Klarspråk – kva og kvifor?

Kva meiner vi eigentleg når vi talar om klarspråk? Og kvifor er det viktig å driva klarspråksarbeid?

[Teksten på bokmål]

Med klarspråk meiner vi korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar. Ein tekst er skriven i klarspråk dersom mottakarane

  • finn det dei treng
  • forstår det dei finn
  • kan bruka det dei finn, til å gjera det dei skal

Kvifor klarspråk?

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klart og tilpassa brukarane.

Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklart. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vera mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruka runde talemåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt å vinna på å uttrykkja seg klart og forståeleg. Klarspråk hjelper bodskapen fram.

Ikkje forenkling same kva det kostar

Å uttrykkja seg klart tyder ikkje å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føra til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vera enkle, og ikkje alle tekstar kan vera frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter