Termbase til støtte for nordisk mobilitet

Språknemndene i Danmark, Island, Noreg og Sverige har sett i gang eit terminologiprosjekt for å gjere det lettare å gjere seg forstått i dei nordiske nabolanda.

Prosjektet skal resultere i ein termbase der ein kan slå opp vanskelege fagord på dansk, islandsk, finsk, norsk eller svensk og få ein definisjon på sitt eige språk. Termbasen vil liggje fritt tilgjengeleg på Internett.

Målgruppa er nordiske borgarar som skal studere, arbeide eller bu i eit anna nordisk land.

Prosjektet er todelt. I første omgang skal ein samle inn og registrere fagtermar innanfor samfunnsområda utdanning og arbeidsmarknad. Denne etappen er finansiert m.a. av Nordplus-programmet Nordiske språk og vart sluttført 31. mars 2017. Erfaringane frå prosjektet kjem i ein eigen rapport i løpet av april 2017.

Prosjektet planlegg også å gjere tilgjengeleg terminologi frå samfunnsområda helse og rettsvesen i framtida, men er avhengig av ytterlegare finansiering.

Prosjektet samarbeider med DANTERMcentret, Terminologicentralen (TSK) og Terminologicentrum (TNC) for høvesvis dansk, finsk og svensk terminologi.

Representantar for informasjonstenesta Hallo Norden, Nordjobb og Grensehinderrådets sekretariat sit i referansegruppa i prosjektet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter