, elvebakke'
grunn(e) m.
holm(e) m.
nes n.
odde m.
skjer/skjær n. (og om oppstikkande, nake berg på land)
skot n. 'framstikkande bergformasjon'
strand, strond f.
tange m.
øy f.
øyr f.

Andre grupper
blik, blek n. 'Iys el. kvit flekk, lyst punkt'
fonn f.
jar m. 'kant'
kors n., kross m.
krik m. 'krok'
krok m.
kro, krå f.
rand, rond f.
skavl m.

Lån og oppkalling

I staden for å lage heilt nye namn på vegar, gater, byggjefelt, tomter o.l. kan ein «låne» stadnamn som finst på staden eller i nærleiken av staden frå før, t.d. når Prestehagen blir teke opp som namn på ein del av den gamle Prestehagen. Slik overføring av stadnamn er svært vanleg når ein skal setje namn på nye objekt. Ein stor del av gardsnamna og andre bustadnamn har faktisk oppstått ved at eit eksisterande namn på ein naturlokalitet er blitt overført på bustaden. Men for at det skal vere ein naturleg samanheng mellom det gamle og det nye namnet, bør ein ikkje hente det for langt borte. Namneoverføringa bør kjennast naturleg i lokalmiljøet.

Dersom det ikkje er nokon direkte samanheng mellom det nye namne objektet og staden ein låner namn frå, kan eit namn innførast ved «fjernlån» eller oppkalling, t.d. når bydelen Lofthus i Oslo er oppkalla etter Lofthus i Hardanger. I Oslo var namnet først nytta på ein villa. Slike oppkallingsnamn finst det mange av, og ein god del er av eldre dato. På 1800-talet fekk t.d. mange bustader namn som Dakota, Nyjårk, Balaklava, kanskje fordi folk som budde der, utvandra til desse stadene, eller det var tale om dei i samband med krigshandlingar ute i verda.

Ei oppkalling kan og ha opphav i ei direkte eller indirekte samanlikning, t.d. er Grønland nytta som rosande namn fleire stader der det er fint og grønt, medan Danmark kan vere brukt om ei lita, flat slette.

Sibir førekjem om ein avsides og trekkfull stad, og Golan om noko som ligg høgt (det siste etter Golanhøgda i Midt-Austen). Slike namn har ein viss humoristisk klang. Det gjeld nok og Mjøsa om eit lite vatn. Vangsmjøsa i Valdres trur ein derimot er ei reell oppkalling etter storesøstera ved Hamar. Religiøse undertonar har oppkallingar som Jeriko og Elim, ofte nytta om bedehus.
 
Dei fleste oppkallingsnamna er knytte til privat eigedom, særleg hus og hytter. Bakgrunnen for oppkallinga kan vere at eigaren kjem frå den staden som blir oppkalla, eller at han på ein annan måte har ei tilknyting til staden. Oppkallinga kan og skje spontant på eit meir tilfeldig grunnlag. Stundom kan ein låne namn gjennom slektsnamn – det er t.d. ikkje noko i vegen for at ei hytte kan bli heitande Berg dersom eigaren har dette namnet. Og ligg tomta på eit høgdedrag, høver namnet endå betre. Ein grunneigedom kan likevel ikkje få til namn eit slektsnamn som høyrer til dei mindre vanlege.

Sjølv om namnelån og oppkalling har eit visst rom mellom tradisjonelle norske stadnamn, bør det ikkje vere noko hovudprinsipp ved ny namngjeving. Både praktiske og antikvariske grunnar tilseier det. Stadnamna bør brukast om dei lokalitetane dei har naturleg opphav i. Særleg gjeld det allment kjende namn. Eit aktuelt døme er namnet på den nye storflyplassen for Austlandet, som Luftfartsverket har avgjort skal heite Oslo lufthavn Gardermoen, altså det same som på den noverande flyplassen. Oslo lufthavn er i samsvar med krava til internasjonal luftfart om at namnet på den næraste større byen skal vere med, medan Gardermoen er den lokale adressa.

Mange namn finst fleire stader utan at det er tale om oppkalling. T.d. er ikkje Sogn i Oslo oppkalla etter Sogn på Vestlandet. Dei to likelydande namna har vakse fram på sjølvstendig grunnlag, båe til verbet suga om straumtilhøve. Sogn i Oslo er mogeleg eit eldre namn på Sognsvann. Ved vanlege namn som Haugen, Lia osv. er det naturlegvis heller ikkje snakk om oppkalling – slike ord er så å seie innebygde i norsk natur.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter