Språknytt 4/2010

Forside Språknytt 4/2010Stikkord for dette nummeret: snikinnføring av nabospråk i skulen, å skrive blogginnlegg versus å skrive for eit papirtidsskrift, kvardagen til ein tolk, draumar om rockestjerner og mytar om språk, uttalen av totusen(talet), Clara Holst. 
 
Trur du det fanst noko arbeid for norsk språk før 1814? I artikkelen Norsk målreising før 1814? kan du lese litt om den tida. Artikkelen 2000-talet – ein gong til drøftar argumenta som ligg bak dei ulike måtane å seie årstala frå og med år 2000 på. Ein annan forklarar kvifor det er ein samanheng mellom erkeenglar og arkitektar.

Elles i dette nummeret kan du lese om dei som fekk Språkprisen 2010. Du kan lese ein kort statusrapport frå nemnda som arbeider med revisjonen av nynorsknorma, og du får vite litt om korleis det er å vere tolk.

Språknytt 2/2010

Forside Språknytt 2/2010

Språknytt nr. 2/2010 byr på variert stoff. Du kan du lese et intervju med Grete Riise, lederen for nynorsknemnda.  Artikkelen «Lånord i norsk talespråk» gir et svar på flere spørsmål om lånord. I dette nummeret kan du også lese om historia til nynorske fagordbøker. Visste du for eksempel at mange av disse bøkene ikke hadde sett dagens lys uten dugnadsinnsats fra idealistiske enkeltpersoner og studenter? I «Ja, nei og jau om mållova» kan du lære om rettigheter og plikter som gjelder for stat, kommune og privatpersoner. Og har du det klart for deg hva et offentlig dokument er, og hvem offentligheten og det offentlige egentlig omfatter? Lurer du på hvorfor noen kaller den tiende bokstaven i alfabetet for je, mens andre kaller den jodd? Hvordan har bokstavene fått navna de har i dag? I tillegg kan du i dette nummeret teste dine egne kunnskaper i islandsk og finne ut hva som gjør en kurve konveks eller konkav.

Språknytt 3/2010

Forside Språknytt 3/2010. Bilete: © Peter Melander / Maskot / Scanpix

I Språknytt nr. 3/2010 kan du lese eit intervju med Sylfest Lomheim, som gjekk av som direktør i Språkrådet 1. september. Den første artikkelen i bladet gjer greie for moderniseringa av grensesnittet i nettutgåvene av Bokmålsordoka og Nynorskordboka, og den andre handlar om at Statoil likevel vil bruke norsk i kontakt med underleverandørar i Noreg.

Vidare kan du lese om ei 6.-klasse i Telemark som skulle velje nysgjerrigperprosjekt, og bestemte seg for å sjå nærmare på språket i norskbøkene sine.

To artiklar varmar opp til Språkdagen 2010. I år er det Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk som er ansvarleg for programmet, så den eine artikkelen handlar om medisinsk fagspråk og den andre om eit stort terminologiprosjekt som Standard Norge arbeider med. Elles finn du ein artikkel om kva omsetjarar kan komme ut for når dei omset teikneseriar til norsk frå engelsk og andre språk, og ein om uttalen av tostava etternamn som endar på -er, t.d. Lier og Møller. Ein artikkel tek for seg bakgrunnen for ordet agurktid, og den siste gjer greie for stoda for minoritetsspråka i Spania og Latin-Amerika. Historia bak handlar denne gongen om namna Olga og Oleg, som kanskje ikkje er russiske likevel.

Språknytt 1/2010

Forside Språknytt 1/2010

Nokre stikkord for Språknytt nr. 1/2010: Intervju med Tore Janson. Revisjonen av nynorskrettskrivinga og presentasjon av nemnda. Omtale av den første årlege rapporten frå Språkrådet om språkstoda i landet, Språkstatus 2010. Ein omtale av ei undersøking Språkrådet har gjort av kvaliteten i tv-tekstinga. Datatermgruppas arbeid for å utvikle norske dataord. Oppslag i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.