Kort

Lat barn forske på språk!

Har du språkinteresserte elevar? Då bør du og elevane dine no bli med i konkurransen om Nysgjerrigpers språkpris 2015.

Språkrådet og Noregs forskingsråd deler kvart år ut Nysgjerrigpers språkpris. Prisen er ein del av Årets nysgjerrigper, ein konkurranse der barn får forske sjølve. Barna konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Dei ti beste prosjekta i landet får Nysgjerrigperpris og ein pengepremie på 10 000 kroner. Nysgjerrigpers språkpris er ein av fleire fagprisar i konkurransen.

Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne vert utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller forholdet mellom norsk og andre språk. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å vise korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det.

Søknadsfristen er 1. mai. Les meir på www.språkrådet.no og nysgjerriper.no.

2. klasse Bondi skole | Foto: SpråkrådetI fjor vann elevar ved Bondi skole i Asker Nysgjerrigpers språkpris for eit prosjekt om korleis «godteri» vert definert.

 


Direktørskifte i Språkrådet

Språkrådets direktør Arnfinn Muruvik Vonen er etter eget ønske blitt fristilt fra sin stilling før åremålets utløp.

– Vonen ønsker å jobbe mer faglig med språk enn stillingen som leder for Språkrådet har gitt mulighet til. Han har hatt permisjon fra Høgskolen i Oslo og Akershus, og tiltrer der nå som professor for å arbeide med tegnspråk, sa assisterende departementsråd i Kulturdepartementet Henning Henriksen i en pressemelding i januar.

Roy Kristiansen, ekspedisjonssjef i departementet, gikk 22. januar midlertidig inn i stillingen som direktør i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2015 | Oppdatert:27.01.2021