Substantivtunge setningar

Verbale seiemåtar gjev betre språk. Her finn du råd om korleis du kan unngå substantivsjuken.

«Potetene vart gjorde til gjenstand for langvarig koking» vil seia det same som at potetene vart kokte lenge. Setninga er døme på det som gjerne blir kalla «substantivsjuke». Kjenneteikn på på substantivsjuke i ei setning, eller ei substantivtung setning, er at setninga inneheld eitt eller fleire substantiv på -ing som er danna av eit verb, og eitt eller fleire innhaldstomme verb, dvs. verb som ikkje tilfører setninga noko meiningsinnhald (t.d. å gjera).

For at språket skal vera så klårt og lesarvenleg som mogleg, er det eit godt råd å velja verbale seiemåtar i staden for substantivtunge konstruksjonar. Dette gjeld særleg i nynorsk, som er eit eit meir verbalt språk enn bokmål, men rådet gjeld like fullt når du skriv bokmål. Verbale seiemåtar gjev betre språk.

Verbet («koke») gjev mykje informasjon om kva setninga handlar om. Reint språkleg er det ikkje skilnad mellom «å gjera potetene til gjenstand for koking» og «å gjera saka til gjenstand for drøfting». Brukar du eit konkret verb tidleg i setninga, er det lettare for lesaren å fatta poenget.

Døme:

Substantivtung ordleggingVerbal ordlegging

Saka vart gjord til gjenstand for drøfting.

Saka vart drøfta.

Det vart føreteke forkynning av tiltalen.

Tiltalen vart forkynt.

Det er føreteke ei standardheving. Det er òg utført måling av innvendige overflater.

Standarden er heva, og innvendige overflater er måla.

Det bør skje ei innskjerping av dagens dispensasjonspraksis.

Dagens dispensasjons­praksis bør skjerpast inn.

Ei behandling av lånesøknaden bør føretakast så snart som råd.

Lånesøknaden bør behandlast snarast råd.

Slike ordningar må setjast i verk samstundes med vedtakinga av sjølve lova.

Slike ordningar må setjast i verk samstundes med at (sjølve) lova blir vedteken.

Utvalet leverte i fjor ei tilråding der desse spørsmåla for fyrste gong vart gjorde til gjenstand for ei inngåande kartlegging.

Utvalet kom i fjor med ei tilråding der desse spørsmåla vart inngåande (nøye, grundig) kartlagde for fyrste gong.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter