Nordisk språkdeklarasjon

Den nordiske språkdeklarasjonen skal bidra til at barn og ungdom i dei nordiske landa forstår nabospråka.

Forside nordisk språkdeklarasjonI kvart av dei nordiske landa inneheld læreplanane for morsmålsfaget nemleg krav til kompetanse i det å lese, lytte og forstå nabospråka. Det er eit uttalt mål i den nordiske språkdeklarasjonen som er vedteken av Nordisk råd, at tiltak som bidreg til at barn og ungdom forstår nabospråka, skal prioriterast. Det er også eit mål at dei nordiske språka blir meir synlege i samfunnet, mellom anna på tv og i film. Andre tiltak er å utvikle fleire internordiske ordbøker, både elektroniske og papirbaserte. Språkteknologiske løysingar som stør nordisk språkforståing, blir også prioriterte.

Utdanningsministrane i Norden har slutta seg til Den nordiske språkdeklarasjonen frå 2006.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter