«Da» eller «når»

Mange synest det er vanskeleg å skilje mellom da og når.

Det enklaste er å hugse på denne regelen:

Den gong da, kvar gong når.

Når du skal fortelje om noko som skjedde éin gong, i fortida, bruker du da:

  • Da han kom, byrja vi å ete.
  • Ho grein da ho høyrde kva som hadde hendt.
  • Da eg oppdaga feilen, retta eg han med éin gong.
  • Da vi drog, var det framleis fint vêr.

Når du skal fortelje om noko som skjer no, eller som har skjedd fleire gonger, bruker du når:

  • Vi åt alltid når han kom.
  • Når eg er i Oslo, bruker eg å vitje tanta mi.
  • Når det er stor trafikk, kan det lett bli kø inn og ut av byen.
  • Når det stormar om hausten, liker vi best å sitje framfor peisen med ei god bok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter