Språknytt 3/2010

Forside Språknytt 3/2010. Bilete: © Peter Melander / Maskot / Scanpix

I Språknytt nr. 3/2010 kan du lese eit intervju med Sylfest Lomheim, som gjekk av som direktør i Språkrådet 1. september. Den første artikkelen i bladet gjer greie for moderniseringa av grensesnittet i nettutgåvene av Bokmålsordoka og Nynorskordboka, og den andre handlar om at Statoil likevel vil bruke norsk i kontakt med underleverandørar i Noreg.

Vidare kan du lese om ei 6.-klasse i Telemark som skulle velje nysgjerrigperprosjekt, og bestemte seg for å sjå nærmare på språket i norskbøkene sine.

To artiklar varmar opp til Språkdagen 2010. I år er det Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk som er ansvarleg for programmet, så den eine artikkelen handlar om medisinsk fagspråk og den andre om eit stort terminologiprosjekt som Standard Norge arbeider med. Elles finn du ein artikkel om kva omsetjarar kan komme ut for når dei omset teikneseriar til norsk frå engelsk og andre språk, og ein om uttalen av tostava etternamn som endar på -er, t.d. Lier og Møller. Ein artikkel tek for seg bakgrunnen for ordet agurktid, og den siste gjer greie for stoda for minoritetsspråka i Spania og Latin-Amerika. Historia bak handlar denne gongen om namna Olga og Oleg, som kanskje ikkje er russiske likevel.

Smakebitar
Foto © Creasource/ Masterfile / ScanpixMedisinsk fagspråk – gradvis mer folkelig og forståelig?
«Prøvene var negative.» Denne tilbakemeldingen fra legen har skapt bekymring hos mer enn én pasient. Men i medisinsk fagspråk betyr dette at blodprøver eller andre undersøkelser ikke viser tegn på den sykdommen eller tilstanden det har vært mistanke om.
Foto © Milos Luzanin / iStockphotoAgurktid på mange språk
Vet du hvorfor det heter agurktid og agurknyheterDet kan godt være at agurknytt er en norsk oppfinnelse. Men agurktid, som ligger til grunn for det, har så langt fra norsk opphav. Mange lurer på hvorfor det heter agurktid.
Foto: Svein Arne OrvikElevar på jakt etter språkfeil
Alle 6.-klassingar som bruker norskverket Ord for alt, får nye, oppretta bøker, takk vere innsatsen til Tokke-elevane.
Kolofon

Ansvarleg redaktør: Sylfest Lomheim
Redaktør: Åsta Norheim
Signerte artiklar frå eksterne skribentar står for forfattaren sitt syn.
Ettertrykk tillate når kjelda er oppgitt.
ISSN 0806-2870 (elektronisk utgåve)
ISSN 0333-3825 (prenta utgåve)
Omslagsbilete © Peter Melander / Maskot / Scanpix

Redaksjonen avslutta 27. august 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter