Norsk

Korleis blei norsk til norsk? Kva utvikling har språket vore gjennom? Kva veit vi om historia til orda våre?

Språket vårt har ikkje alltid vore slik vi kjenner det i dag. Det er lang veg frå det fellesskandinaviske språket vi kallar urnordisk, og til dagens bokmål og nynorsk. Likevel er slektskapen tydeleg nok til at vi framleis lett kan høyre og sjå at dei skandinaviske språka kjem frå same opphav, og at vårt eige språk slik vi bruker det i dag, både i skrift og i tale, har klatra trappetrinna frå utgangspunktet urnordisk, gjennom norrønt i vikingtida, gammalnorsk i mellomalderen og mellomnorsk fram mot reformasjonen. Vi har skriftlege kjelder til dialektane våre som går meir enn 500 år attende i tid.

I mange år var Noreg og Danmark eitt rike. Dansk skriftspråk var utgangspunktet for bokmålet. Dei norske dialektane danna grunnlaget for nynorsken. I dag er bokmål fleirtalsmålforma i Noreg, men dei to skriftspråka er jamstilte ved lov.

Språk er av dei tinga vi nordmenn liker best å snakke om! Etymologi er vitskapen om opphavet til orda.

Her er to nyttige artiklar om ordas historie:

Dei to skriftspråka våre har gått gjennom fleire rettskrivingsreformer.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter