Hva betyr bynavnet?

Hva betyr egentlig de norske bynavnene? Finn din by på lista og få svar.

(Noen forklaringer er skrevet på bokmål, andre på nynorsk.)

A | B | D | E | F | G | H | J | K | L | M | N | O | P | R | S | T | U | V | Å


Alta
avleiing til gammalnorsk alpt 'svane', frå først truleg namn på Altafjorden

Arendal
uvisst førsteledd + dal

Askim
frå gammalnorsk Askeimr; trenamnet ask + heim. Det nøyaktige tydingsinnhaldet i sisteleddet -heim er noko uvisst, men tydinga kan ha vore 'liggjestad, opphaldsstad'

Bergen
av gammalnorsk Bergvin/Bjǫrgvin truleg '(beite)enga mellom fjella'

Bodø
Den gammelnorske forma var Boðin, ei samansetjing med vin ’naturleg eng’ som sisteledd og kanskje boði ’båe, grunnbrott’ som førsteledd. Namnet har tidleg vorte omtydd til å vera samansett med ordet øy som sisteledd

Brekstad
Førsteleddet Brek- kan komme av eit mannsnamn eller ordet brekke 'bakke'.

Brevik
same namn som det vanlege gardsnamnet Breivik(a) 'den breie vika'.

Brumunddal
Førsteleddet er elvenamnet Brumunda, truleg laga med avleiingsendinga -und til ordet brim, som kan vise til susinga av elvevatnet. Elvenamnet tyder da 'den som har mykje skval og brus'

Bryne
frå gammalnorsk brún 'rand, kant' + vin 'naturleg eng'.

Brønnøysund
frå gammalnorsk brunnr 'oppkomme, kjelde' + øy + sund. Namnet Brønnøy(a) finst fleire stader i leia langs kysten, og viser ofte at her kunne sjøfarande finne drikkevatn

Drammen
av gammelnorsk Drafn, som opprinnelig var navn på den innerste delen av Drammensfjorden. Dette navnet er sannsynligvis avledet av elvenavnet Drǫfn, som var det gammelnorske navnet på Drammenselva. Dette elvenavnet kan ha sammenheng med det gammelnorske intetkjønnsordet draf ’drav, avfall’ og det nynorske hunkjønnsordet drevje ’bløt masse’.

Drøbak
av gammelnorsk Drjúgbakki 'den dryge bakken'

Egersund
eigentleg namnet på sundet mellom fastlandet og Eigerøya (gammalnorsk Eikund 'øya med mykje eik')

Elverum
gardsnamn, av gammalnorsk elfr 'stor elv' + heim

Fagernes
adjektivet fager 'vakker, ven' + nes.

Farsund
opprinnelig navnet på sundet mellom Farøy og Spindsodden; av far 'ferd, skyss' + sund

Fauske
frå gammalnorsk Fauskar; truleg ubestemt fleirtal av fauskr 'fausk, morke tre'

Finnsnes
Førsteleddet kan vere eit fjordnamn eller mannsnamnet Finn

Flekkefjord
førsteleddet er uvisst

Florø (og kommunenamnet Flora)
truleg av gammalnorsk *flóðr el. *flór 'straum, gjennomstrøyming'

Fosnavåg
førsteleddet kjem frå gammalnorsk Fólgsn 'gøymestad', laga til gammalnorsk fela 'gøyme, løyne' + våg 'fjordbukt'.

Fredrikstad
oppkalt etter Fredrik 2.

Førde
Namnet kjem av ordet fjord, gjennom den gammalnorske dativsforma firði

Gjøvik
av gammelnorsk Djúpvik 'den djupe vika' (gårdsnavn som etter uttalen jø- er blitt feilskrevet gjø-)

Grimstad
av gårdsnavnet Grøm (av elvenavnet *Gró(a) 'elva som vokser fort') + gammelnorsk stǫð 'stø, landingssted'

Halden
bunden form av gammalnorsk hǫll el. hallr 'bakke, skråning'

Hamar
av hamar 'berghammer'

Hammerfest
av hammer 'bratt bergvegg' og gammelnorsk festr 'sted der en kan feste båter'

Harstad
av stad og kanskje eit gammalt mannsnamn som førsteledd

Haugesund
'sundet ved gården Haugar (flertall av haug)'

Hokksund
gardsnamnet Haug + sund.

Holmestrand
av holm (her med uviss betydning) + strand

Honningsvåg
kjem kanskje frå ordet horn eller frå gammalnorsk hunang 'honning' + våg 'fjordbukt'

Horten
Dette navnet har uviss tolking

Hønefoss
navn etter Hønefossen, hvis navn igjen er sammensatt av det utolkede gårdsnavnet Hønen + foss

Jørpeland
kanskje opphavleg *Jǫrpuland samansett med genitiv av eit elles ukjent elvenamn, *Jarpa 'den brune' + land

Kirkenes
nylaging etter at det vart bygd kyrkje her i 1862. Eldre namn er Pisselvnes og Håkjerringnes. Samisk Girkonjárga, finsk Kirkkoniemi, begge tyder 'kyrkje-nes'.

Kongsberg
grunnlagt av Kristian 4. og gitt navnet Konningsberg

Kongsvinger
Sisteleddet er bygdenamnet Vinger, som kanskje har vore elvenamn og har samanheng med eit verb *vingra med liknande tyding som nynorsk vingle 'fara hit og dit' og vingse 'stå og svinge'. Her fekk kongen bygd ei festning i 1670- og 1680-åra, derav førsteleddet Kongs-.

Kopervik
Førsteleddet er ikkje sikkert forklart; kanskje kjem det av namnet på eit skjer inne på hamna, Kobbanaglen, der førsteleddet er kobbe 'sel'

Kragerø
fordanska form av opphavleg Kråkerøy; førsteleddet kan komme frå fuglenamnet kråke eller frå eit ord med tydinga 'hake, vinkel'

Kristiansand
oppkalt etter og navnsatt av Kristian 4.

Kristiansund
etter kong Kristian 6., det gamle navnet var Fosna (av gammelnorsk Fólgsn 'gjemmested')

Langesund
etter eit langt, smalt sund mellom fastlandet og Langøya

Larvik
av gammelnorsk lagar (genitiv av lǫgr 'vann', her om Numedalslågen) + vik

Leknes
Gardsnamna Leknes, Liknes og Leiknes finst fleire stader i kystbygdene, og slike stader har truleg vore samlingsplass for leik og dans. Førsteleddet kan òg somme stader komme frå verbet leika 'hvirvle' og sikte til straumforholda.

Levanger
frå gammalnorsk Lifangr, samansetning med angr 'vik, fjord'. Førsteleddet er uvisst

Lillehammer
'den lille hammeren' i motsetning til Storhamar ( = Hamar)

Lillesand
Til ut på 1600-talet var namnet berre Sanden, til gammalnorsk sandr 'sandstrand', men etter at Kristiansand vart grunnlagd, måtte denne sanden skiljast ut som «den litle»

Lillestrøm
Ved opninga av Hovudbanen Christiania-Eidsvoll i 1854 låg jernbanestasjonen vestafor Nitelva på garden «Lille Strøm». I 1862 da Kongsvingerbanen kom, vart jernbanestasjonen flytta over til austsida, men namnet følgde med og vart seinare namn på den tettstaden som voks fram her

Lyngdal
av elvenamnet Lygna som igjen er avleidd av *lugn, med same tyding som gammalnorsk logn 'stille', altså 'den rolege'

Mandal
av gammalnorsk *Marnardalr, der førsteleddet er genitiv av eit elvenamn

Mo i Rana
av gammalnorsk mór 'tørr sandslette'

Moelv
Moelva renn forbi garden Mo og har namn etter denne

Molde
av gammalnorsk Moldar, fleirtal av mold 'mold, jord'

Mosjøen
samansetning av gardsnamnet Mo og ordet sjø, her med tydinga 'landingsstaden til ein gard ved sjøen'

Moss
av gammalnorsk *Mors; opphavleg namn på Mosseelva, truleg med ei tyding som har med deling å gjere

Mysen
frå gammalnorsk Mysin, samansetning av mosi 'myr' og vin 'naturleg eng'

Måløy
byen ligg på Vågsøya, den eigentlege Måløy ligg i sundet utanfor. Frå gammalnorsk *Máløy. Førsteleddet har blitt tolka som gammalnorsk mál 'stemne, ting', men kan òg vere gammalnorsk mǫl 'banke av småstein'

Namsos
'osen i elva Namsen', tydinga av elvenamnet er uviss

Narvik
Førsteleddet Nar- er ikkje sikkert tolka. Det kan komme frå skipsnemnet knarr, frå gudenamnet Njord, frå mannsnamnet Narve (gammalnorsk Narfi) eller gammalnorsk nór ’smalt sund’

Notodden
av not 'fiskereiskap' + odde 'nes'

Nærøy
frå gammalnorsk Njarðøy; truleg av gudenamnet Njord

Odda
'odden, landtunga'

Oslo
Etterleddet er det gammelnorske ordet *lo ’engslette ved vann’. Førsteleddet er det gammelnorske ordet áss. Betydningen av dette ordet er omdiskutert, men den språklig sett sikreste forklaringen er ’(hedensk) gud’. Da byen ble flyttet i 1624 fikk den navnet Christiania (senere skrevet Kristiania), mens navnet Oslo ble brukt på det som i dag er Gamlebyen. Etter et stortingsvedtak fikk byen tilbake navnet Oslo fra 1. januar 1925

Otta
opphavleg elvenamn, truleg frå gammalnorsk ótta 'skremme' og ótti 'redsle', namnet kan tyde 'den skremmande'

Porsgrunn
av plantenamnet pors og gammalnorsk grunnr, 'grunn, botn' eller grund 'flat mark, grasslette'

Risør
trolig av gammelnorsk hrís 'krattskog' + øyer

Rjukan
opphavleg namn på Rjukanfossen, gammalnorsk Rjúkandi, til rjúka 'ryke'

Røros (bergstad)
'osen i elva Røa', Røa har trolig med fargen rød å gjøre

Sandefjord
av sandar (flertall av gammelnorsk sandr 'strandstrekning') + fjord

Sandnes
av gammelnorsk sandr 'sandstrekning' + nes

Sandnessjøen
gardsnamnet Sandnes + sjø 'landingsplass ved sjøen for ein gard'

Sandvika
tyder 'den sandute vika' og er eit mykje vanleg stadnamn

Sarpsborg
av gammalnorsk Sarpr (fossenamn med uviss tyding) + Borg (det gammalnorske namnet på byen)

Sauda
truleg frå gammalnorsk *Sauðar, som berre er kjent frå stadnamn, men må ha samanheng med gammalnorsk sjóða 'sjode, koke'. Eintalsformen *sauðr kan ha vore brukt om 'sydande' vatn

Ski
frå gammalnorsk skeið, truleg i tydinga 'bane til kapplaup eller kappriding'. Kan i nokre høve tyde 'gardsveg mellom åkrar' o.l.

Skien
Namnet er opphavleg eit elvenamn. Det kan ha samanheng med det nynorske ordet skie ’vedskie, del av kløyvd stokk’ eller det kan vere ei eldre tyding ’dele, skilje’ som ligg til grunn

Skudeneshavn
førsteleddet kjem frå gammalnorsk skúta 'bergvegg som skyt fram'

Sortland
frå gammalnorsk S(v)ortuland, som truleg har til førsteledd eit elvenamn laga til adjektivet svart

Stathelle
førsteleddet er uvisst, kanskje frå gammalnorsk staðr 'stansing'. Etterleddet er gammalnorsk hella 'flatt berg, høveleg til å laste skip attmed'

Stavanger
av gammelnorsk stafr ’stav’ og angr ’vik, fjord’

Stavern
frå gammalnorsk Staferni, laga av stafr 'stav' og avleiingsendinga erni. Om tydinga av stav kan det ikkje seiast noko sikkert

Steinkjer
sammensatt av stein og gammelnorsk ker ’kjer, kar’, brukt om demning eller brokar av stein

Stjørdal
førsteleddet er eit eldre namn på hovudelva Stjørdalselva, gammalnorsk truleg *Stjór. Dette er utolka, men heng kanskje saman med stammen stjór- som vi finn i gammalnorsk stjórn 'styring'

Stokmarknes
tyder truleg skog eller mark der det kan hoggast tømmerstokkar

Stord
frå gammalnorsk Storð; opphavleg øynamn med usikker tyding. Kan høre til ein ordkrins *ster- 'vera stiv, rage opp', som sikter til høge fjell. Kan også tyde 'ungskogen, krattskogen', identisk med gammalnorsk storð 'ungrenning, ungvokster (om skog)'

Svelvik
frå gammalnorsk Sverðvík. Førsteleddet er uvisst, går kanskje tilbake på eldre *Sverfð- til gammalnorsk sverfa 'kvervle, gå i ring', eller ei allmenn tyding 'straum', ei anna tolking er 'boge' om kystlina på Hurumlandet

Svolvær
truleg frå gammalnorsk *Svǫlver, av eldre *Svalver, samansetning av gammalnorsk svalr 'sval, kjølig' og ver 'fiskevær'

Tromsø
av Troms (har kanskje med strøm å gjøre) + øy

Trondheim
'trøndernes heim'

Tvedestrand
førsteleddet er gårdsnavnet Tveite, som igjen kommer av tveit ’mindre jordstykke’ eller ’gressflekk mellom skog eller berg, slåtteland i skogen’ + strand

Tønsberg
av gammelnorsk Túnsberg av tún 'inngjerdet sted', i denne sammenhengen trolig i betydningen 'borg' + berg (jf. Slottsfjellet)

Ulsteinvik
frå gammalnorsk Ulfsteinn, eit opphavleg fjellnamn. Førsteleddet er anten dyrenamnet ulv eller eit elvenamn *Ulva avleidd av fjellnamnet

Vadsø
av Vadsøya (gammelnorsk *Vatsøy); navnet Vassøya fins flere steder langs kysten, det sier at her fins vann å drikke

Vardø
av varde + øy, i gammelnorsk tid var navnet Vargøy med vargr 'ulv, røver, fredløs person' som førsteledd

Verdalsøra
førsteleddet må vere eit gammalt namn på Verdalselva, gammalnorsk *Ver, med tyding 'still, roleg'

Vinstra
elv i Øystre Slidre/Nord-Fron som har gjeve namn til byen. Tyder truleg 'den venstre', for elva ligg på venstre side av ferdavegen når ein fer oppover dalen.

Åkrehamn
frå gammalnorsk Akrar, fleirtal av åker

Ålesund
av gammalnorsk *Álasund, der førsteleddet kan vere genitiv av fiskenamnet ål

Åndalsnes
samansetning av gardsnamnet Åndal og eit anna gardsnamn Nes. Namnet Åndal er tolka som eigentleg Åmdal, der førsteleddet er gammalnorsk ámr 'rustraud, mørk'

Åsgårdstrand
førsteleddet er gardsnamnet Åsgard, samansetning av ås 'høgdedrag' og gard

 

Sist oppdatert: 25. mars 2015 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter