Islandsk

Ei sak som skil islandsk frå dei skandinaviske språka, er talet på bokstavar i alfabetet – det har heile 32 bokstavar, sjølv om korkje c, q, z eller w er med. Fleire av vokalane har ein aksent, som i orda árum, rót og þúsund, og dei blir uttalt med ein eigen lyd. Á skal uttalast som diftongen /au/, o skal uttalast som /ou/, medan ú liknar ein norsk o-lyd. Finn sjølv døme i den nordiske ordboka Islex.no og lytt til uttalen av dei islandske orda.

I tillegg har islandsk (som færøysk) to teikn som ein ikkje finn i dei skandinaviske alfabeta, nemleg þ (thorn) og ð (ed). Medan ed er ein variant av bokstaven d, er thorn ein rest frå det gamle runealfabetet. I ein periode blei thorn brukt i engelsk for å markera th-lyden i ord som think og thing. Lyden finst ikkje i dei skandinaviske språka, men han har ein klar funksjon i islandsk. Det er grunnen til at bokstaven blei med då islendingane gjekk over til det latinske alfabetet.

Islandsk endrar seg … sakte

Islandsk er det språket som liknar mest på det gamle nordiske talespråket som blei brukt i heile Norden for tusen år sidan. Ein islending kan til og med forstå tekstar frå 1200-talet utan større problem. Grammatikken er stort sett uendra, til dømes med fire kasus (nominativ, genitiv, akkusativ og dativ). Det gjer at substantiva får langt fleire moglege bøyingsendingar enn i dei skandinaviske språka. Bøyinga av substantiva blir ikkje bestemt berre ut frå kasus, men også ut frå kjønn (maskulinum, femininum og nøytrum) og om ordet har sterk eller svak bøying. Bøyinga blir også endra i bestemt form og i fleirtal. Orda har rett og slett mange bøyingsendingar, og dei som vil læra seg islandsk, må berre pugga bøyingsendingane.

Det finst fleire grunnar til at islandsk har endra seg saktare enn svensk, norsk og dansk. Ein grunn er at islandsk blir talt på ei øy som har vore isolert gjennom historia. Språket har ikkje vore like mykje utsett for press frå andre land og språk. Ein annan grunn er det kompliserte bøyingssystemet, som gjer islandsk mindre mottakeleg for lånord. Det blir vanskeleg å tilpassa framande ord. Ein tredje og svært viktig grunn er at islendingane aktivt vernar språket sitt og vil halda på det.

Islandske ord i staden for lånord

Når islandsk treng eit nytt ord eller omgrep, lagar ein nye islandske ord, iblant ved å gi gamle ord ei ny tyding, eller ved å omsetja tydinga direkte til islandsk. Far tyder til dømes flytta og sími tyder tråd. Då telefonen blei populær i byrjinga av 1900-talet, blei samansetjinga farsími laga. World wide web – altså www – heiter veraldarvefurinn på islandsk og er ei direkte omsetjing som tyder noko i retning av verdselva.

Men islandsk er ikkje heilt fritt for lånord. Det heiter til dømes blogg og videó på islandsk. Ein konservativ språkvernar kan kalla ein pizza for flatbaka (eller pitsa), men det er eit ord som ikkje har fått gjennomslag hos folk flest. Det verkar heller ikkje som den islandske stavemåten pitsa slår igjennom. Dei fleste pizzeriaer i Reykjavik held fram med å servera pizza med to z-er.

Her er sju døme på kreative islandske ord. Søk gjerne etter fleire på nettet:
datamaskin tölva (av volve og tal som tyder spåkvinne og tal)
demonstrera kröfugöngu (ta til motmæle, stilla krav)
helikopter þyrla (snurra rundt)
kontor skrifstofa (skrivestove)
teater leikhús (spelehus)
pass vegabréf (vegbrev)
margarin smjörlíki (noko som liknar på smør)

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle nordiske språk. Nedanfor ser du den islandske versjonen. Ved å lesa den korte omtalen av dei andre nordiske språka, kan du jamføra likskapar og skilnadar mellom denne teksten på islandsk og dei andre nordiske språka:


Svíar, Norðmenn og Danir skilja hver annan nokkuð auðveldlega. Þeir eiga í meiri vandræðum með íslensku þrátt fyrir að íslenskan líkist skandinavíska málinu sem talað var fyrir þúsund árum síðan. Nánasti ættingi íslenskunnar er færeyskan en tungumálin líkjast þó hvort öðru ekki svo mjög að Íslendingur geti skilið Færeying án vandræða.

Finnskan minnir á eistnesku en á einnig ýmislegt sameiginlegt með samísku. Í bæði finnsku og samísku getur maður til dæmis myndað löng orð með því að bæta beygingarendingum við rót orðsins. Það er samt grænlenskan sem er í sérflokki hvað varðar löng orð. Meðan önnur tungumál nota heila setningu nægir stundum eitt grænlenskt orð.


Om du ikkje har studert islandsk, er teksten vanskeleg å forstå. Nokre ord kjenner du igjen. Fyrir þúsund árum síðan tyder sjølvsagt for tusen år sidan. Nationalitetsnamna svenskar, nordmenn og danskar er også nesten dei same, sjølv om dei blir skrivne med stor bokstav på islandsk. Er det andre ord du kan identifisera? Kva heiter til dømes språk på islandsk? Kva trur du ýmislegt tyder? Eller sérflokki?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter