S-genitiv

S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål. Her finn du råd om korleis du kan bruka denne forma.

Når kan vi bruka s-genitiv på nynorsk?

Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel

Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv: lang dags ferd mot natt, i manns minne

I uttrykk for tid og mål: eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid

I namn på offentlege institusjonar er s-genitiven komen i bruk ved hankjønns- og inkjekjønnsord i bunden form eintal:

Statens vegvesen
Statsministerens kontor
Forsvarets forskingsinstitutt
Stortingets ombodsmann for forvaltninga

I staden for s-genitiv: skriv om!

Vi bruker ikkje så ofte genitiv når vi snakkar. I staden for å tenkja kva du ville ha skrive (på bokmål), kan det vera lurt å tenkja på kva du ville ha sagt.

Då er det ofte vanleg å skriva om ved hjelp av

  • preposisjonar
  • samansette ord
  • sin, si, sitt, sine
  • leddsetningar

a) Omskriving med preposisjonar

bokmålnynorsk

bygdas folk

folket i bygda

rådmannens innstilling

innstillinga frå rådmannen (betre enn innstillinga til rådmannen, som kan mistydast)

kommunens vedtak

vedtaket i/til kommunen

barnehagens størrelse

storleiken på/til barnehagen

ungdommenes alder

alderen på ungdommane

skolens nettside

nettsida til skulen/skolen

Spanias hovedstad

hovudstaden i Spania

 

b) Omskriving med samansette ord

bokmålnynorsk

bygdas folk

bygdefolket

Stortingets vedtak

stortingsvedtaket

FNs erklæring om menneskerettighetene 

FN-fråsegna om menneskerettane

skolens bibliotek

skulebiblioteket

 

c) Omskriving med sin, si, sitt og sine

Der det er tale om eigedomstilhøve, kan du gjerne bruka omskriving med sin, si, sitt og sine. Konstruksjonar med sin er særleg utbreidde i talemålet langs kysten, men er også vanlege i skriftspråket:

bokmål nynorsk

bondens traktor

bonden sin traktor

naboens hytte

naboen si hytte

Elis hus

Eli sitt hus

Øysteins sykkel

Øystein sin sykkel

ordførerens forslag

ordføraren sitt framlegg

skolens penger

skulen sine pengar


I samanhengar der eigedomstilhøvet ikkje er like tydeleg, bør du vurdera andre løysingar:

bokmålnynorsk

russestyrets leder

leiaren for/i russestyret

bygningenes vaskeareal

vaskearealet i bygningane

 

d) Omskriving med leddsetning

bokmålnynorsk

Utvalgets oppgave består i å

Oppgåva (som) utvalet har fått, går ut på å / Utvalet har fått i oppgåve å

en skisse som viser etatens oppbygning

ei skisse som viser korleis etaten er oppbygd

Det er gitt ulike signaler om kontorets framtidige plassering

Det er gjeve ulike signal om kvar kontoret skal plasserast/vera/liggja

 

De diskuterte …Dei diskuterte …

… beløpets størrelse

… kor stort beløpet er / var / skulle vera

... etatens oppbygning

… korleis etaten er oppbygd

… kontorets framtidige plassering

… kvar kontoret skal plasserast/vera/liggja

… bilens tilstand

… den tilstanden bilen var i

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter