Norsk tale i to generasjonar

AV HELGE SANDØY

I klagespaltene i aviser kan ein få det inntrykket at det skjer mange omkalfatringar i norsk talemål, og at tilstanden for dialektane er kritisk. Dette kan diskuterast, men kanskje det ikkje er underleg at folk blir urolege når dei oppdagar at det som ligg dei så nær, ikkje er heilt som før? På avgrensa plass skal vi her prøve å dra nokre allmenne linjer i utviklinga som har skjedd gjennom nesten to generasjonar.

Det er vanskeleg å peike på språkdrag som slettes ikkje fanst alt for 50 år sia. Når ungdomen no sluttar å skilje mellom de og dåkke, er ikkje det nytt. Dåkke må komme har det vore sagt lenge før vår tid; det som skjer no, er at dette draget spreier seg. Endatil Eg ska komme te du fanst før krigen; det nye er at det spreier seg så fort at det held på og blir eit særdrag for austegdane. Og i Narvik blei det sagt de karlle varnne i staden for de kallje vannje alt før siste verdskrigen, nytt er det at folk har begynt å bruke «halvtjukk» l og n for palatal l og n i byar lenger nord òg.

Den språklege «farsotta» i dag er at ungdomar seier sjino for kino. Første «kasusa» med dette fenomenet var kanskje fødde i Bergen i 1964. Det er mogleg Oslo greier å slå dette tidspunktet, men vi finn førebels neppe femtiåringar som ikkje skil mellom kj og sj. Men dei kjem snart, og dette fenomenet spreier seg raskt utover landet. Om 250 år har kanskje all norsk gått over til å seie sjino. Ja, 250 år. Og kanskje. Vi ser det nemleg av andre språkendringar at så lang tid må det ta før språket over heile landet har gjennomført eit nytt drag. Ofte stoppar det før det går så langt, og da får vi ei ny dialektgrense. Ved Hamarøy ligg nordgrensa for tjukk l; der stoppa den farsotta sørfrå for kanskje 500 år sia. Slike stabile grenser kan vi få på nytt; og gamle grenser kan begynne å flytte seg. Det er dette mye av talemålsendringane går ut på. Og 50 år – eller for den del eit menneskeliv – er litt snautt til å gi perspektiv.

Endringane i språket

Ordforrådet forandrar seg fortare enn resten av språket. Vi legg også godt merke til nyorda som kjem, mens gamle forsvinn uformerkt ut i stilla. Nye glitrande ord kjem kvart år, f.eks. er rukola og ei mengd andre matord lett synlege frå dei siste åra. Men at ord som kaun for 'byll' er nesten forsvunne, er vanskelegare å registrere. I slang er ordsirkulasjonen særleg stor. Spenn for 'kroner' er alt blitt gammalslang, og bols med same betydning er direkte utgammalt.

Grammatikken derimot er konservativ. Tradisjonelle dialektkart som mange av oss har sett i lærebøker, er oftast laga på grunnlag av informantar som lærte å snakke på slutten av 1800-talet. Men framleis gjeld dei – i alle fall for det meste. Mindre retusjeringar trengst, f.eks. ser det ut til at etterkrigsgenerasjonane i Fjordane og på Sunnmøre meir og meir har kvitta seg med uttalar som mannj ('mann') og vållj ('voll'), og dermed har dei flytta ei gammal grense nordover. I Salten kan vi snart viske ut eit område som hadde o-ending i svake hokjønnsord, for dannj damo er blitt til dannj dama. Og skarre-r-grensa har ete seg mange kilometer oppover i Nordhordland.

Endringane i talemålet i dag er prega av regionalisering, som vil seie at det skjer ei dialektutjamning mellom lokalsamfunna innafor ein større region. Dialektforskjellar som var knytte til ein bygd eller ei by, forsvinn til fordel for felles drag. I Nordland forsvinn substantivformer som ei dam (dvs. 'ei dame') i område der slike drastiske «halvhoggingar» var mest gjennomførte, men så blir infinitivar som å springe avkorta til å spring i eit større område enn før. Altså kompromiss innafor regionen.

I slike utjamningsprosessar er det ein tendens til at enkle grammatiske løysingar sigrar over dei meir innvikla. I Trondheim skilde ein før f.eks. mellom -e og -a i fleirtal: alle marken og alle visan. Siste tiåra har det gått fort i retning av -an i alle ord, og dette spreier seg etter kvart til eit større område.

Lengst i retning av å utvikle eit felles regionspråk har det sentrale Austlandet komme. Der har ein fått det som ofte blir omtalt som 'standardaustlandsk', og som er så einsleta at ein knapt hører om ein person er frå Kongsberg eller Kongsvinger. Denne fellesdialekten har nok mest drag frå dei folkelege bymåla, aller mest frå Oslo. Det heiter f.eks. brøyt der ein før sa braut, kasta der ein før sa kaste i fortid, vi'kke for vill itte, såver for søv, sykkærn for sykkel'n osv. Eit herleg kompromiss, altså. Men som ein kollega har sagt det: «Udanna østnorsk» har overtaket. Så vi lever i interessante tider!

På indre Austlandet og i austlandsdalane har ikkje utviklinga gått så langt. Men i gamle stasjonsbyar og i nye sentrum har det utvikla seg enklavar med sterke standardaustlandske innslag. Interessant er det å sjå at i blandingsmålet som utviklar seg slike stader, dukkar same draga opp. Fleirtal bestemt form på -an får overtaket både i Ringebu og i Nes i Hallingdal, slik at det heiter alle visan i det yngre sentrumsmålet. Det skjer nok utan at dei to stadene påverkar kvarandre. Det kan vi lese om i ei par år gammal bok om Austlandsmål (redigert av Turid Kleiva o.a., Oslo 1999).

Forenkling i substantivbøyinga er ei tydeleg endring. I ytre Agder tek -e over som einaste fleirtalsending i ubestemt form, i midtre Agder er det -a som sigrar, slik som tendensen er i Trøndelag og i Nord-Noreg – igjen truleg utan gjensidig påverknad. På Sør-Vestlandet er hokjønnsendinga frå bestemt form fleirtal på full veg inn i inkjekjønn, slik at gamle former som adle eplo eller adle eplæ blir bytt ut med adle eplena. På dette vesle grammatiske området har mye skjedd på 50 år.

Hardast har nok «tidens tann» gått ut over dei gamle «riksmålsdialektane», det som òg gjerne er kalla 'høgare talemål' i byane. Vi finn ingen i etterkrigsgenerasjonen i Bergen som seier någen, efter eller nu. Det som før var «vulgære» former, har sigra. I Stavanger har sosietetspronomenet je ('eg') problem med å overleve, osv. På Frogner i Oslo er det også blitt mye mindre av dei lyse a-ane (i f.eks. gAte); piker må vike for jenter og lesse ´på (med trykk på siste ordet) blir bytt med det tidlegare vulgære `lesse-på. I ein del byar har det høgare talemålet eigentleg døydd stille ut. Men samtidig har gatespråket òg teke opp nye drag. Alle hesta vik for alle hestene i Oslo, og i Bergen har klær ('klede') stort sett sigra over kler hos dei unge. Dei nye bymåla har måtta kompromisse ein del. Ønskjer ein å summere opp dei 50 åra, kan ein altså peike på tendensen til både regional og sosial utjamning.

Endringane i storsamfunnet

Dei språklege omleggingane vi skimtar, kjem ikkje av seg sjølve. Den sosiale utjamninga har skjedd ikkje berre i språket. På diskoteket møtest ungdomar med ulik sosial bakgrunn, og bygdeungdomar forstår ikkje eingong det at fedrane (ev. bestefedrane) på 1950-talet tok på seg slips når dei skulle til byen. «By og land hand i hand» er i dag blitt for sjølvsagt til at det kunne ha fungert som politisk slagord.

Språket er som ein spegel av kulturlivet, og den kulturelle aksjonsradiusen vår har forandra seg. Bydelar og enkeltbygder er i mye mindre grad kulturelle einingar i dag. Ein reiser på tvers av slike grenser kvar dag for å arbeide, for å drive med akrobatikk på rullebrettet etter skoletid eller møte kameratar på dans i helgane. Kontaktflatene har forandra seg, og identitetsoppfatningane er annleis – da følgjer språket med. Spesielt talemålet uttrykkjer nettopp det spontane, kven vi ønskjer å identifisere oss med.

Samfunnsomleggingane og politikken etter verdskrigen har gitt nye vilkår for språkendringane. Lett synlege er dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet, fordi mye av samfunnsorganiseringa da gjorde det naturleg å basere seg på større einingar. Skoleverket var eitt slikt område, og nettopp det nye skolesystemet med interkommunale realskolar og etter kvart sentrale ungdomsskolar og vidaregåande skolar har vore ein katalysator for språkendringane. Her møtest jo alle ungdomane og utviklar ein fellesskap med jamaldringar frå mange bygder og bydelar. Slikt må få språklege følgjer.

I Kommune-Noreg voks det opp nye sentrum som sopp i regnvêr. Dei livnærte seg på dei nye sentralskolane og kommuneadministrasjonane med mange nye etatar og kommunalt heiltidstilsette. Dette er ein viktig del av urbaniseringa av samfunnet. Fiskaren som var bygningsrådsformann og oppsøkte byggjeplassen hos naboen på kveldstid, opplevde fellesskapen annleis enn ein moderne teknisk sjef med store arkivskåp og teiknebrett. Livssituasjonen blei annleis for mange, og miljøa blei prega av nye ambisjonar og nye sosiale band. Det gjer òg at språket i dei nye sentruma har kunna utvikle nye drag, og tilflyttinga har forsterka det. Urbanisering med sosial og geografisk mobilitet er altså eit stikkord for å forstå at vilkåra er nye for språkendringstendensane.

Eit anna ytre vilkår er den heilt nye livssituasjonen ungdomane har fått siste 50 åra. Tidlegare var det vanleg å gå ut i arbeid etter ein var ferdig med folkeskolen eller eventuelt framhaldsskolen. Frå ungdomane var 14-15 år, var dei før del av vaksensamfunnet. Denne tidlege arbeidsfellesskapen var sjølvsagt viktig for identifikasjonsrammene. I dag går kanskje dei fleste ikkje inn i arbeidsfellesskapar før dei er godt over tjue år, og da har dei hatt ei lang ungdomstid skjerma frå vaksensamfunnet. Vi har dermed fått ein eigen ungdomskultur, og den har endra det sosiale samfunnet gjennomgripande. Vaksensamfunnet er ikkje på same måten idealet som før, og dét må jo få følgjer.

Vi kan nok seie at det mest interessante språkspørsmålet er: Korfor forandrar ikkje språket seg meir enn det gjer?

Oss menneske imellom

Eit bandopptak frå 1950-talet av ein kvardagssamtale treng ikkje gi oss noka overrasking i dag. Endringane er allment sett ikkje store. Men dersom vi ser f.eks. intervju frå den første fjernsynstida, altså 1960-talet, slår det oss med ein gong at her er noko blitt annleis: Folk brukte De til kvarandre, og skrifta var førebiletet for både spørsmål og svar slik at alt verkar stivt og fjernt – for oss.

Stilforskjellane er svært omlagde, og 1970-talet var på sin måte ein revolusjon på grunn av det somme har kalla dialektfrigjeringa. Mange fleire fann det da naturleg og mogleg å bruke dialekten sin overalt. I foredrag, i radio og fjernsyn, på talarstolen i Stortinget og i preika. Også direktørar kan i dag snakke dialekt – men søraustlendingar må nok passe seg meir enn andre, likevel. Største endringane i norsk talemål siste halve hundreåret er denne omlegginga i bruken av dialektar. Dei er nok større enn forandringane i sjølve talemålsgrammatikken – om det er råd å samanlikne slikt.

Årsakene til denne omlegginga i språkklimaet kan vere mange. Somme håper kanskje at dette er ein siger for dei nedvurderte i samfunnet. Men ei anna årsak kan vere at næringslivet i dag med masseproduksjon og massesal må appellere til folk på ein annan måte. Det uformelle og direkte har fått ein ny funksjon. Den utbreidde 'avslappa språktonen' er nemleg ikkje ei utvikling berre her til lands, sjølv om ho språkleg sett har fått sterkare utslag her enn mange andre stader.

Men heller ikkje ei dialektbølgje kan vare evig. Ho var nok over på 1990-talet, og vi kan skimte nye tendensar. Dialektlojaliteten er neppe den same som for tjue år sia, men samtidig er regionaliseringsbølgja kraftig. Tendensane er såleis ikkje eintydige. Resultatet ser vi betre når tida kjem meir på avstand.

 

-- Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015