Frå polis til pilis – om namn på byar

AV SVEIN NESTOR

Dei gamle grekarane hadde to ord for by: ásty og pólis. Med ásty meinte dei ofte Aten, som jo var sjølvaste byen. Dei kunne også tala om tò ásty tês póleos (póleos er genitiv eintal av pólis), og det tydde 'den øvste, den opphavlege delen av ein by'. Men kvifor hadde grekarane ei nemning for den øvste delen av ein by? Jo, av di byar ofte er bygde rundt borger, og borger plar liggja høgt i terrenget, jamfør norsk høgborg. Vårt ord borg er jo skyldt med berg, og båe orda peikar ut noko som stig opp over terrenget. Det vanlege norrøne ordet for by var nettopp borg, jamfør t.d Sarpsborg, Rómaborg og Kantaraborg (Canterbury). Og kven bur i borger? Jo, borgarar. Den øvste delen av den mest kjende byen i Hellas heiter jo Akrópolis, og den ligg høgt. Akrópolis er samansett av ákros, som tyder 'det øvste', og pólis, altså til saman 'bytoppen'. Det var ikkje berre Aten som hadde ein slik høgtliggjande bydel, for Akrokórinthos, eigenleg 'Korinttoppen', tyder 'borga i Korint'. I Praha er det ein bydel som heiter Vyše-hrad, og det namnet tyder nett det same som akró-polis.

Likevel enda ikkje eit einaste bynamn i Hellas på -asty. Men det er kan henda ikkje underlegare enn at norsk har ordet by, som opphavleg tydde 'gard', men ikkje eit einaste bynamn som endar på -by. Pólis var eit mykje vanlegare ord enn ásty, men ásty finst framleis i gresk. Det finst ikkje som lærd lånord frå gammalgresk i andre mål. Motsett er det med pólis, for det ligg attom moderne ord som politikk, politi, metropol, metropolitt, metro, kosmopolitt.

Usamansett kunne Pólis òg beintfram vera ei nemning på Aten. Stundom kunne det tyda ’den byen som ligg nærmast der ein bur’. Det er årsaka til at det i Lokris i Hellas fanst ein by som heitte berre Pólis. Jamfør at folk t.d. på Jæren spontant seier «Eg skal til byen», og ikkje «Eg skal til Stavanger», når det er dit dei skal.

Bynamn som enda på -pólis, var sjeldsynte i sjølve Hellas i gamletida. I våre dagar finst det berre nokre fåe av dei der, langt aust i landet: Aleksandroupolis (Aleksanderbyen) og Khrysopolis (Gullbyen). Byane er småe og har nok aldri vore store, og namna ser nye ut. Sør om Aten finst no berre tre småbyar med slike namn. Ein av dei er Megalópolis (Storbyen), og etter måten stor må han nok ha vori i si tid. Den andre heiter Trípolis (Tri-byen) og den tredje Neápolis (Nybyen). På dei greske øyane finst i dag berre Neápolis, som ligg mellom Heraklion og Hagios Nikolaos på Kreta, og ein liten by som heiter berre Pólis, på nordkysten av Kypros. At polis-bynamna mesta ikkje fanst i det opphavlege Grekenland, er truleg eit teikn på at denne namnetypen ikkje er mellom dei eldste.

Kvar låg Metrópolis?

Metrópolis var – og er – namn på greske byar, men mange er dei ikkje. Éin låg i landskapet Akarnania vest i Hellas, og ein annan ligg midt på Kreta. Men det var mange greske byar som kunne kallast ein metropolis, for beinveges omsett tyder ordet 'mor-by', og dei var fastlandsgreske byar som i tida 800–500 f.Kr. sende ut kolonistar som skulle grunnleggja nye byar utanfor heimlandet. Få av dei nye byane i denne perioden fekk polis-namn, nemleg Afroditópolis og Antípolis, i Sør-Frankrike og Neápolis (Nybyen) i Italia. Den første byen er borte, og namnet med, men det andre lever vidare som Antibes! På italiensk og gresk heiter det Antipoli. Det tredje namnet er Neapel på dansk og tysk, Naples på engelsk og fransk, Napoli på italiensk og norsk.

Ein metropolis var sjølvsagt større enn den nye byen utvandrarane grunnla, og difor kunne metrópolis også tyda både 'hovudstad' og 'storby'. Det tyder vårt ord metropol også. I ein metropol kan det bu ein metropolitt, ein erkebiskop i den katolske eller den ortodokse kyrkja. Ein fransk avleggjar av metropol er chemin de fer métropolitain, som tyder 'storby-sk jernbane'. Nemninga var sjølvsagt for lang og vart avstytt til berre adjektivet métropolitain 'storbysk', som fungerte som eit substantiv. Men heller ikkje det var stutt nok, for det enda med métro, som norske ordbøker skriv metro og omset med 'undergrunnsbane (særleg i Paris)'. 'Verda' heitte kósmos, og ein kosmopolitt er ein verdsborgar. Eigenleg tyder polítes 'ein som bur i ein by', så beinveges omsett tyder kosmopolitt 'verds-byborgar', ei ikkje særleg logisk nemning.

Dióspolis og Krokodilópolis

Etter at Aleksander den store hærtok Egypt i 332 f.Kr., fekk mange av byane der greske namn. Hovudmengda av dei er nett polis-namn, så no var slike namnelagingar komne på moten, noko dei ikkje hadde vori i Heime-Hellas. Eit anna særmerke med polis-namna i Egypt er at førstelekken så å seia utan unntak er av to typar:

Type 1 Namn på greske (altså ikkje egyptiske) a) gudar: Dióspolis (Dios er faktisk genitiv av Zevs), Appolinópolis, Heliópolis, Hermópolis, Panópolis b) heltar: Antinoópolis, Herakleópolis c) gudinner: Afroditópolis, Eileithyáspolis, Letópolis

Type 2 Greske dyrenemningar: Krokodilópolis, Kynópolis, Leontópolis, Lykópolis (etter dei greske orda for krokodille, hund, løve og ulv). Bynamn som inneheld dyrenamn, er ugresk, så namna kjem truleg av at desse dyra var heilage hjå egyptarane. Far etter desse polis-namna finn me ikkje meir.

Konstantinopel og Kristianopel

Romarane tok i bruk polis-namn der namnet til keisaren var førstelekken, t.d. Adrianópolis (Hadrians by). Folk brukte nok ofte stuttforma Adrianos, for i dag heiter byen, som ligg i Tyrkia, nær grensa til Hellas, Edirne på tyrkisk og Odrin på bulgarsk. Konstantin den store gav i 330 etter Kr. den gamle metropolen Byzantion ved Bosporos namnet Konstantinópolis etter seg sjølv. Seinare skulle det verta mange fleire namn av denne typen.

Da Peter den store grunnla St. Petersburg i 1703, var bynamn med tysk utsjånad komne på moten i Russland. Andre døme er Jekaterinburg (etter Katarina 1., kona hans) og Orenburg. Namn etter Katarina den store (1729–1796) fekk desse byane: Jekaterinenstadt (tysk), Jekaterinodar (russisk), Jekaterinograd (russisk) og Jekaterinopol (gresk). Alle forsvann etter den russiske revolusjonen i 1917. Det siste namnet syner at greske polis-namn var komne på moten i Russland på slutten 1700-talet.

På Krim hadde det vori mange byar med greske namn heilt sidan 800-tallet f.Kr., men ingen av dei hadde polis-namn. I dag er det fleire polis-ar på, nordom og austom Krim. Ein av dei er Níkopol, som tyder 'sigerstaden'. Å kalla byar Nikópolis var ein tradisjon frå antikken, og det var iallfall tre av dei: Nicópolis in Cappadocia, Nicópolis in Epiro og Nicópolis ad Istrum. Men Níkopol nordom Krim heng nok saman med russisk siger over tyrkarane på 1700-talet, og polis-namna er vitnemål om den russiske framrykkinga søretter. Sevastópol på Krim er grunnlagd i 1783 og Tiraspol i Ukraina i 1795. Tiras kjem av Tyras, det gammalgreske namnet på elva Dnjepr. Melitópol er nok eit skrytenamn, for det tyder 'Honningbyen', medan Sevastópol tyder 'den ærverdige byen'. Namnet Stávropol (Krossbyen) ligg det religion og politikk i, og det var to av dei i det gamle Russland. Den første, som vart grunnlagd i 1738, heitte Stávropol til 1964, da han fekk namnet Togliatti etter ein italiensk kommunistleiar. Den som vart grunnlagd som ein festningsby nordom Kaukasus i 1777, har framleis det gamle namnet. Like nordom grensa mellom Armenia, som russarane erobra i 1821, og Tyrkia grunnla russarane i 1834 byen Aleksandrópol, oppkalla etter den russiske tsaren Aleksander 1. Sør i Litauen, som også høyrde til det russiske riket, ligg byen Mariijampole (Mariabyen).

Ikkje mange veit at det finst eit namn av Konstantinopolis-typen i Norden òg. Opphavsmannen er Kristian 4., som fastsette namna Christiansand (1641), Christiania (1624), Christianshavn (no i København, 1618), Christianstad i Skåne (1614) og Christianopel i Blekinge (1600). I si tid var Kristianopel, som ein skriv det nå, ein viktig grenseby, no er det berre ein liten flekk på kysten, nokre mil nordaust om Karlskrona. Desse områda høyrde på den tida framleis til Danmark.

Konstantinópolis og Istanbul

Konstantinópolis var for langt eit namn, så folk sa berre Pólis i staden. «Til byen», som dei må ha sagt ofte, heiter is ten pólin på gresk, og polin er akkusativ av pólis. Byen vart erobra av tyrkarane i 1543, og i deira øyro sa grekarane Is tan bul, som no er namnet på byen.

I den europeiske delen av Tyrkia ligg Geli-bolu, som på gresk heitte Kalli-polis (den fagre byen), og på den italienske «hælen» ligg Callipoli. Leiter me langs kysten av Svartehavet og Middelhavet etter namn som endar på -bolu eller noko liknande, finn me Tirebolu vest for Trapezunt, som kjem av Tripolis. Tripoli er namn på ein by i Libanon og ein i Libya. Dei arabiske namneformene er Tarabulus. Tykkjest det kjent? Jau, -bulus finst jo i Nabulus, som ein òg skriv Nablus, på vestbreidda av Jordanelva. Romarane grunnla byen i 72 e.Kr., og det greske namnet som ligg attom, har me nemnt fleire gonger, nemleg Nea-polis (Nybyen). Da arabarane hertok han i 636, vart namnet Nabulus/Nablus. Nablus og Napoli er altså opphavleg det same greske namnet!

Men polis-namna gjekk langt vidare enn dette. Grekarane kalla hovudstaden i persarriket Persépolis, og Aleksander den store kalla ein by som truleg låg i det noverande Usbekistan, Kyrópolis etter persarkongen Kyros, som han hadde vunni over. I nyare tid har dei komi seg over til Amerika, der det finst ein liten by som heiter Tripoli, og store byar som Minneapolis (1855), Indianapolis (1821) og Annapolis. Den siste fekk namn etter dronning Anne av England i 1708.

Meir enn éin pils

I dei baltiske måla litauisk og latvisk finn ein etymologiske motsykke til det greske ordet pólis. Det ordet som kjem nærmast det greske, er litauisk pilis. Det tyder ikkje 'by', men 'borg'. Det litauiske ordet for 'by', miestas, har litauarane lånt frå polsk miasto, Samanhengen mellom by og borg har me tala om før. Men det finst ikkje nokon by i Litauen som endar på -pilis. Går me nordetter og inn i Latvia, finn me mange byar som endar – ikkje på pilis, men på pils, som er det latviske ordet for borg: Daugavpils (ved elva Daugava), Ventspils (ved elva Venta), Valdemarpils (Valdemarby/-borg) og Jekabspils (Jakobsby/-borg) og Jaunpils (Nyby/-borg). Det latviske ordet for by er pilseta, og sambandet med pils er lett å sjå.

 

-- Svein Nestor er rådgiver i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter