Da/når i historisk presens

Bør ein bruke da eller når i historisk og dramatisk presens?

Svar

Språkrådet tilrår at ein i slike tilfelle bruker da der ein ville brukt da om det hadde vore fortalt i fortid. Det er det tradisjonelle.

Ein bør altså skrive slik:

  • Da Napoleon kjem attende til Paris i 1799, gjer han statskupp
  • Det norske laget får nytt mot da Carew scorar.

Stadig fleire bruker nok berre når i historisk presens i tale. Hos mange kan altså «Når eg kjem dit» tyde tre ting:

  • Da eg kjem dit (fortid) = Da eg kom dit
  • Når eg kjem dit (framtid)
  • Når eg kjem dit (repetisjon, jf. «kvar gong når»)

Med det tradisjonelle mønsteret får vi altså skilt ut ein nyanse ved hjelp av «da». Mange vrir seg unna valet med å bruke «idet» for «da» ovanfor.

Døme på repetisjon

Hovudregelen «den gongen da, kvar gong når» kan følgjast også i historisk presens. Sjå på desse setningane:

  • Da Per kjem heim frå jobben (denne måndagen), har Mari laga mat.
  • Når Per kjem heim frå jobben (denne hausten), har Mari laga mat.

Framtid sett frå fortida

Om noko er lagt til ei tenkt framtid sett frå fortida, blir det når:

  • Dette skulle fyrst gjerast når det låg føre meir detaljerte planar.

Anna

Også i handlingsreferat kan ein godt bruke da:

  • Du kan her lese om korleis det går da Peer møter bøygen.

I scenetilvisingar høver det likevel betre med når, sidan eit stykke skal spelast mange gonger.

Somme tider er tidsforholdet heilt ubestemmeleg:

  • Når Peer møter bøygen, bryt Ibsen alle krav til realisme.

Her høver det best med når.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter