Aktuell term: generativ kunstig intelligens

No image

Kunstig intelligens har i 2023 for alvor blitt ein del av samtalane både i det offentlege og i privatsfæren, og termen kunstig intelligens (og forkortinga KI) har fått sikkert fotfeste i allmennspråket. Merksemda kring kunstig intelligens har òg gjort at ein heil del samansette termar med kunstig intelligens har komme i omløp i meir eller mindre allmennspråklege samanhengar. Eit av dei er KI-generert, som nyleg vart kåra til årets ord av Språkrådet. Ein annan term som ofte blir nemnd, er generativ kunstig intelligens. Generativ kunstig intelligens viser til kunstig intelligens som blir brukt til å lage tekst, bilete eller lyd, til skilnad frå kunstig intelligens som blir brukt til å klassifisere informasjon. Teknologirådets ordliste for kunstig intelligens (som du kan lese meir om under Smakebitar frå nordiske termbasar) definerer generativ kunstig intelligens slik: «maskinlæringsmodeller som kan generere unikt innhold basert på informasjonen de har blitt trent på». Ordlista forklarer vidare at innhaldet kan vere tekst, bilete eller lyd.

Kortforma av termen er generativ KI, og det kan sjå ut til at det er den som blir mest brukt. Det er kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at KI byrjar å bli ei velkjend forkorting. At fullforma er sett saman av tre ord, legg òg til rette for at kortforma kan få gjennomslag.

Generativ kunstig intelligens er nok direkte omsett frå den engelske termen generative artificial intelligence, og nokre reagerer kanskje på at termen inneheld adjektivet generativ framfor det meir heimlege skapande. Skapande KI ville nok ha vore forståeleg utan vidare for fleire. Fordelen med å bruke generativ er på si side at det høyrer til same ordfamilie som generere og generert (jf. KI-generert). Desse orda er vanlege å bruke når det er snakk om å lage (generere) tekst eller anna innhald ved hjelp av kunstig intelligens. Dermed er forma på termane med på å tydeleggjere at termane viser til relaterte omgrep.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2023 | Oppdatert:20.12.2023