Kjelda som aldri tryt – tankar som betre bibelspråk

AV JOSTEIN STOKKELAND

Frå rundt år 2000 har Det Norske Bibelselskap eit arbeid i gang med å revidera 1978-omsetjingane av Bibelen på bokmål og nynorsk med utgangspunkt i grunnteksten. Føremålet med revisjonen er mellom anna å sjå på kva former, ord og ordlag som i dag er mindre kjende og mindre brukte enn dei var for ein generasjon sidan, og justera språket etter det. Eg er konsulent for nynorsk i omsetjingsutvalet til Bibelselskapet, som er fagleg ansvarleg for revisjonsarbeidet.

1978 – ei stor omlegging

Dei nyaste omsetjingane av Bibelen frå Det Norske Bibelselskap (den tradisjonelle norske kyrkjebibelen) kom altså i 1978. Sidan er det kome to andre omsetjingar: Bibelen. Den Hellige Skrift (bokmål 1988 og nynorsk 1994) frå Norsk Bibel A/S og Bibelen Guds Ord (bokmål 1997) frå Bibelforlaget.

1978-omsetjingane frå Bibelselskapet var Guds ord på moderat bokmål og på nynorsk stort sett innanfor læreboknormalen, dvs. hovudformene i rettskrivinga. Ikkje alle var viljuge til å godta Guds ord på slikt moderne språk då omsetjingane kom. Dei kjende på at det høgtidsame og fine vart borte. Naboen min er eit døme på det. Ho vil helst ha Fadervår og andre kjende tekstar slik som dei var før, ikkje minst «helliget vorde ditt navn». Eg veit ikkje om ho også ynskjer seg fårene tilbake frå den bibelomsetjinga ho voks opp med i 1950-åra, men mange opplevde det som eit stilbrot då sauene kom i staden for fårene på bokmål i 1978. Nynorskfolket miste samstundes i-målet i bibelteksten. Somme sukka letta, andre gret sine tårer over det. Eg har valt ut ein tekst som syner nokre av endringane.

Samanlikningar

1904 bokmål:

«Sandelig, sandelig siger jeg eder: Den som ikke gaar ind i Faarestien gjennem Døren, men stiger over andensteds, han er en Tyv og en Røver; men den som gaar ind gjennem Døren, han er Faarenes Hyrde.»

1930 bokmål:

«Sannelig, sannelig sier jeg eder: Den som ikke går inn i fårestien gjennem døren, men stiger over annensteds, han er en tyv og en røver; men den som går inn gjennem døren, han er fårenes hyrde.»

1978 bokmål:

«Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som ikke går inn til sauene gjennom døren, men klyver over et annet sted, han er en tyv og en røver. Men den som kommer inn gjennom døren, er hyrde for sauene.»

1921 nynorsk:

«Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar; men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding aat sauerne.»

1938 nynorsk:

«Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar; men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauene.»

1978 nynorsk:

«Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene.»

Johannesevangeliet kapittel 10, vers 1–2

Alltid betre før?

Frå reformasjonen på 1500-talet til 1814 hadde me dansk bibel. Den fyrste sjølvstendige bibelomsetjinga her i landet (dansk-norsk) var ikkje ferdig før i 1904. Nynorskbibelen fekk me så seint som i 1921. Bokmålsbibelen kom så i revidert utgåve i 1930 og nynorskbibelen i 1938. Desse to, 1930 og 1938, reknar mange for å vera dei beste omsetjingane. Der er bokmålet høgtidsamt og fint slik bibelspråket helst skal vera, meiner dei, og nynorsken har funne ei avklåra klassisk form («Indrebø-bibelen», etter biskop Ragnvald Indrebø).

Men var bibelspråket alltid betre før, og talar Gud gammaldags? Eg og andre er stundom freista til å meina det; me likar ikkje å sjå noko anna enn det me er vane med. Då treng me å samanlikna litt:

«Dette sier jeg da og vidner i Herren at I ikke lenger skal vandre som hedningene vandrer i sitt sinns tomhet, formørket i sin tanke, fremmedgjort for Guds liv ved den vankundighet som er i dem på grunn av deres hjertes forherdelse, de som følelsesløse har overgitt sig til skamløshet, så de driver all urenhet tillikemed havesyke.» (1930 bokmål)

«Dette segjer eg då og vitnar i Herren at de ikkje lenger må ferdast som heidningane ferdast i sin hugs fåfengd, formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i dei for deira forherde hjarta skuld, med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg i ulivnad, so dei driv med all ureinskap saman med havesykja.» (1938 nynorsk)

Efesarbrevet 4,17–19

Slik tekst er vanskeleg for dei fleste i dag. 1978-teksten frå Bibelselskapet er meir lesarvenleg:

«Så ber jeg dere inntrengende i Herrens navn: Lev ikke lenger slik som hedningene. Deres tanker er tomhet, deres forstand formørket, og de er fremmede for livet i Gud. For deres hjerter er blitt forherdet, så de ikke kjenner ham. Avstumpet er de blitt, de har kastet seg ut i utsvevelser, gir seg hen til all slags umoral og jager etter penger.» (1978 bokmål)

«Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar.» (1978 nynorsk)

Denne nyaste omsetjinga er mindre ordrett enn dei tidlegare. Ho byggjer på eit anna prinsipp: at det er avgjerande viktig at meininga kjem godt fram. Difor er teksten broten meir opp enn tidlegare, og setningane forma slik som det er i vanleg norsk i dag. Då risikerer ein til dømes å leggja for stor vekt på noko og for lite på noko anna, å tolka meir enn godt er. Det er ein fare som ligg i all omsetjing.

Talar Gud høgtidsmål?

Det ligg visst djupt i oss at det som har med Gud å gjera, skal vera høgtideleg og annleis enn det nære og kvardagslege. Bibelen har alvorlege tekstar om dei store samanhengane i livet og vedunderlege poetiske innslag som avgjort høyrer til det me kallar høgprosa. Men store delar, ikkje minst i Nytestamentet, er enkel kvardagsprosa utan nokon særskild høgtidsdåm. Både det høgtidelege og det kvardagslege må koma fram i den norske omsetjinga – slik det skal vera i all god omsetjing.

Bibelen er endefram i sin omtale av det kroppslege hjå mennesket. Det tykkjer eg særleg kjem fram i hebraisk, og eg er glad for at Bibelselskapet i revisjonsarbeidet har sett seg som mål å spegla meir av den semittiske biletbruken. Kanskje skulle ein vera endå djervare og til dømes skriva kropp i staden for lekam. I ei svensk bibelomsetjing eg nyttar (Hedegård), står det kropp, og då kjem innhaldet i teksten meg meir inn på livet.

Korleis arbeidet er lagt opp

Det Norske Bibelselskap har lang tradisjon for samvitsfullt og godt organisert arbeid med bibelomsetjing. Dei har omsetjarar for bokmål og nynorsk som arbeider i samråd med språkkonsulentar og teologiske konsulentar. Når ein bolk er omsett, vert tekstutkastet sendt til ei kyrkjeleg referansegruppe, dvs. framståande målsmenn for Den norske kyrkja og andre norske kyrkjesamfunn. Desse gruppemedlemene sender inn merknader og framlegg, og så har Bibelselskapet eit omsetjingsutval med teologar, pedagogar og språkfolk som tek avgjerd i tvilsspørsmål og korrigerer teksten noko. Frå omsetjingsutvalet går ein førebels tekst til styret i Bibelselskapet. Når styret har sagt sitt, kan det sendast ut ein prøvetekst så fleire får seia si meining. Etter at kommentarar frå mange kantar er komne inn, vert omsetjinga gjord ferdig og endeleg godkjend.

Nynorsken best og verst?

1978-omsetjinga var noko ordrik og omskrivande. I revisjonsutkasta for nynorsk ser eg no at stilen er knappare, og det fell godt saman med den folkelege greske teksten. Eg kan ikkje koma med døme, for teksten er ikkje ferdig enno. Men eg nikkar nøgd somme stader og tenkjer at dette er hoggande godt. Då er Bibelselskapet kanskje ved målet for revisjonen: ein brukande bibel for dei som veks opp i det nye tusenåret. Og eg vonar sjølvsagt at nynorsken kjem best frå det.

Men me nynorskingane har eit problem som bokmålingane slepp. Bokmålet har ein sterk tradisjon, og det er særs tydeleg i bibelspråkssamanheng. Nynorsken har ein veikare tradisjon, og når eg som kjenner nynorsktradisjonen godt, vil halda på det innarbeidde, kjem eg til ein motstandsmur som eg ikkje kan gjera så mykje med. Eg leikar innpå dette problemet i overskrifta til denne artikkelen med ordet tryta.

Nynorsklesarane er jamt over delte i to flokkar: Det er ein liten flokk som ynskjer å ta vare på den norske ordarven, og som difor tykkjer verbet tryta er fint og godt og rette ordet på sin plass. Og så er det den store flokken som ikkje ynskjer og ikkje toler eitt einaste slikt «vanskeleg» ord. Då spør eg meg om nynorsken skal vera ord- og uttrykksfattig og leggja av seg sin glitrande ordskatt.

I dette spenningsfeltet er det ikkje heilt godt å vera. Så får me sjå, då, korleis Jesaja 24,19 ser ut i den nye nynorskbibelen i 2010 eller kanskje noko før det. Slik vil eg helst ha det:

Jorda brest og knest,
jorda ragar og svagar,
jorda skjek og skjelv.

 

-- Jostein Stokkeland er rådgiver i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015