Fagfolk som ordsmedar

Framandkrigar og pøbelgran. Strøymeteneste og deleøkonomi. Mange av nyorda i språket vårt er opphavleg fagtermar som er gjorde alminnelege i avisartiklar og på nettet.

AV GISLE ANDERSEN og OLE VÅGE

Nye ord vert laga kvar dag, nokre slår rot i språket, men dei aller fleste er døgnfluger, og vi ser aldri noko meir til dei. Men kor kjem nyorda frå? Nokre kjem nok frå journalistar som lagar korte og kreative overskrifter, andre kjem frå ungdom som dannar sin eigen sjargong. Om vi ser på kåringane av årets ord dei siste åra, er det likevel ei anna kjelde som peiker seg ut. Mange av nyorda vi nyttar i språket vårt, kjem eigentleg frå fagspråket. Det er altså fagfolk som står bak dei.

Framandkrigar

Årets ord i 2014 oppstod fordi terrorforskarar trong eit nytt og treffande ord for eit framveksande fenomen. Ein framandkrigar er ein person som reiser til framande land for å krige, ikkje på vegner av sitt eige land, men på grunn av personleg overtyding. Eksisterande omgrep som frontkjempar, leigesoldat og friviljug vart for upresise. Medieinteressa har vore enorm, og vegen frå ein forskingsartikkel til ein avisartikkel kort. Ordet vert så vanleg at ein ikkje tenkjer over at det kjem frå fagspråket.

Teknologi for alle

Den teknologiske utviklinga formar mykje av samfunnsutviklinga vår. Det gjeld ikkje minst informasjonsteknologien. Det er difor ikkje unaturleg at vi får nye ord derifrå. Før høyrde vi på musikk på CD eller radio. Film såg vi på kino, tv eller DVD. Ny teknologi gjer at vi strøymer musikk og film. Strøyming og strøymeteneste er på veg til å verte ord i daglegspråket vårt. Det gjeld ikkje minst nettbrett. Dei er ord frå tidligare kåringar.

I den siste kåringa hamna stordata på lista. Det er eit godt norsk ord for det som på engelsk vert kalla big data. Omgrepet skal dekkje datamengder som er så store og komplekse at det er vanskeleg å gjere nytte av dei med hjelp av vanlege dataverktøy. Det kan vere datamateriale om til dømes alle telefonsamtalene i Noreg eller kjøpshistorikken vår hos daglegvarebutikkane. Dette rakar deg og meg sidan saka også dreier seg om personvern. Ny teknologi har oftast etiske og miljømessige sider.

Det gjeld også nyordet luseskjørt, eit anna ord frå kåringa i fjor. Miljøsidene til fiskeoppdrettsnæringa vedkjem samfunnet, både folk i nærmiljøet og oss andre som et laks. Eit gjennomgåande problem i næringa er lakselus. No har næringa tatt i bruk ei slags kappe som skal dekkje notposen i oppdrettsmerdene. Denne teknologiske nyvinninga har fått det kreative ordet luseskjørt.

Engasjerte fagfolk

Eit faguttrykk frå økologien vitnar om at forskarar engasjerer seg i miljøspørsmål òg. Nemninga pøbelgran vert brukt om gran som vert planta utanfor det naturlege voksterområdet, og som dimed kan vere ein miljøtrugsel. Ordet er råkande, men ikkje heilt nøytralt. Det kan dessutan sporast tilbake til botanikaren Knut Fægri, som tok det i bruk allereie i 1950-åra. Det var likevel først i fjor at ordet kom i bruk utanfor fagfeltet.

Mange hugsar sikkert utdelinga av nobelprisen til Moser-ekteparet i desember. Nyoppdagingar i forsking og ikkje minst utmerkingar som denne skapar ein formidlingstrong. I komplekse saksfelt frå forskingsfronten er vi avhengige av gode fagtermar som gjer at vanlege lesarar lettare forstår fagstoff. Oppdagingane av gittercelle var eit svært godt høve til formidling av nevrovitskap til ålmenta. Ordet gittercelle fungerer betre enn engelsk grid cell og hybriden gridcelle, som også har vore nytta på norsk.

Økonomiske nyord

Økonomi gjennomsyrer samfunn og politikk, og fagtermar frå feltet trengjer inn i språket vårt. Eit ganske nytt omgrep er deleøkonomi, også kalla delingsøkonomi. Det er ei sekkenemning for korleis privatpersonar nyttar Internett for å kjøpe, selje, leige eller byte varer og tenester. Det kan vere bruktmarknad på nettet, overnatting heime hos folk når ein er på reise, eller bilkollektiv. Andre økonomirelaterte nyord i dei siste åra er bankunion, grexit, bitcoin og betalingsmur.

Sjølv om vi ikkje alltid er klar over det, nyttar vi ord som eigentlig kjem frå fagspråket. Samstundes kan ord som verkar heilt nye for oss, allereie ha vore nytta ei stund av forskarar. Vegen frå laboratoriet til kjøkenbordet er kortare enn vi trur.

-- Gisle Andersen er professor ved Noregs handelshøgskole, og Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter