Ord på -heit

Er det lov å bruka ord på -heit i nynorsk? Ja, i nokon mon. Men ofte er det betre å nytta andre ord eller skriva om. Språkrådet har utarbeidd reglar for kva for -heit-ord som kan nyttast. Her får du eit oversyn over reglane, og nokre råd om omskriving.

Reglar for ordlaging

Språkrådet godtek i dag -heit (ikkje -het) som ei ordinær og produktiv ordlagingsending i nynorsk. Endinga bør likevel ikkje nyttast slik at ho trengjer ut innarbeidde ordlagingsmåtar i nynorsk. Språkrådet har utarbeidd reglar for kva for -heit-ord som kan nyttast. Ord på -heit kan takast inn i nynorskordbøkene etter desse reglane:

  • -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -ete blir ikkje godtekne: ikkje fordømtheitskikkaheit, klossetheit.
  • Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing (t.d. arbeidslaus > arbeidsløyse).
  • Ord på -sam skal ha -semd ;som einaste avleiing (t.d. sparsam > sparsemd).
  • Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, får normalt ikkje ei form med -heit i tillegg (merk at det likevel finst valfrie par som godheit/godleik).
  • Ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane, får ikkje -heit. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit.

Hugs at -heit-ord er hokjønnsord i nynorsk:

ei nyheit – nyheita – nyheiter – nyheitene

Råd om omskriving

Om du ikkje vil bruka eit -heit-ord, kan du ofte skriva om. Men det bør ikkje gjerast mekanisk, og i mange tilfelle bør ein la -heit-ord stå. Råda nedanfor kan vera nyttige, til dømes når du skal setja om tekst frå bokmål til nynorsk:

Skil -het frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:

  • Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
    Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte / på verdig vis.
  • Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen >
    Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane.
  • Det er økende sannsynlighet for at >
    Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
  • Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
    Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.

Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb som vera, bli eller verta:

  • Det er økende sannsynlighet for at >
    Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at

Skriv om med infinitiv kombinert med ei av dei to løysingane som er skisserte ovanfor:

Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter