Det har med språket – og måten ein ser det

Saknar du noko her? Eller er du ein av dei som underforstår eit «å gjere» og eit «på»? Vi ser nærare på ulike typar ellipsar i talt og skriven norsk.

AV ERLEND LØNNUM

Munnlege ellipsar

Ein ganske vanleg ellipse i talespråket er «måte(n) å» + verb + «noko», der ein utelèt preposisjonen «på»:

Før berre: Det er no òg ein måte å sjå det på.
No også: Det er no òg ein måte å sjå det

Ein nyare og stadig meir utbreidd talemålsellipse er uttrykket «det har med» + «noko», der ein utelèt infinitiven «å gjere»:

Før berre: Det har med korleis språket fungerer, å gjere.
Eller: Det har å gjere med korleis språket fungerer.
No også: Det har med korleis språket fungerer.

Uttrykket har vorte forkorta fordi det ofte er så langt frå «med» til «å gjere» at ein på vegen gløymer at ein har eit uttrykk å avslutte. Når det blir ein vane å gløyme på den lange vegen, smittar det snart over på all bruk av uttrykket.

Dette er to døme på økonomisering med språket som kan setje grå hår i hovudet på dei som er opptekne av dei tradisjonelt rette talemåtane.

Grammatiske ellipsar

Subjunksjonar

Bortfall av subjunksjonane som og at er ellipse av eit ganske anna slag, og gammalt i både skrift og tale. Døme:

Det [som] du gjorde der, er ikkje lov.
Du sa [at] det var greitt å gjere det. 

Orda i klammer ovanfor er valfrie. Dei korte seiemåtane byr ikkje på problem for dei som har norsk som morsmål, men for ein tysktalande, til dømes, er det uvant at ein kan sløyfe slike sentrale element i grammatikken.

Jamvel for innfødde kan utelatingane sjå mystiske ut ved nærare ettersyn. Ta ein titt på desse formuleringane:

Du sa det var greitt å gjere det,
og at du fort kunne ha gjort det sjølv. 

(meir fullstendig: Du sa at det var greitt å gjere det,
og at du fort kunne ha gjort det sjølv.) 

Det du gjorde der, og som du fort
kan gjere igjen, er ikkje lov. 

(meir fullstendig: Det som du gjorde der,
og som du fort kan gjere igjen, er ikkje lov.)

Dei er usymmetriske. Vi får berre lov til å sløyfe éin gong! I det siste dømet kan vi rett nok sløyfe «som» andre gongen òg, men berre når det etterfølgjande subjektet «du» òg er utelate:

Det du gjorde der, og fort kan gjere
igjen, er ikkje lov.

Merk at vi ikkje kan sløyfe subjunksjonen når det står noko mellom verbalet og at-setninga:

Du sa allereie på møtet i førre veke at det var greitt å gjere det.
(Ikkje: Du sa allereie på møtet i førre veke det var greitt å gjere det.)

Det er ofte stilnivå og kontekst som avgjer om subjunksjonen at kan strykast, og det er vanskeleg å gi klare grammatiske reglar for det. For subjunksjonen som er det klarare reglar: Som kan sløyfast så lenge det ikkje er subjektet ein viser tilbake til: «Ho som står der, gjorde det» vert ugrammatisk utan eit «som».

Syntaktisk utelating

Ved såkalla syntaktisk ellipse er noko underforstått i setninga, som her:

Ho valde den vesle [koppen], eg [valde] den store.
Eg er større enn han, men han er eldre [enn eg/meg].

Dette gjeld særleg for verb som kan stå utan utfylling, som lukte og smake, der ein normalt tolkar inn eit måtesadverb:

Det luktar her [t.d. vondt].
Dette smakte [t.d. godt]. 

Kortformer

Ein annan type ellipse på ordnivå er kortformer. Nokre døme er foto for fotografering, atomfri for atomvåpenfri (atomvåpen er òg ei forenkling), bil for automobil, ubåt for undervassbåt og moped for motorvelosiped.

I nokre tilfelle har vi for lengst sløyfa eit heilt ord i eit par, som i minister (opphavleg minister regis ‘kongens tenar’) og doktor ‘lege’ (opphavleg doctor medicinae ‘lærar i medisin’).

Typografiske ellipsar

Den typografiske ellipsen er noko for seg. Dei fleste kjenner vel utelatingsteiknet prikk-prikk-prikk, alias Alt+0133 på tastaturet (ikkje tre vanlege, lause punktum). Det vert ikkje nytta til å markere innarbeidde syntaktiske utelatingar, for dei tenkjer ikkje skribenten eller talaren på. Teiknet er eit verkemiddel som syner at ei ytring er avbroten eller ufullført på andre måtar:

Eg meiner … eh
Det trur faktisk eg også …
Den der idi… 

Ovanfor ser vi døme på nøling, ettertanke og avbrot. Ellipseteiknet vert nytta til å etterlikne tale eller tanke i skrift, med naturlege pausar og invitasjon til å delta i tankeprosessen.

I formell sakprosa har teiknet ein annan funksjon, nemleg å markere at noko er utelate i eit sitat. Då bruker vi helst klammer kring, til dømes:

Med denne amerikanske revolusjonen […] såg Europa ein politisk draum verte røynd.

Foto: Store norske leksikon

Ellipsar på andre fagfelt

Retoriske ellipsar dreier seg òg om utelating. I retorikken og narratologien er ein ellipse ei utelating av ei hending utan tyding.

Ein matematisk ellipse er noko heilt anna enn ein språkleg [ellipse], nemleg ei oval kurve der alle punkt (P) har same samanlagde avstand til to faste punkt, såkalla brennpunkt (B og B’), innanfor kurva (sjå illustrasjonen).

Meir torer vi ikkje å seie om det emnet …

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2018 | Oppdatert:27.01.2021