Smeltedigel

No image

Ein smeltedigel er eit kar til å smelta metall i. Ordet blir også brukt i overført tyding. Norrønt har substantivet einn digull, så opphavet til digel ligg der.

Det som er inni ein digel, er metall, og norrønt har verbet digna, som tyder ’blautna’, ’mjukna’ (om metall). Eit anna norrønt verb er digla, som tyder ’henga som ein drope’.

Konsonantane i verbet digla er dei same (og i same rekkefølge) som i substantivet digull, så dei to orda må henga saman. Den primære tydinga av digull er ’hengande drope’. Ein digull/digel er altså opphavleg dropeforma.

Det som er inni ein digel, er ein blaut masse. Ein deig er også ein blaut masse, så det er faktisk eit tydingssamband mellom jernsmelting og brødbaking.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2015 | Oppdatert:27.01.2021