Namneambassadøren

No image

Botolv Helleland er den fremste formidlaren av stadnamn her til lands. Han er glad for den store publikumsinteressa for namna våre, men av og til må han snakke folk midt imot.

TEKST: ASTRID MARIE GROV | FOTO: KATRINE GADE

Vitskapen om namn er eit barn av nasjonsbygginga på 1800-talet. Nasjonar skulle skapast ved at ein henta fram nasjonale språk, og dét skapte ei interesse for person- og stadnamn. Gjennom store delar av 1900-talet var namnegransking ein underdisiplin av universitetsfaget nordisk språk.

Språklege kulturminne

No er faget nesten borte frå Universitetet i Oslo. Ein av dei få som er igjen, er førsteamanuensis emeritus Botolv Helleland. Formelt er han for lengst pensjonert, men namnegranskinga har vore like mykje ein livsstil som ein jobb. I ein alder av 78 brukar han framleis halve dagen på kontoret i Forskningsparken ved Blindern. Helleland fortel at sterk interesse for både geografi og språkhistorie førte han til namnegranskinga.

BOTOLV HELLELAND
  • fødd i 1940 i Ullensvang i Hardanger
  • medskipar av Norsk namnelag, norsk organisasjon for arbeid med namn, i 1983
  • medlem i Stadnamnutvalet, som la fram forslag til lov om stadnamn i 1983
  • Noregs representant i UNGEGN, FNs ekspertgruppe for geografiske namn, 1987–2012
  • leiar for den nordiske namneforskarkomiteen NORNA 1985–1989
  • visepresident for den internasjonale namneorganisasjonen International Council of Onomastic Sciences 1999–2002

– Eg starta med å studere språk og tok fransk og tysk mellomfag før nordisk hovudfag. Emnet for hovudfagsoppgåva var stadnamn på Hardangervidda, og frå då av har eg vore namnegranskar, med stadnamn som spesialområde. Eg har alltid vore veldig glad i dette faget og aldri tenkt på nokon alternativ karriereveg.

Namnegransking inneber å utforske det norske språket slik det kjem til uttrykk i namn, anten det er personnamn eller stadnamn. Faget går i stor grad ut på å børste støvet av namna: i fyrste rekke å finne ut kva dei tyder, når dei vart til, og kva dei kan fortelje om tilhøva på staden.

– Eg brukar å seie at stadnamn er historia om menneska si evne til å overleve. Namnegranskinga kan jamførast med arkeologi, for stadnamna fortel mykje om den tida dei oppstod i. Nokre namn speglar menneskelege aktivitetar i eit område. Det gjeld til dømes Bryn, som me har døme på mange stader i landet. Det er sett saman av gammalnorsk brú, som er forståeleg for folk i dag,og vin,som tyder grasslette. På stader som heiter Bryn, må det altså ha vore ei bru ved ei grasslette. Andre namn speglar landskapet namnet har oppstått i. Der er Lofoten eit døme, opphavleg nytta om Vestvågøya. Sisteleddet kjenner me att i dag, det er fot. Fyrsteleddet er , som er eit gammalnorsk ord for gaupe. Namnet Lofoten har altså oppstått ved at landskapet vart samanlikna med ein gaupefot, forklarar Botolv Helleland.

Å gje namn ein norsk skrivemåte er ein måte å ta språket tilbake på.

Helleland er oppteken av at namn som blir fastsette i moderne tid, til dømes ved kommunesamanslåingar, skal byggje på namn som allereie finst. Han er kritisk til ein del av namna som er blitt vedtekne den siste tida. Eit døme på det er Fjord kommune, som blir namnet på det som i dag er Stordal og Norddal kommunar på Sunnmøre.

– Namnet er ikkje henta frå eit eksisterande stadnamn i den framtidige kommunen, slik det er tradisjon for at namn gjer. Sjølv om Fjord for så vidt speglar landskapet på staden, ber det meir preg av å vere eit marknadsføringsnamn enn av å ta vare på den lokale namnearven. Det synest eg er synd. Dersom det ikkje byr seg eit høveleg nytt namn, ville det vere betre å føre vidare begge dei eksisterande namna, meiner han og viser til det nye fylkesnamnet Vestfold og Telemark.

Omdiskutert rettskriving

At namn er viktige for folk, har Botolv Helleland fått merke mange gonger i løpet av dei over 30 åra han har vore namnekonsulent. Det gjeld særleg når han har vore med på å bestemme korleis stadnamn skal skrivast.

Det har lenge vore tradisjon for at det offentlege har fastsett skrivemåtane av stadnamn i Noreg, etter råd frå namnegranskarar. I ein del tilfelle har det ført til at ein har endra på ein skrivemåte som allereie er i bruk. Helleland er klar på kvifor han meiner såkalla normering er ein nødvendig del av namnefaget.

– Mange norske namn vart skriftfeste av danske embetsmenn som delvis skreiv det dei høyrde, eller trudde dei høyrde, og delvis følgde dansk skrivepraksis. Slik har me fått skrivemåtar som Dahl, som etter norsk rettskriving skulle vore Dal. For å få ei einsarta rettskriving og det språkhistoriske opphavet til stadnamna fram i lyset meiner eg det er viktig å endre på feilaktige skrivemåtar. Å gje namn ein norsk skrivemåte er ein måte å ta språket tilbake på.

Det er særleg endringar i skrivemåten av gardsnamn som har sett sinna i kok hjå mange. Ei årsak til det er at etternamnet og gardsnamnet fort kan få ulike skrivemåtar. Til dømes kan familien på ein gard heite Hoel, medan gardsnamnet skal skrivast Hol. Reaksjonane har vore så sterke at ei gruppe grunneigarar, med god hjelp frå støttande politikarar, har fått endra lovverket. Slik får dei no større innverknad på skrivemåten (les meir om dette i Språknytt 3/2016). Helleland meiner denne utviklinga er svært uheldig.

– Avviket mellom skrivemåtane vekkjer sterke kjensler hjå mange, nærast som eit identitetstap. Men eg meiner me må halde fast ved at etternamn er noko privat, medan stadnamn er skapt i fellesskap og høyrer fellesskapet til, seier han.

Botolv Helleland er oppvaksen i ei grend som heiter Helland, i Lofthus i Hardanger. Då hadde det kanskje vore nærliggjande at han skifta ut etternamnet Helleland med den «riktige» skrivemåten?

– He-he, som namnenormerar burde eg kanskje ha gjort det. Men eg har aldri tenkt tanken. Etternamnet mitt er ein del av min identitet, slik det er det for andre. For meg er det ikkje noko problem at det har ei anna namneform enn namnet på grenda.

Stor publikumsinteresse

Den folkelege interessa for namn er slett ikkje berre av det kritiske slaget. Nordmenn er jamt over svært interesserte i namn, og Botolv Helleland har vore ein svært aktiv formidlar av faget gjennom heile karrieren, både i tale og skrift. Aktivitetane spenner frå namnevandringar i Oslo til kurs i stadnamninnsamling rundt i landet.

– Eg likar å formidle. Rett nok høyrer det meste av det eg har skrive og gjeve ut, til den vitskaplege sjangeren, men eit stort tal populærvitskaplege arbeid har eg òg bak meg. Eit mål med formidlinga er å aktivere stadnamn som lokale kulturskattar. Eg har til dømes nett skrive forklaringar til stadnamna langs Dronningstien, som er ein populær tursti i heimkommunen min Ullensvang. Namneforklaringane skal koplast til eit rutekart, men òg vere tilgjengelege på internett via mobiltelefonen. Noko av det eg likar ved formidlinga, er at lokalsamfunna får attende litt av sitt eige, fortel Helleland.

Etter at namnefaget gradvis er blitt bygd ned ved Universitetet i Oslo, står det ikkje sterkt som universitetsfag. Helleland trur formidling er det som skal til for å få opp interessa, og meiner det er særleg viktig at fagfolk deltek i debattane om faget. Sjølv er han ikkje redd for å stå i skotlinja.

– Det er mykje mediemerksemd om namn, men det er litt uheldig at mange av oppslaga handlar om usemja som oppstår rundt skrivemåten. Eg har ofte framheva krafta som ligg i namn, og evna deira til å bere lokal historie i eit lengre perspektiv.

Også på universitetet har formidlinga vore viktig for Botolv Helleland. Når han skal trekkje fram høgdepunkt frå karrieren, er det kontakten med studentar som peikar seg ut.

– Det har vore viktig for meg å få undervise både norske og utanlandske studentar og merke at eg har vore ei inspirasjonskjelde for dei.

Ei framtid for namnefaget

Framtida til norsk namnegransking ligg no i hendene til Universitetet i Bergen. Universitetet i Oslo har bygd ned faget gjennom å bruke ledige stillingar på andre fagfelt, og fysiske samlingar med innsamla namn er blitt frakta over fjellet. I Bergen er dei i gang med å få mykje av det gamle, innsamla materialet digitalisert. Sjølv om det i periodar har vore mykje uvisse om korleis framtida til faget vil bli, er Botolv Helleland optimist.

– Når namnefaget ikkje skal liggje i Oslo lenger, synest eg det er fint at det blir lagt til Bergen. Det er viktig at det finst eit fagmiljø som kan utdanne folk til dei offentlege stillingane som steller med namn, og eg har tru på at Bergen kan bli eit kraftsentrum i norsk og nordisk namnegransking.

TO OM HELLELAND

«Botolv har vore ei drivkraft for å auke interessa for bruk, vern og forvaltning av stadnamn i det offentlege rommet. Det internasjonale engasjementet hans, særleg innsatsen i FN-organet UNGEGN, har òg gjort han til ein av Nordens mest kjende namnegranskarar. Eg er audmjuk og takksam for alt Botolv har lært meg om stadnamnrøkt, og kunne ikkje hatt ein betre mentor.»

Ingvil Nordland, namnegranskar ved NMBU og i Språkrådet,
tidlegare student av Helleland

«Botolv er glad i menneske og tar vare på folka rundt seg. Då eg byrja å arbeide i eit vikariat på Institutt for namnegransking i 1983, var Botolv instituttstyrar. Han fekk meg til å kjenne meg velkommen, oppmuntra meg og gav meg interessante oppgåver. Trass i at han hadde det travelt, kunne eg aldri merke at han var stressa. Botolv er ein god formidlar av namnefaget. Mange gonger har eg erfart at han er den namnegranskaren folk utanom språkmiljøet har høyrt om.»

Anne Svanevik, forvaltningsansvarleg for stadnamn i Kartverket

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter