Uttaleråd

Det er ikkje offisielle reglar for uttale i norsk slik det er for skrivemåte og bøying. Vi reknar alle etablerte talemålsvariantar (dialektar, sosiolektar o.l.) som likeverdige. Det vil seie at ingen talemålsvariant blir rekna som rettare eller betre enn andre. 

Standardspråkuttale

Råda på denne sida gjeld uttale av skriftspråka bokmål og nynorsk. Sjølv om Språkrådet ikkje normerer uttalen, gjev vi råd og opplysningar om uttale som byggjer på eller ligg nær skriftspråka, det vil seie i det ein kan kalle standardspråkuttale. Råda gjeld særleg framandord og andre ord det kan vere tvil om. I standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka er det uttaleopplysningar ved mange slike ord. Uttaleopplysningane er meinte som ei hjelp og ei rettleiing til dei som vil vite korleis eit ord blir uttalt i standardspråkuttalen. Det er ikkje meininga å påverke folk til å leggje bort andre uttalemåtar eller å gje inntrykk av at slike uttalemåtar er mindreverdige.

Rådgjevingsprinsipp

På same måte som i retningslinjene for normering følgjer vi visse prinsipp for råda og opplysningane vi gjev om uttale:

  • Likskapsprinsippet: Alle former innanfor etablerte talemålsvariantar er likeverdige og gangbare.
  • Ortofoniprinsippet: Innanfor standardspråkuttalen tilrår vi som hovudregel skriftnær uttale.
  • Konsistensprinsippet: Eit generelt råd er å vere konsekvent innanfor den varianten ein bruker.
  • Tradisjonsprinsippet: Uttalemåtar som er blitt etablerte gjennom utbreidd bruk over ei viss tid, vert rekna som gangbare.

Trykk og tonelag (tonem)

Ord som følgjer hovudmønsteret i norsk med trykk på første stavinga, har vanlegvis inga markering av trykk og tonem i ordbøkene. Ved ord som ikkje har hovudtrykket på første stavinga, bruker Bokmålsordboka og Nynorskordboka teiknet ´ for å vise tonem 1 og teiknet ` for å vise tonem 2:

ord med tonem 1: konto´r, vaksine´re, filosofi´
ord med tonem 2: vaksi`ne, krokodil`le

Slik markering av trykk og tonem står i Bokmålsordboka (2005) og Nynorskordboka (2006), papirutgåvene, men er for tida ikkje synleg i nettutgåvene. Vi gjer merksam på at hovudtrykket òg kan leggjast på første stavinga i slike ord i ein del talemål.

Ved importord er det i ordbøkene i somme tilfelle ført opp uttale av heile ordet eller ein del av det i parentes etter bøyinga. Uttalen står med vanlege bokstavar, ikkje lydskrift.

Døme:

quebrachom1 (utt kebrat´tsjå; …)
kompliment (utt -man´g; …)
karotenoid (utt -o-i´d)

Vi tilrår ikkje trykkplasseringar som bryt med tradisjonell uttale.

Trykket i nylaga ord bør følgje tradisjonelle norske mønster. 

Stadnamn

I norske stadnamn skal ein så vidt mogleg følgje tonelag, trykkplassering og bruk av bestemt eller ubestemt form etter mønster frå den lokale uttalen. Vi tilrår oppslagsboka Norsk stadnamnleksikon (Det Norske Samlaget 1997).

Tal

Tal skal uttalast etter teljemåten som vart innført i 1951 (den nye teljemåten). Tiaren kjem då føre einaren: tjueto, trettiåtte, førtifem.

Vi minner om at i bokmål er sju og syv jamstilte skrivemåtar, mens tjue, tretti og førti er eineformer.

Årstal på 2000-talet, som 2015, kan skrivast og uttalast på to måtar: totusenogfemten eller tjuefemten.

Skriftnær uttale

I mange tilfelle ser vi det som tenleg å ta vare på nært samsvar mellom skriftbilete og uttale. Det vil seie at etablert skriftnær uttale skal kunne brukast ved sida av utanlandsk uttale. Det gjeld ord som energi og strategi, kompromiss, suksess og presentere.

Vi tilrår ikkje uttale som bryt både med den utanlandske uttalen og skriftbiletet. Såleis bør desse orda frå fransk uttalast utan å sløyfe den siste konsonanten: pommes frites /påmm fritt/, entrecôte /an(g)trekåt´t/, bearnés /bærne´s/ eller /bearne´s/.

 

Sist oppdatert 13. november 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter