Eponym i fysikk og kjemi

Heiter det Lewis-struktur, Lewisstruktur, lewisstruktur eller Lewis struktur? Ein gjennomgang av fag- og lærebøker i kjemi syner at mange tykkjer det er vanskeleg å skrive fagtermar som er danna av personnamn som forledd. På denne sida finn du hjelp.

Fagtermar som er danna av personnamn som forledd, kan i all hovudsak skrivast på tre måtar. Godt innarbeidde fagtermar vert ofte skrivne med små bokstavar, t.d. dopplereffekt, lorentzfaktor, røntgenapparat og nernsteffekt. Det er òg mogleg å skrive namnet med stor forbokstav og deretter bindestrek, t.d. Acheson-omn, Brønsted-syre og Haber-Bosch-prosessen. Det gjeld særleg der fagtermen har ei klar tilknyting til namnet. Legg merke til at ein oftast knyter saman to personnamn med bindestrek som i det siste dømet. Til slutt kan ein i ein del tilfelle nytte s-genitiv, t.d. Daltons atomteori, Hunds regel og Soxhlet-prinsippet. Det gjeld ofte abstrakte storleikar som teorem, lover, modellar, prinsipp og liknande.

I ein del tilfelle sluttar personnamnet på bokstaven s, og det gjer det nok ekstra vanskeleg for mange. Det gjeld fagtermar som er danna av namn som t.d. Arkimedes, Hess og Lewis. Då gjeld også dei same reglane, vi må halde på s-en, altså lewisstruktur og Lewis-struktur. Begge variantane er moglege og i bruk. Abstrakte storleikar som t.d. Hess’ lov skriv vi med apostrof for å markere genitiv.

Vi ser at mange skriv *Lewisstruktur, men det bryt med etablerte skrivereglar. Det gjer òg særskriving som *Lewis struktur.

Merk òg at om ein gjer eit etternamn med fleire ledd (t.d. van der Waal) om til adjektiv, må det skrivast i eitt, t.d. vanderwaalske krefter. Skrivemåten *van der Waalske krefter, som ein del brukar, bryt med rettskrivinga.

Under finn du ei liste over skrivemåtar av fagtermar som er i tråd med norsk rettskriving. Lista inneheld fagtermar innan hovudsakleg kjemi og noko fysikk. Legg merke til at når fleire variantar er moglege, kan det vere ulik bruk av dei. Det er tradisjon for å nytte Avogadros lov i ubunden form eintal, men avogadrotalet i bunden form eintal.

Nokre ordformer står i parentes. Dei er språkleg moglege, men ikkje nytta så ofte.

Send gjerne forslag til fleire slike fagtermar som kan vere vanskelege å skrive.


 

A | B | C | D | E | F | G | H | J | K | L | M | N | O | P | R | S | T | V | W | Y

BokmålNynorsk
A
Acheson-ovn Acheson-omn
Acheson-prosess Acheson-prosess
arkimedesloven, Arkimedes’ lov arkimedeslova, Arkimedes’ lov
Arrhenius-base (arrheniusbase) Arrhenius-base (arrheniusbase)
Arrhenius-syre (arrheniussyre) Arrhenius-syre (arrheniussyre)
Arrhenius’ ligning (Arrhenius-ligning, arrheniusligning) Arrhenius’ likning (Arrhenius-likning, arrheniuslikning)
avogadrokonstanten (Avogadros konstant og Avogadro-konstanten) avogadrokonstanten (Avogadros konstant og Avogadro-konstanten)
avogadrotallet, Avogadros tall (Avogadro-tall) avogadrotalet, Avogadros tal (Avogadro-tal)
Avogadros lov, avogadroloven Avogadros lov, avogadrolova
Avogadros prinsipp Avogadros prinsipp
B Til toppen
beckmanntermometer beckmanntermometer
Beers lov Beers lov
Beer-Lamberts lov Beer-Lamberts lov
boltzmannkonstanten, Boltzmann-konstanten boltzmannkonstanten, Boltzmann-konstanten
Birkeland-Eydes metode, Birkeland-Eyde-metoden Birkeland-Eydes metode, Birkeland-Eyde-metoden
Birkeland Eydes prosess, Birkeland-Eyde-prosessen Birkeland Eydes prosess, Birkeland-Eyde-prosessen
Bjerrum-diagram Bjerrum-diagram
Bohrs atommodell Bohrs atommodell
Boudouard-reaksjon Boudouard-reaksjon
Boyles lov Boyles lov
Bragg-ligningen Bragg-likninga
Braggs lov Braggs lov
brewstervinkel (Brewster-vinkel) brewstervinkel (Brewster-vinkel)
brownske bevegelser brownske rørsler
Brønsted-base Brønsted-base
Brønsted-syre Brønsted-syre
Brønsted-Lowrys syre-base-teori Brønsted-Lowrys syre-base-teori
Brønsteds syre-base-teori Brønsteds syre-base-teori
C Til toppen
Charles’ lov Charles’ lov
Claisen-kondensasjon Claisen-kondensasjon
Coloumbs lov Coloumbs lov
comptoneffekt (Compton-effekt) comptoneffekt (Compton-effekt)
Cope-omleiring Cope-omleiring
D Til toppen
Daltons atomteori Daltons atomteori
Daltons lov Daltons lov
daniellelement (Daniell-element, Daniells element) daniellelement (Daniell-element, Daniells element)
de Broglie-relasjonen de Broglie-relasjonen
de Broglie-bølgelengde de Broglie-bølgjelengd
Dess-Martin-oksidasjon Dess-Martin-oksidasjon
Devardas legering Devardas legering
dopplereffekt dopplereffekt
Downs celle Downs celle
Dulong og Petits lov (Dulong-Petits lov) Dulong og Petits lov (Dulong-Petits lov)
E Til toppen
Einsteins ligning Einsteins likning
F Til toppen
Faradays lov Faradays lov
faradaybur (Faraday-bur, Faradays bur) faradaybur (Faraday-bur, Faradays bur)
faradayeffekt (Faraday-effekt, Faradays effekt) faradayeffekt (Faraday-effekt, Faradays effekt)
faradaykonstanten (Faraday-konstant, Faradays konstant) faradaykonstanten (Faraday-konstanten, Faradays konstant)
Fehlings test Fehlings test
Fehlings væske (Fehling-væske) Fehlings væske (Fehling-væske)
Fehlings løsning Fehlings løysning
Fischer-Tropsch-syntese Fischer-Tropsch-syntese
Fischer-Tropsch-prosess Fischer-Tropsch-prosess
Fokker-Planch-ligningen Fokker-Planch-likninga
foucaultpendel (Foucalts pendel) foucaultpendel (Foucalts pendel)
fourieranalyse (Fourier-analyse) fourieranalyse (Fourier-analyse)
fraschprosessen (Frasch-prosessen) fraschprosessen (Frasch-prosessen)
frauenhoferlinje frauenhoferlinje
Friedel-Crafts reaksjon Friedel-Crafts reaksjon
Friedel-Crafts alkylering Friedel-Crafts alkylering
G Til toppen
galileitransformasjon (Galilei-transformasjon) galileitransformasjon (Galilei-transformasjon)
geigerteller geigerteljar
Geiger-Müller-rør Geiger-Müller-røyr
Geiger-Müller-teller Geiger-Müller-teljar
gibbsfunksjon gibbsfunksjon
gibbsenergi gibbsenergi
Gibbs frie energi Gibbs frie energi
glaubersalt glaubersalt
Gay-Lussacs lov Gay-Lussacs lov
Gay-Lussac-tårn Gay-Lussac-tårn
glovertårn (Glover-tårn) glovertårn (Glover-tårn)
Grignard-forbindelse Grignard-sambinding
Grignard-reagens Grignard-reagens
Grignards reaksjon, Grignard-reaksjon Grignards reaksjon, Grignard-reaksjon
H Til toppen
Haber-Bosch-prosessen Haber-Bosch-prosessen
Haber-Bosch-syntesen Haber-Bosch-syntesen
Haber-Bosch-metoden Haber-Bosch-metoden
Hall-Hérolt-prosessen Hall-Hérolt-prosessen
Haworth-projeksjon Haworth-projeksjon
Haworths ringformel Haworths ringformel
Heisenbergs usikkerhetsrelasjon Heisenbergs uvisserelasjon
helmholtzenergi helmholtzenergi
helmholtzfunksjon helmholtzfunksjon
Helmholtz-resonator Helmholtz-resonator
Henderson-Hasselbalchs ligning Henderson-Hasselbalchs likning
henrykonstanten (Henrys konstant) henrykonstanten (Henrys konstant)
Henrys lov Henrys lov
Hess’ lov Hess’ lov
Hunds regel Hunds regel
Huygens´ prinsipp Huygens´ prinsipp
J Til toppen
Joule-Thomson-effekt (Joule-Thomsons effekt) Joule-Thomson-effekt (Joule-Thomsons effekt)
K Til toppen
kelvineffekt kelvineffekt
Kjeldahls metode, Kjeldahl-metoden Kjeldahls metode, Kjeldahl-metoden
krebssyklus (Krebs-syklus, Krebs’ syklus) krebssyklus (Krebs-syklus, Krebs’ syklus)
Kundts rør Kundts røyr
L Til toppen
Le Châteliers prinsipp, Le Châtelier-prinsippet Le Châteliers prinsipp, Le Châtelier-prinsippet
Leblanc-prosessen Leblanc-prosessen
Leclanché-celle Leclanché-celle
Leclanchés element, Leclanché-element Leclanchés element, Leclanché-element
Leidenfrost-effekt Leidenfrost-effekt
Leidenfrosts fenomen Leidenfrosts fenomen
Lenz’ regel Lenz’ regel
Lenz’ lov Lenz’ lov
lewisbase (Lewis-base) lewisbase (Lewis-base)
lewissyre (Lewis-syre) lewissyre (Lewis-syre)
lewismodell (Lewis-modell) lewismodell (Lewis-modell)
lewisstruktur (Lewis-struktur) lewisstruktur (Lewis-struktur)
lewissymbol (Lewis-symbol) lewissymbol (Lewis-symbol)
Lipowitz’ legering Lipowitz’ legering
Lipowitz’ metall Lipowitz’ metall
London-kraft, londonkraft London-kraft, londonkraft
Londons dispersjonskraft Londons dispersjonskraft
lorentztranformasjon lorentztranformasjon
lorentzfaktor lorentzfaktor
lorentzkraft lorentzkraft
Loschmidts tall Loschmidts tal
M Til toppen
Markownikoffs regel Markownikoffs regel
Michaelis-konstant, Michaelis’ konstant Michaelis-konstant, Michaelis’ konstant
Michaelis-Menten-ligningen Michaelis-Menten-likninga
Michaelis-Menten-kinetikk Michaelis-Menten-kinetikk
Mohrs omhyllingskurve Mohrs omhyllingskurve
Mohrs spenningsdiagram Mohrs spenningsdiagram
Mohrs salt Mohrs salt
Mohrs titrering Mohrs titrering
Mohs’ hardhetsskala Mohs’ hardleiksskala
mondgass mondgass
N Til toppen
nernstligningen (Nernst-ligning, Nernsts ligning) nernstlikninga (Nernst-likning, Nernsts ligning)
Nernsts formel Nernsts formel
Nernsts ligning Nernsts ligning
Nernsts teorem Nernsts teorem
nernsteffekt nernsteffekt
Nesslers reagens, Nessler-reagens Nesslers reagens, Nessler-reagens
newtonmeter newtonmeter
newtonringer newtonringar
Newtons bevegelseslover Newtons rørsleslover
Newtosn gravitasjonslov Newtosn gravitasjonslov
Newtons metode Newtons metode
Newtons viskositetslov Newtons viskositetslov
newtonsk væske newtonsk væske
Newton-Raphsons metode Newton-Raphsons metode
O Til toppen
ohmsk motstand ohmsk motstand
ohmmeter ohmmeter
Ohms lov Ohms lov
orsatapparat (Orsat-apparat) orsatapparat (Orsat-apparat)
ostwalddiagram ostwalddiagram
Ostwalds kapillarelektrometer Ostwalds kapillarelektrometer
P Til toppen
Pascals kar Pascals kar
Pascals lov Pascals lov
pauliprinsippet (Pauli-prinsippet) pauliprinsippet (Pauli-prinsippet)
Paulis eksklusjonsprinsipp Paulis eksklusjonsprinsipp
Paulis utelukkelsesprinsipp Paulis utelukkingsprinsipp
peltiereffekt (Peltier-effekt) peltiereffekt (Peltier-effekt)
planckkonstanten, Planck-konstanten Plancks konstant planckkonstanten, Planck-konstanten Plancks konstant
Plancks strålingslov Plancks strålingslov
planckfunksjon (Planck-funksjon) planckfunksjon (Planck-funksjon)
planckkurve planckkurve
R Til toppen
Raoults lov Raoults lov
raschigringer raschigringar
Roses metall Roses metall
rydbergkonstanten (Rydberg-konstanten, Rydbergs konstant) rydbergkonstanten (Rydberg-konstanten, Rydbergs konstant)
S Til toppen
Schlippes salt Schlippes salt
schrødingerligningen, Schrødinger-ligningen, Schrødingers ligning schrødingerlikninga, Schrødinger-likninga, Schrødingers likning
Schweizers reagens Schweizers reagens
seignettesalt, Seignettes salt seignettesalt, Seignettes salt
Snells brytningslov Snells brytingslov
soxhletapparat, Soxhlet-apparat soxhletapparat, Soxhlet-apparat
Soxhlet-ekstraksjon Soxhlet-ekstraksjon
Steiners sats Steiners sats
Steiners formel Steiners formel
stocksystemet, Stock-systemet stocksystemet, Stock-systemet
T Til toppen
thomsoneffekt thomsoneffekt
Tollens test Tollens test
Troutons regel Troutons regel
V Til toppen
van der Graaff-generator van der Graaff-generator
van der Waals-binding van der Waals-binding
van der Waals-krefter van der Waals-krefter
van der Waals-gass van der Waals-gass
van de Waals-tilstandligning van de Waals-tilstandlikning
van der Waals-modell van der Waals-modell
vandewaalske krefter vanderwaalske krefter
van’t Hoffs lov van’t Hoffs lov
van’t Hoffs ligning van’t Hoffs likning
van’t Hoffs faktor van’t Hoffs faktor
voltasøyle (Voltas søyle) voltasøyle (Voltas søyle)
W Til toppen
Wheatstones bro, Wheatstone-bro Wheatstones bru, Wheatstone-bru
wilsonkammer wilsonkammer
Woods metall Woods metall
Wöhlers syntese Wöhlers syntese
Y Til toppen
Youngs modul Youngs modul

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter