Språkdagen blir flytta til mars 2018

Språkrådets årlege dagskonferanse Språkdagen har i fleire år blitt arrangert i november, men arrangementet blir nå flytta til vårhalvåret.

Det tyder at Språkdagen 2017 utgår, og at neste konferanse blir Språkdagen 2018 som vil gå av stabelen torsdag 15. mars 2018. Vi vil legge ut meir informasjon om arrangementet på nyåret.

Dette tyder òg at Språkdagen og Språkprisen skil lag. Språkprisen for 2017 vil bli delt ut i eit eige arrangement på Litteraturhuset i Oslo 15. november 2017. Du kan lese meir om Språkprisen her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter