Stor eller liten forbokstav

Reglane område for område.

Setningsstart

I starten av ei ytring har vi til vanleg stor forbokstav.
Døme:
Tida går.
Livet er langt.
Ja, vi elsker dette landet.
No ser eg atter slike fjell og dalar.

Denne regelen gjeld òg for vanlege forkortingar:
Cand.real. Olsen har bil.
Dr.med. Øy har sykkel.
Tv-en står på.
It-konsulenten arbeider.

Visse internasjonalt standardiserte forkortingar skal alltid ha liten forbokstav. Det skal dei også ha når dei står fremst i ein tekst. Nokre døme:

dB = desibel
kHz = kilohertz
mA = milliampere
mV = millivolt
mSv = millisievert
pH = hydrogenpotensial, dvs. surgrad

Døme:
pH-verdien er 7,0.
dB-grensa ligg på 120.

Etternamn som byrjar med von, van, de o.l. har normalt alltid liten forbokstav:
van Gogh
de Gaulle
von der Lippe
van der Waals-binding

Her kan ein skrive stor forbokstav ved setningsstart om ein ynskjer det.

Etter kolon

Etter kolon har vi liten forbokstav i enkeltord og uttrykk.

Døme:
Her må du velje: meierismør, margarin eller olivenolje.
Alle gode ting er tre: forrett, hovudrett og dessert.
Eg har tre bilar: ein blå, ein grå og ein gul.
Ho øvde på det ho var lite flink til: lange ballar på vingane.

Etter kolon har vi liten forbokstav i leddsetning (bisetning, undersetning).

Døme:
Det hadde likningssjefen aldri tenkt på: at skatten var for høg.
Det var ein ny tanke: at han kunne svare nei.

Når vi har ei heilsetning (hovudsetning) etter kolon, bruker vi stor forbokstav.

Døme:
Mitt syn er dette: Vi må kome først til mølla.
Spørsmålet er: Får vi mat?
Då gjekk det opp for han: I England er det venstrekøyring.

Sitat
Sitat skal vere nøyaktige. Etter kolon kan vi difor få både stor og liten forbokstav.

Døme:
Vismannen sa det slik: «Stillaste vatnet har djupaste grunnen.»
I diktet sier Øverland dette om å glede en annen: «det er den eneste glede.»

Pronomen

Personlege pronomen har vanlegvis liten forbokstav.

Døme:
«Her kommer jeg», sa hanan i Drammen.
Takk for brevet du sende meg i går.

Vi skriv du med liten forbokstav inne i ein tekst. Det same gjeld i religiøs samanheng:
«Fader vår, du som er himmelen.»

Om Gud skriv vi til vanleg han med liten h.

I høfleg tiltale har vi i personlege pronomen stor forbokstav i to tilfelle:

De, Dykk (nynorsk)
De, Dem (bokmål)

Døme:
«Hvor skal De?» «Det raker Dem ikke!»
«Kunne De hjelpe oss?» «Sjølvsagt, Dykk hjelper vi gjerne.»

Høfleg til fleire

Tradisjonelt har vi brukt dei høflege tiltaleformene
De og Dykk (nynorsk)
De og Dem (bokmål)
i brev til privatpersonar og til firma, institusjonar, organisasjonar, kontor osb. Det er høfleg tiltale til både ein og fleire.

No når De/Dykk og De/Dem er mindre brukt enn før, kan vi i staden skrive de/dykk (nynorsk) og dere/dere (bokmål) som tiltale til fleire.

Døme:
Kunne de sende oss nokre fleire bøker?
Derfor kan dere sende to representanter til årsmøtet.

Det er viktig å understreke at det berre heiter dere på bokmål – med liten d.

Eigedomsord (possesiv, tidlegare kalla eigedomspronomen) har til vanleg liten forbokstav.

Døme:
Alt mitt er ditt.
Det er våre bøker, ikkje hans.

Unntak i høfleg tiltale:
Dykkar (nynorsk) og Deres (bokmål).

Døme:
Mannen Dykkar er snill. / Mannen Deres er snill.
Bilen Dykkar står parkert på min plass. / Bilen Deres står parkert på min plass.

Kongelege personar

I generell omtale bruker vi liten forbokstav.

kong Harald og dronning Sonja
kongen og dronninga / kongen og dronningen
majesteten
kronprinsen
kronprinsessa/kronprinsessen
prinsen
prinsessa/prinsessen

Stor forbokstav i faste tiltaleformer

Dykkar Majestet / Deres Majestet
Hans Majestet Kongen
Hennar Majestet Dronninga / Hennes Majestet Dronningen
Høgvørde Kronprins / Deres Kongelige Høyhet
Høgvørde Kronprinsesse / Deres Kongelige Høyhet


Stor forbokstav om Kongen som institusjon

Til Kongen (i søknader)
Embetsmenn blir utnemnde av Kongen i statsråd

Stat, stell og styre

Det meste skal ha liten forbokstav.

Døme:
staten
statsministeren
stortingspresidenten
stortingsrepresentanten
regjeringa/regjeringen (sjå også neste punkt, om grunnleggjande statsorgan)

departementet
departementa/departementene
(men Finansdepartementet, Utanriksdepartementet/Utenriksdepartementet osv.)

Andre tilfelle:
fylkeskommunen
høgsterettsjustitiarius/høyesterettsjustitiarius
kommunen
nasjonalbudsjettet
ordføraren/ordføreren
politiet
rådmannen
skifteretten
statsbudsjettet
statskassen

I desse tilfella må vi skilje mellom institusjonen og personen:

fylkesmannen (= personen)
Fylkesmannen (= institusjonen)

Vårt råd:
Er det snakk om forvaltningsorganet generelt, og ikkje eit konkret embete, skriv vi fylkesmannen med liten f.

riksadvokaten (= personen)
Riksadvokaten (= institusjonen, altså Riksadvokatembetet)

barneombodet/barneombudet (= personen)
Barneombodet/Barneombudet (= institusjonen)

likestillingsombodet/likestillingsombudet (= personen)
Likestillingsombodet/Likestillingsombudet (= institusjonen)

sivilombodsmannen/sivilombudsmannen (= personen)
Sivilombodsmannen/Sivilombudsmannen (= institusjonen)

Forsvaret

Om institusjonen bruker vi stor forbokstav:
Ho var tilsett i Forsvaret.
I slike tilfelle vil Forsvaret ha bruk for ekstramannskap.

Stor forbokstav i
Hæren
Luftforsvaret
Sjøforsvaret
Sivilforsvaret
Heimevernet

I generell omtale bruker vi liten forbokstav:
Vi trenger et forsvar som kan trygge landet.
Alle har ansvar for forsvaret av landet.
Det belgiske sjøforsvaret er nokså redusert.

Stor forbokstav om grunnleggjande statsorgan

Kongen som institusjon og Kongen i statsråd skal ha stor forbokstav.

Stor forbokstav i
Stortinget
Odelstinget
Lagtinget
Høgsterett/Høyesterett

Men liten forbokstav i samansetningar:
stortingsrepresentant
odelstingsproposisjon
høgsterettsdom/høyesterettsdom

Liten forbokstav når ordet ikkje er særnamn (bokmål: egennavn):
«Hvor mange storting har vi hatt etter krigen?»
I Danmark heiter høgsterett «Højesteret».

Vi kan alltid skrive regjeringa/regjeringen med liten forbokstav.
Dersom vi vel å skrive Regjeringa/Regjeringen med stor forbokstav, er det for å få tydeleg fram at vi meiner statsorganet, institusjonen.

Døme:
I slike tilfelle skal Regjeringa (eller: regjeringa) følgje vedtaket i Stortinget.
Den regjeringa vi no har, treng avløysing.

Avdelingar, etatar, komitear, nemnder, seksjonar, utval, prosjekt o.l. skal i regelen ha liten forbokstav.

Døme:
avdelinga/avdelingen
barnevernet
barnevernsnemnda
byplankontoret
bystyret
brukarstøtteseksjonen/brukerstøtteseksjonen
direktoratet
domstolen
eldrerådet
etaten
finanskomiteen
folkeregisteret
folketrygda/folketrygden
foreininga/foreningen
formannskapet
generalforsamlinga/generalforsamlingen
instituttrådet
klubben
komiteen
kommisjonen
kommunestyret
landbruksetaten
landbrukskomiteen
lovavdelinga/lovavdelingen
marknadsavdelinga/markedsavdelingen
nemnda
representantskapet
rådet
sekretariatet
seksjonen
sentralstyret
skatteetaten
skolen
studieutvalet/studieutvalget
styret
teknisk etat
trygdeetaten
trygdekontoret
utvalet/utvalget
utgreiingsseksjonen/utredningsseksjonen
økonomiavdelinga/økonomiavdelingen

Titlar, tilnamn og stillingar

Liten forbokstav, også ved underskrifter og på visittkort.

Døme:
advokat
barnehageassistent
baron
direktør
førstekonsulent
hattemakar/hattemaker
husmor
jarl
jordmor
justisminister
kaptein
kultursjef
kundeleiar/kundeleder (= account manager)
lady
lord
oberstløytnant
sir
sjefingeniør
skulesjef/skolesjef
statsminister
underdirektør
trygdesjef
utanriksminister/utenriksminister
økonomioppfølgjar/økonomioppfølger (= controller)

Liten forbokstav i titlar som står etter namnet:
Håkon jarl
Jørgen hattemakar / Jørgen hattemaker
Jon prest
Aslak smed

Liten bokstav i lange tilnamn med artikkel eller preposisjonsuttrykk:
Karl den store
Olav den heilage / Olav den hellige
den heilage Birgitta / den hellige Birgitta

Stor forbokstav i faste tilnamn utan artikkel:
Halvdan Svarte
Harald Hardråde
Tore Hund
Olav Digre
Jon Blund
Ola Dunk
Pippi Langstrømpe

Litt spesielt:
kong Vinter
kong Alkohol
skogens konge

engelen Gabriel
jomfru Maria

Namn

Institusjonar, organisasjonar o.l. (hovudregel): Det første leddet i namnet skal ha stor forbokstav. Resten har i regelen berre små bokstavar.

Døme:
Rådet for vedlikehold av håndslokkere
Foreningen for hjertesyke barn
Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Departementa har ei lang namneform og ei kortform.
Eit døme på det:
Full form: Det kongelege miljøverndepartement / Det kongelige miljøverndepartement
Kortform: Miljøverndepartementet

Vi skriv staten med liten forbokstav, men i namn blir det stor s i slike tilfelle som desse:
Statens eldreråd
Statens dyrehelsetilsyn
Statens bygningstekniske etat
Statens innkrevjingssentral / Statens innkrevingssentral
Statens utdanningskontor i Buskerud

Vi skriv kommunen og fylkeskommunen med liten forbokstav.
Nokre døme på namn:
Hurdal kommune
Hordaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylke

Vi skriv politiet, likningskontoret, folkeregisteret og trygdekontoret med liten forbokstav.
Nokre døme på namn:
Skien politidistrikt
Klepp likningskontor
Nes trygdekontor

Andre typar namn i staten og kommunane:
Språkrådet
Statistisk sentralbyrå
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Foreldreutvalet for grunnskolen / Foreldreutvalget for grunnskolen
Bjertnes videregående skole
Vasshus skule
Hærens ingeniørhøgskole

Nokre namn har etter gammal tradisjon stor forbokstav også i sisteleddet:
Noregs Bank / Norges Bank
Noregs Statsbaner / Norges Statsbaner

Geografiske namn: Det første leddet i namnet skal ha stor forbokstav. Resten har i regelen berre små bokstavar.

Det fjerne austen / Det fjerne østen
Den dominikanske republikken / Den dominikanske republikk
Dei sameinte arabiske emirata / De forente arabiske emirater
Dei nederlandske Antillane / De nederlandske Antiller
Den europeiske unionen / Den europeiske union
Det heilage landet / Det hellige land
Mexico by

Det heiter
Bygde-Noreg / Bygde-Norge
Vinter-Noreg / Vinter-Norge
med stor forbokstav i førsteleddet.

Sørpolen, men ein sørpolsekspedisjon
Middelhavet, men eit middelhavsland

Ord med geografiske namn eller personnamn i

Stor forbokstav og bindestrek:
Oslo-folk
Drammens-mann
Bergens-dialekt

Men vi skriv helst slik:
oslofolk
drammensmann
bergensdialekt

Samansetningar som sjølv er samnamn (bokmål: fellesnavn), kan altså skrivast på to måtar:

  • med stor forbokstav og bindestrek
  • med liten forbokstav og ingen bindestrek

I innarbeidde samansetningar som vi normalt oppfattar som vanlege ord (samnamn/fellesnavn), bruker vi liten bokstav og ingen bindestrek.

Døme:
altaskifer
chilesalpeter
gudbrandsdalsost
kvæfjordkake
noregsmeisterskap/norgesmesterskap
ringerikserter
selbuvott
ugelstadkuler

Stor forbokstav og bindestrek er det vanlege i nokså tilfeldige samansetningar:
Alta-direktør
Brønnøysund-skribent
Bush-tale
Stoltenberg-ros
Vinstra-uhell

Personar
(sjå òg under punkt 6: Titlar, tilnamn og stillingar)

Heilag-Olav / Hellig-Olav
Vesle-Kari
Dale-Gudbrand

Visse namn får særbehandling:
van Gogh
de Gaulle
von der Lippe

Fremst i ein tekst har det vore vanleg å la slike namn stå med liten forbokstav. Men ein kan skrive stor forbokstav om ein ynskjer det.

Jord og himmel

Liten forbokstav i
sola
månen
jorda

Høgare oppe:
Mjølkevegen/Melkeveien
Store bjørn

Stjerneteikn med liten:
han er jomfru
ho er steinbukk

Religiøse namn med stor forbokstav
Døme: Vårherre, Gud, Den heilage ande / Den hellige ånd, Menneskesonen/Menneskesønnen, Sankt Peter, Fanden, Satan, Allah, Buddha

Bibelen, Koranen

Men:
kjøpe seg ny bibel; lese i bibelen sin
kjærlighetens gud
finne seg ein ny gud
den norrøne guden Odin

for guds skuld / for guds skyld
eit guds under

himmelen
helvetet
universet

Krigar, historiske hendingar og epokar

Når førsteleddet er eit særnamn (bokmål: egennavn), skal det vere stor forbokstav, i andre tilfelle liten.

Døme: med stor:
Vietnamkrigen
Golfkrigen
Kielfreden

Døme: med liten:
trettiårskrigen
mellomalderen/middelalderen
jura
krittida
krystallnatta/krystallnatten
svartedauden
sjuårskrigen (eller syvårskrigen i bokmål)

Ost, frukt, husdyr o.l. har liten forbokstav.
Døme:
gauda(ost)
napoleonskake
mormonsen(kake)
åkerøeple
kerrs pink
herefordfe
norsk raudt fe (NRF)

Plantenamn og bakteriar
Våre vanlege bruksnamn skal ha liten forbokstav:
blåveis
kvitsymre
løvetann

kolibakteriar/kolibakterier
stafylokokkar/stafylokokker

I den latinske namneforma skal det første leddet ha stor forbokstav:
Anemone hepatica
Escherichia coli

Fag og emne

Alle fag skal skrivast med liten forbokstav.

Døme:
bedriftsleiing/bedriftsledelse
butikkslaktarfaget/butikkslakterfaget
fiske og fangst
industriell næringsmiddelproduksjon
keramisk dekor
kommunikasjon
kriminologi
litteratur
nordsamisk
omsorgsfag
plate- og sveisefag
prosjektleiing/prosjektledelse
reindrift
religion og etikk
tysk

Lover

Namn på lover har som regel liten forbokstav. Grunnlova/Grunnloven har stor.

Døme:
Dette står i lov om jordskifte.
I lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. står det ...
Her kan vi vise til lov om ...

Regelen om liten forbokstav gjeld også kortformer av lovnamn:
arbeidsmiljølova/arbeidsmiljøloven
jordskiftelova/jordskifteloven
mållova/målloven
ureiningslova/forurensningsloven
vegtrafikklova/veitrafikkloven

Det er likevel stor forbokstav i kortnamn der forleddet er eit særnamn:
Gulatingslova/Gulatingsloven
Jantelova/Janteloven
Moselova/Moseloven

Himmelretningar

Alle har liten forbokstav.

Døme:
bensinprisen i nord
industrien i sør
faren i aust / faren i øst
vegen mot vest / veien mot vest
landa i sør / landene i sør
den kalde krigen mellom aust og vest
sør står mot nord i klimaspørsmål
vestkysten
austkysten/østkysten

Stor forbokstav i Norden, Vesten, Syden, Austen/Østen:
Han var i Syden på ferie.

Men: Det fjerne austen / Det fjerne østen
Det ville vesten

Dagar, månader og høgtider

Alle har liten forbokstav.

Døme:
jul
nyttår
påske
1. juledag
2. påskedag
langfredag
1. søndag i advent
torsdag
10. juli
august
jonsok
sankthans
sankthansbål
helgemess/allehelgensdag

Bokstavord

Ein kan velje mellom
A-lag og a-lag
H-bombe (kjemisk symbol) og h-bombe (hydrogen-)
X-kromosom og x-kromosom

edb eller EDB
tv eller TV
Nato eller NATO
Efta eller EFTA

Men berre
C-vitamin
V-dal
U-dal
H-bjelke

i-land
u-land
a-bombe

Toneartar

A-dur
Ess-dur

a-moll
ess-moll

Griegs a-mollkonsert

Andre aktuelle

VK1
VK2

pH-måling
pH-verdi

 

Sist oppdatert: 27. mai 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter