Språkrådets kompetanseprøver

Språkrådet held kompetanseprøver for språkkonsulentar, både i nynorsk og bokmål. Dei konsulentane som greier prøva, er svært gode korrekturlesarar, språkvaskarar og omsetjarar frå bokmål til nynorsk som Språkrådet kan gå god for.

Statsorgan som ønskjer det, kan ta kontakt med Språkrådet og be om å få ei liste med namn på desse konsulentane.

Prøvene har vore haldne omtrent annakvart år. Sist var 12. mars 2016.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter