Språklege feilgrep ved UiO

Nynorskskrivande studentar ved Universitetet i Oslo får eksamensoppgåver som er fulle av feil. Negative haldningar fører til mangel på system for omsetting og kvalitetssikring, viser ei ny masteroppgåve.

AV JORUNN SIMONSEN THINGNES

Studentar ved statlege utdanningsinstitusjonar har krav på å få eksamensoppgåva på si eiga målform, men nynorskversjonane blir ofte stemoderleg behandla. I masteroppgåva Skriftmangfald på norsk: språkforvaltning, normbrot og språkhaldningar har eg avdekt at mange nynorske eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo (UiO) inneheld grammatiske feil. Verb og substantiv har ukorrekt bøying, og mange av orda som er brukte, høyrer ikkje heime i det nynorske ordtilfanget.

Nynorsk taper kampen

Kvaliteten varierer mellom fakulteta, og aller dårlegast står det til ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Våren 2014 hadde fakultetet morfologiske feil i 95 prosent av oppgåvene, i 68 prosent vart det brukt bokmålsord som ikkje er tillatne i nynorsk, og i 63 prosent av oppgåvene var det stavefeil.

Gjennom intervju med UiO-tilsette har eg avdekt at negative haldningar til nynorsk blant tilsette er ei av forklaringane på det dårlege språket. Eit gjennomgåande tema i intervjua er at nynorsken taper i den harde kampen om både tid og pengar ved universitetet.

Prioriterer ikkje opplæring

Tilsette ved universitetet er gjennom mållova pålagde å bruke nynorsk, og i UiOs eigne planar står det at universitetet skal nytte kursa til Språkrådet for å sikre kompetansen. Det vert i liten grad gjort. Nedprioriteringa av nynorskkurs får direkte konsekvensar for den språklege kvaliteten og dermed dei språklege vilkåra til nynorskstudentane.

I 2013 sende ikkje universitetet nokon tilsette på nynorskkurs, medan 17 tilsette deltok på kurs i administrativt bokmål (jf. Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013). Det kan tyde på at bokmål vert prioritert framom nynorsk, og at universitetet ikkje synest god nynorsk er viktig. Utan kursing vert ikkje nynorskkompetansen til tilsette betre. Dette er alvorleg, sidan den låge kompetansen er ei direkte årsak til at det oppstår feil i eksamensoppgåver.

Mangel på kvalitetssikring

Kva system og praksis ein har for å lage eksamensoppgåver, varierer frå fakultet til fakultet, og også innan dei enkelte fakulteta. Å lage oppgåver er i stor grad opp til enkeltpersonar og enkeltinstitutt. Ansvaret er individualisert, og det finst få retningslinjer for korleis jobben skal gjerast.

Kort samanfatta kan ein seie at det ved UiO ikkje finst eit tydeleg system for omsetting av oppgåver til nynorsk. Dette er problematisk, særleg om ein ser det i samanheng med låg nynorskkunnskap. I dei tilfella oppgåvene faktisk er kvalitetssikra, er det i stor grad takka vere innsats frå einskildpersonar ved institutta, som ikkje vil vedkjenne seg dårleg språk. Men mange av dei som omset oppgåver frå bokmål til nynorsk, er ikkje nynorskkunnige, og fleire har negative haldningar til nynorsk. Desse komponentane påverkar kvarandre.

Negative haldningar

For det fyrste kan negative haldningar til nynorsk ha innverknad på kor god ein er til å skrive nynorsk. Ein kan altså verte dårleg av å ha negative haldningar, noko forsking på sidemål også har synt. For det andre kan ein i arbeidet med nynorsk oppleve mangel på meistring, noko som kan føre til negative språkhaldningar. Haldningane kan både påverke evna til og motivasjonen for læring. Når mange av dei som omset eksamensoppgåver ved UiO, ikkje meistrar nynorsk og har negative haldningar til språket, blir utgangspunktet ringt. Omsetting av oppgåvene blir «eit nødvendig vonde», og det dårlege språket blir eit resultat av det.

Kva vil så ei løysing på problemet vere? Gjennom å kvalitetssikre språket i oppgåvene kunne ein ha oppdaga feil som oppstår i omsettinga. Dei kunne så blitt fjerna før studenten fekk oppgåva på eksamensdagen. Ei kvalitetssikring av språket kunne bøtt på mykje, men slik kvalitetssikring finst ikkje.

Situasjonen ved Universitetet i Oslo, med manglande system, kunnskap og kvalitetssikring, er alvorleg. Han går ut over utdanningsinstitusjonen, tilsette og studentar. Ikkje minst går han ut over stillinga til nynorsken i samfunnet.

 

-- Jorunn Simonsen Thingnes er master i nordisk språkvitskap frå Universitet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter