Terminologi og fagspråk

Terminologi som faguttrykk er eit framandord for mange. Nedanfor er nokre forklaringar av kva vi meiner når vi skriv og snakkar om arbeid med terminologi og fagspråk i Språkrådet.

Kva er fagspråk?

Fagspråk er språk som kommuniserer fagkunnskap. Språkleg skil det seg ikkje nødvendigvis frå anna språk, men formålet er å formidle kunnskap. I fagspråk legg ein vekt på språkleg effektivitet, og eit viktig verkemiddel er ein klar og eintydig terminologi.

Kva er terminologi?

Terminologi er ei samling fagord og faguttrykk, som gjerne blir kalla termar. Kvar for seg er ein term nemninga for eit omgrep. Eit omgrep kan vi seie er ei kunnskapseining, eller meiningsinnhaldet i termen. Termen er den språklege merkelappen som vi bruker når vi snakkar og skriv om omgrepet.

Kva er terminologiarbeid?

Terminologiarbeid går ut på å systematisere og gjere terminologi tilgjengeleg slik at han fungerer godt i kommunikasjon innanfor eit fagområde, mellom fagområde og mellom spesialistar og ikkje-spesialistar. Terminologi blir gjerne gjort tilgjengeleg i ein termbase.

Viss du vil lære meir om terminologi og terminologiarbeid, kan du bestille heftet Termlosen frå Språkrådet. Dette heftet gir ei kort innføring i terminologisk teori og metode.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter