Norsk

Den norske skriftspråksituasjonen er unik. Norsk har to ulike skriftspråk – bokmål og nynorsk. Norske skuleelevar får velja om dei vil ha bokmål eller nynorsk som hovudspråk. I dag har knappe 90 prosent av elevane valt bokmål og vel 10 prosent har valt nynorsk. Alle elevar lærer det andre språket i tillegg, men les og skriv det i mindre omfang enn hovudspråket.

Bakgrunnen er historisk. I 300 år var Noreg ein del av Danmark, og dansk var det offisielle skriftspråket i Noreg. Etter frigjeringa tidleg på 1800-talet ville nordmennene skapa eit eige, norsk skriftspråk. Det skjedde gjennom to ulike konkurrerande metodar. Den eine metoden justerte dansk slik at ein bytte ut danske ord med norske og til ei viss grad nærma seg (aust)norsk talespråk. Resultatet blei bokmål. Den andre metoden gjekk ut på å skapa eit heilt nytt skriftspråk på grunnlag av dei norske dialektane. Resultatet blei nynorsk.

Det er både fordelar og ulemper med å skriva norsk på to ulike måtar. Det er ein fordel at nordmenn kan velja skriftspråk etter kva dialekt den einskilde har. Det er ei ulempe at det blir dyrt og komplisert fordi alle lærebøker, offentlege dokument og annan viktig informasjon ifølgje mållova må liggja føre på begge språka samstundes.

Både bokmål og nynorsk har trugne tilhengarar som iblant har delteke i ein slags språkkrig. Nokre har prøvd å megla og koma med forslag til korleis ein kan slå saman skriftspråka til eitt. Resultatet har ofte enda med større valfridom og forvirring om korleis nynorsk og bokmål eigentleg skal skrivast. Samnorsklina, som denne løysinga blir kalla, er ikkje lenger offisiell norsk politikk.

Stor aksept for dialektane

Jamført med Danmark, Sverige og mange andre land har norsk teke godt vare på dialektane. Dialektdraga i språket er mange og tydelege, og det gjer at nordmenn lett avslører kvar dei kjem frå når dei snakkar. Årsaka er dels ein medviten språkpolitikk med stor aksept for dialektbruk, og dels at den norske geografien har bidrege til stor avstand mellom folk. Generelt kan ein dela opp dialektane i fire hovudområde: austnorsk, vestnorsk, trøndersk og nordnorsk.

Korleis forstå norsk?

Ein del vanlege ord, særleg i nokre dialektar, er vanskelege å forstå for andre nordbuar. Det gjeld mellom anna pronomen som me (= vi), dykk (= dere) og hennar (hennes). Det gjeld også spørjeord som korleis (= hvordan) og kvifor (= hvorfor).

Vokalkombinasjonar, såkalla diftongar, er vanlegare i norsk enn i dansk og svensk. Det gjeld ei, øy og au (nei i staden for nej, øy i staden for ö, aust i staden for öst). Lytt til skilnadane ved å klikka på orda og finn fleire døme i ordboka. Andre nordbuar plar ha vanskar med å uttala dei norske diftongane. Au skal til dømes uttalast omlag som æu. Slå opp hauk i miniordboka og lytt til det norske ordet hauk.

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle nordiske språk. Nedanfor ser du den nynorske versjonen. Ved å lesa den korte omtalen av dei andre nordiske språka, kan du jamføra likskapar og skilnadar mellom denne teksten på nynorsk og dei andre nordiske språka:


Svenskar, nordmenn og danskar forstår kvarandre ganske bra. Dei har større problem med islandsk, sjølv om islandsk liknar det skandinaviske språket som vart snakka for tusen år sidan. Færøysk er det språket som er nærast islandsk, men språka er ikkje så like at ein islending forstår ein færøying utan problem.

Finsk minner om estisk, men det har og trekk som liknar på dei samiske språka. Både i finsk og samisk kan ein til dømes laga lange ord ved å leggja bøyingsendingar til ordstamma. Men når det gjeld lange ord, er grønlandsk i ein klasse for seg sjølv. Der andre språk treng ei heil setning, er det iblant nok med eit einaste (langt) ord på grønlandsk.


Den nynorske teksten bruker bokstaven a meir enn bokmål – heile 82 (må teljast når bm-teksten er på plass) gonger (jamført med berre 47 i den svenske)! Årsaka er blant anna dei grammatiske endingane – fleirtalsendinga i substantiva er oftare -ar i nynorsk der ein brukar -er i bokmål, infinitivforma i verba er valfri mellom -a og -e i nynorsk, til dømes lage/laga), og adjektiva endar ofte på -e framfor eit substantiv (skandinaviske og lange). Men norsk og dansk stavar oftare ord med e der svensk bruker bokstaven ä.

I ordet hverandre er h- stum og skal ikkje uttalast i bokmål, medan k- i kvarandre på nynorsk skal uttalast. Svensk hadde også stum h- i varandra tidlegare, men vart fjerna gjennom ein rettskrivingsreform i 1906. Både svensk og norsk bokmål har ord med stum h.

Mange av orda i dansk og norsk bokmål er like, medan mange ord i svensk er dei same som i nynorsk. Døme kan vera ordet setning på norsk bokmål og dansk der ein på svensk og nynorsk brukar me(i)ning. At dansk og norsk bokmål har mykje likt i ordforrådet, er eit teikn på at det norske bokmålet som skriftspråk, er basert på dansk. At svensk og norsk nynorsk har mykje likt i ordforrådet, viser at desse språka ligg nær kvarandre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter