Småstoff


Slutt på tilnærmingslinja i rettskrivingspolitikken

I Ot.prp. nr. 95 (2001–2002), som vart lagd fram 14. juni, gjer regjeringa framlegg om å oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd.

Tilnærming mellom nynorsk og bokmål «på norsk folkemåls grunn» var opphavleg eit uttalt mål i offisiell norsk rettskrivingspolitikk. Tanken var å smelta dei to målformene saman til eit felles norsk skriftspråk. Denne såkalla samnorskpolitikken vekte etter kvart stor strid, og gjennom skipinga av Norsk språkråd i 1971 vart det slutt på den aktive tilnærmingslinja.

Men tanken om eit felles norsk skriftspråk ein gong i framtida vart ikkje oppgitt. Norsk språkråd skulle framleis støtta opp under utviklingstendensar som på lengre sikt fører målformene nærmare saman. Dette har ikkje gitt seg nemnande utslag i den faktiske rettskrivingsutviklinga dei seinare tiåra. På viktige punkt har målformene snarare fjerna seg frå kvarandre. I ei stortingsmelding frå 1997 vart også tanken om eit framtidig felles skriftspråk lagd bort.

Den lovendringa som no blir foreslått, vil setja eit endeleg punktum for den omstridde tilnærmingspolitikken, skriv Kultur- og kyrkjedepartementet i ei pressemelding.

Foreslår norsk språkbank innan 2007

Ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet gjer framlegg om at det blir skipa ein norsk språkbank innan 2007. Språkbanken skal vere ei samling med skrift- og taledata som kan nyttast i utviklinga av språkteknologi og i forsking. Språkteknologi er modular i dataprogram og tekniske innretningar som behandlar naturleg språk, t.d. automatisk omsetjing, talegjenkjenning, kunstig tale og informasjonssøking. Språkbanken er kostnadsrekna til 100 mill. kr. Norsk språkråd har administrert utgreiingsarbeidet, som har vore leidd av professorane Torbjørn Svendsen og Torbjørn Nordgård ved NTNU.
Utgreiinga kan ein lese her: http://www.sprakrad.no/sbank2.htm

Framgang for nynorsk programvare

Tidleg i november kunngjorde Microsoft at neste versjon av Office-pakken kjem på nynorsk i 2003. Omsetjinga skal gjerast i samarbeid med firmaet Nynodata. Tidlegare i år tok arbeidet til med å omsetje gratisprogramma i OpenOffice til bokmål og nynorsk. Skulelinux, som omfattar kontorstøtteprogram og pedagogiske program på bokmål og nynorsk (og etter kvart også nordsamisk), er kome langt i sitt arbeid. Med andre ord kan ein om ikkje så lenge ha tre pakkar med nynorske kontorstøtteprogram å velje mellom.

I 2000 skreiv 110 ordførarar og over 400 rektorar under eit opprop der dei bad regjeringa syte for at nynorskbrukarar så snart som råd får tilgang på nynorskversjonar av vanleg programvare til same pris som bokmålsversjonen.

Omdanning av Norsk språkråd

I St.meld. nr. 9 (2001–2002) Målbruk i offentleg teneste gjorde Kulturdepartementet kort rede for planene om omlegging av Norsk språkråd til et mer utadrettet kompetanseorgan for norsk språk. I budsjettproposisjonen for 2002–2003 varsler departementet at utrednings- og omdanningsprosessen vil ta til i 2003.

Departementet skriver blant annet:

«Den omlegging som skal skje, må ha som utgangspunkt at det er tale om å etablere en ny institusjon i stedet for Norsk språkråd. De fremste språkpolitiske utfordringene dreier seg ikke lenger om de tradisjonelle rettskrivnings- og normeringsspørsmålene, men mer om nødvendige tiltak for språkvern og språkstyrking, herunder å sikre norsk språks status og bruk på ulike samfunnsområder, språklig rådgivning, informasjon og opplysning, utvikling av norsk fagterminologi, spørsmålet om en norsk språkbank, språk og teknologi, tilsyn med den offentlige språkbruk og analyse og evaluering som grunnlag for utvikling og løpende tilpasning av formålstjenlige tiltak.

Et rådsorgan av Norsk språkråds type er ikke nødvendigvis den mest tjenlige modell for organisering og forankring av den nye institusjonen. En hovedoppgave i den videre prosessen vil derfor være å vurdere alternative organisasjonsmodeller. Det andre hovedspørsmålet blir å gå nærmere igjennom oppgaveporteføljen for den nye institusjonen. Departementet vil komme tilbake til saken i forbindelse med budsjettforslaget for 2004.»

Rosings språkpris

Rosingakademiet, Den Norske Dataforening og Norsk språkråd har i fellesskap opprettet en språkpris som har fått navnet Rosings språkpris etter Norges første datagründer, Fredrik Rosing Bull. Prisen skal oppmuntre til og gi honnør for bruken av godt norsk språk i IKT-sammenheng. Språkrådet ser prisen som et ledd i språkstyrkingsarbeidet og i arbeidet med å demme opp for bruken av engelske ord og uttrykk innenfor dette området. Språkprisen skal deles ut en gang i året til personer, bedrifter eller produkter som bruker norsk språk, bokmål og nynorsk, i IKT-sammenheng på en bevisst og god måte.

Kontorsjefane i Språkrådet går frå borde

Begge kontorsjefane i Norsk språkråd slutta i stillingane sine tidleg i haust. 27. august vart dei heidra med talar, gåver og eigen song for innsatsen. Kåre Skadberg har vore kontorsjef for nynorsk sidan 1.8.1980, med vel eitt års pause, medan Ståle Løland har vore kontorsjef for bokmål frå 2.5.97, og før det sekretariatssjef i Nordisk språksekretariat i nær 20 år.

Begge kontorsjefane har gjeve uttrykk for at dei ønskjer å ha ein mindre stressande kvardag dei siste yrkesaktive åra, og vil overlata roret til andre. Som Skadberg uttrykte det: «Eg ønskjer å gå frå hovudverk til handverk.» Dei to leiarane, Ola Haugen og Jan Olav Fretland, takka begge kontorsjefane for verdifull innsats gjennom mange år og la mellom anna vekt på det gode samarbeidet som har vore mellom dei to kontorsjefane. Løland og Skadberg takka på si side dei tilsette for trufast og god innsats. Rådgjevar Marit Hovdenak, som er mellombels tilsett som dagleg leiar for heile sekretariatet, takka på vegner av dei tilsette.

Styret i Norsk språkråd har fått lovnad frå statsråd Svarstad Haugland om at me skal få ei ny stilling som direktør frå neste år. Departementet varslar òg eit større arbeid med omorganisering av heile Språkrådet. Så både dei tilsette, råd, styre og fagnemnd går spennande tider i møte.

Jan Olav Fretland

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.07.2004 | Oppdatert:11.05.2021