Prisar og kåringar

  • Språkprisen
    Språkrådet deler kvart år ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa.
  • Klarspråksprisen
    Statens klarspråkspris går til statsorgan som gjer ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i dei publikumsretta tekstane sine. Prisen er delt ut kvart år sidan 2009.
  • Nysgjerrigpers språkpris
    Språkrådet og Noregs forskingsråd deler kvar vår ut ein språkpris for nysgjerrigperar. Prisen er ein del av den årlege forskingskonkurransen for barn, Årets nysgjerrigper.
  • Diplom for godt namnevett
    Språkrådet deler ut diplom for godt namnevett til bedrifter og føretak som har valt gode norske namn på verksemda. Tiltaket er mellom anna eit ledd i arbeidet for å motverke unødvendig bruk av engelsk i norsk.
  • Språkgledeprisen
    I samarbeid med Norsk Oversetterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening deler Språkrådet ut Språkgledeprisen til ein person som på kreativt vis bidrar til å spreie språkglede og skape begeistring for ulike måtar å uttrykkje seg på.
  • Årets nynorskkommune
    I samarbeid med Språkrådet kårar Kulturdepartementet kvart år årets beste nynorskkommune. Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane.
  • Årets ord
    Språkrådet kårar kvart år årets ord. Det kan vere nyord eller ord av nyare dato som har prega året, og som vi ønsker å framheve.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter