Normering av nynorsk og bokmål

Normering er å fastsetje kva som er gjeldande rettskriving. Språkrådet kan gjere vedtak som gjeld normene for nynorsk og bokmål. Det kan vere vedtak om skrivemåte og bøying av nye ord som kjem inn i språket, eller vedtak om endringar i skrivemåte og bøying av ord som har normert form frå før. Reglar for teiknsetjing og andre skrivereglar kan òg endrast.

Kva omfattar dei offisielle normene?

Normer finn vi i alle språk og i alle lag av språket. For talemålet er normene ofte ikkje eksplisitt uttrykte nokon stad, men språkbrukarane følgjer dei likevel utan å tenkje over det. Dei offisielle normene for nynorsk og bokmål gjeld berre skriftspråk, og dei regulerer med få unntak berre skrivemåte og bøying av ord. Rettskriving og bøying er sentrale og identitetsskapande kjennemerke på eit skriftspråk. Normene for nynorsk og bokmål gjer kvar av desse målformene einskaplege nok til at dei kan kjennast att frå tekst til tekst. Normene reflekterer både skrifttradisjonane og variasjonsrikdomen i det norske språket.

Korleis normerer vi?

Dei normene nynorsken og bokmålet har i dag, blei fastsette ved dei siste større rettskrivingsreformene, for bokmål i 2005 og for nynorsk i 2012. Dei overordna retningslinjene for normeringa er forankra i Stortinget. Den gjeldande språkpolitikken legg til grunn at dei to målformene skal normerast kvar for seg på sjølvstendig grunnlag. Eit anna hovudprinsipp er at normene i store trekk skal liggje fast. Det er altså ikkje aktuelt med større rettskrivingsreformer med det første. Likevel kan Språkrådet gjere normeringsvedtak dersom faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det. Meir gjennomgripande endringar må godkjennast av Kulturdepartementet.

Normeringsprinsipp

Språkrådet fekk fullmakt til å gjere normeringsvedtak i 2012. I 2015 blei det vedtatt eit sett med retningslinjer som mellom anna gjer greie for prinsippa ein skal leggje vekt på i normeringssaker.

Saksgang

Fagrådet for normering og språkobservasjon er det organet i Språkrådet som greier ut konkrete normeringssaker. Fagrådet har åtte medlemmer, fire for bokmål og fire for nynorsk. Leiar og nestleiar i fagrådet høyrer til kvar si målform og alternerer annakvart år. Etter handsaming i fagrådet blir normeringssaker lagde fram for styret i Språkrådet. Alle normeringsvedtak som Språkrådet har gjort sidan 2012, er samla på denne sida. Når eit vedtak er fatta, blir standardordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka oppdaterte i tråd med vedtaket så snart som råd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter