Ivar Aasen-tunet opna

Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta vart opna av kulturminister Ellen Horn 22. juni 2000. I tillegg til å vere museum over Ivar Aasens liv og verk er det nye Aasen-tunet eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Den nye bygningen og uteamfiet er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn.

– Med Ivar Aasen-tunet i drift vonar vi det blir lettare å styrkje den nynorske skriftkulturen og nynorskbrukarane sine reelle rettar, sa Ellen Horn i opningstalen. – Både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar treng Ivar Aasen-tunet for å forstå meir av vår fortid og styre meir av vår framtid. Difor er det mitt håp at denne nye nasjonale kulturinstitusjonen opnar dørene inn til den nynorske skriftkulturens mange rikdommar både for nordmenn og for dei frå andre land.

– Dei planane Nynorsk kultursentrum har lagt fram i søknaden om driftstilskot for 2001, vitnar om både eit høgt ambisjonsnivå og ei enorm spennvidd, frå brukshus for det lokale kulturliv til arena for dei mest ulike kunstnarlege uttrykk, sa kulturministeren.

Det vart selt om lag 7000 billettar ved opninga og til dei mange aktivitetane i tunet under Dei nynorske festspela dei neste dagane. Før utgangen av juli hadde tunet hatt 10 000 besøkjande. Vi reknar med å kome attende til Ivar Aasen-tunet i neste nummer av Språknytt. I mellomtida kan ein ta ein tur innom nettsidene som tunet har teke til å byggje opp: http://www.aasentunet.no/

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter