Eitt eller fleire ord

Skal ord som er sette saman av fleire ord eller av grupper av ord, skrivast i eitt eller fleire ord?

Vi kallar det særskriving når uttrykk eller grupper av ord blir skrivne kvar for seg: til saman, for så vidt, mang ein, i dag.

Vi kallar det samanskriving når uttrykk eller grupper av ord blir skrivne i eitt, utan mellomrom: iblant, altfor, overalt.

Samansette ord

Samansetningar er ord som er sette saman av fleire sjølvstendige ord. Dei skal skrivast i eitt: frisørsalong, krumkake, lammelår, frityrsteikt.

Det er ikkje rett å skrive «frisør salong», «krum kake», «lamme lår» og «frityr steikt». Slike skrivemåtar kjem oftast av påverknad frå engelsk, som har andre reglar.

Dersom du les samansetningane høgt for deg sjølv, kan du som regel finne ut om dei skal skrivast i eitt eller to ord. Døme: våt mark – våtmark, billig bok – billigbok, ferdig hus – ferdighus, små kaker – småkaker, gammal ost – gammalost. Dersom du uttalar eit uttrykk som eitt ord, med trykk berre på det første leddet, skal det skrivast som eitt ord. Dersom du uttalar det som to ord, med likt trykk på begge ledda, skal det skrivast som to ord.

Til vanleg bruker vi ikkje bindestrek i samansette ord, men bindestreken kan lette lesinga, til dømes når to vokalar eller tre konsonantar støyter saman, eller når ordet er sett saman av lange eller framande ledd: gløgg-gryte, katte-elskar, bre-is.

Grupper av ord

Ved ein del faste uttrykk og grupper av ord er det ikkje alltid lett å vite om vi skal skrive dei som einskildord eller som ordgrupper. I somme tilfelle kan ein dessutan velje mellom særskriving og samanskriving.

Uttrykk som skal særskrivast

alt saman / alt sammen
av di (nynorsk)
av garde / av gårde
den gong / den gang
den slags
ein del / en del
etter at
etter kvart / etter hvert
for lengst
(for) så vidt
for øvrig (bokmål)
i hvert fall (bokmål)
i staden for / i stedet for (men istedenfor, bokmål)
i så fall
langt (i)frå / langt (i)fra (også i tydinga «på ingen måte»)
mang ein / mang en
om bord
om lag
over bord
på ny(tt)
så menn
så som
til dels
til saman / til sammen
til stades / til stede
ver så god / vær så god

Uttrykk som har valfri samanskriving eller særskriving

for di og fordi
for resten og forresten
i alle fall og iallfall
så framt og såframt (bokmål også så fremt og såfremt)
så pass og såpass
like eins og likeins (nynorsk)
like ens og likeens (bokmål)
visst nok og visstnok

Uttrykk som får samanskriving eller særskriving alt etter tydinga

altfor (= i for høg grad)
alt for (Alt for Noreg!)

eingong/engang (= omsider, fyrst)
ein gong / en gang (det var ein gong …)

ettersom (= fordi)
etter som (= etter kvart som) (også i uttrykket alt etter som

i følgje/følge (med) (= saman med)
ifølgje/ifølge (ifølgje vermeldinga blir det regn)

overalt (= alle stader)
over alt (= framfor alt, høgare enn alt)

Merk:

Ord som innover (el. inn over) og utover (el. ut over) skal skrivast saman som adverb, dvs. når dei står aleine: fuglane flaug innover; fjellet hang utover.

Det er valfritt samanskriving eller særskriving når slike ord står i preposisjonsuttrykk: fuglane flaug inn over / innover landet; fuglane flaug ut over / utover fjorden

Det er ikkje vasstette reglar for dette. Ein regel seier at ord som kan stå aleine, oftast skal skrivast kvar for seg i faste uttrykk, til dømes i dag, over bord. Men det er mange unntak frå regelen. I nokre tilfelle skal det alltid vere samanskriving, til dømes igjennom, sjølv om både og gjennom kan stå aleine. Andre uttrykk skal delast, sjølv om delane ikkje kan stå aleine: i fjor, i hel / i hjel. På dette punktet har rettskrivinga vore endra fleire gonger. Tendensen går i retning av meir særskriving.

 

Sist oppdatert: 11. august 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter