Firenze på norsk og Florens på svensk

Utanlandske stadnamn på norsk

AV BOTOLF HELLELAND

Frå festskriftet til Staffan Nyström i 2012

Innleiing

Dei fleste utanlandske stadnamna vert skrivne likt i dei tre skandinaviske landa, men det finst ei rekkje påfallande ulikskapar. Innbyrdes skriv dei tre landa stadnamna til kvarandre stort sett slik dei vert skrivne i landet det gjeld. Men svenskane held på Köpenhamn, i motsetnad til nordmennene som har valt København som skriftform og er såleis på line med danskane. At Marshalløyene/‑øyane vert skrive Marshalløerne på dansk og Marshallöarna på svensk, er greitt sidan det er tradisjon for omsetjing og tilpassing av dei topografiske orda i etterledd, noko som òg er i samsvar med ein FN-resolusjon (III/19, 1977).[1] Men kvifor vert Firenze stava slik på norsk mot Florens på dansk og svensk, og kvifor er Venezia skrive slik på norsk mot Venedig på dansk og svensk? Rett nok, om svenskane set kursen til Rom, Turin, Neapel, Prag, Grekland, og nordmennene reiser til Roma, Torino, Napoli, Praha, Hellas, så kjem dei venteleg fram til same stad. Men om ein nordmann i Venezia spør om vegen til Firenze, kan det nok henda han får snarare råd enn om ein svenske på same stad spør etter Florens. No kan ein nok seia at Florens har støtte i uttalen av det engelske Florence, og sidan engelsk har vorte eit dominerande verdsspråk, har dei engelske formene gradvis vorte kjende lokalt gjennom handel og turisme. At Florents (med t-innskot) så vel som Venedig har vore brukt i Noreg tidlegare, er ei sak eg straks kjem attende til. Etter Jørgen Schack (1993 s. 85) er det ein tydeleg tendens til auka bruk av endonym både i dansk, norsk og svensk, men namn av den ovannemde typen trur han ikkje det er aktuelt å endra.

Dei ulike argumenta for og imot eksonym er ikkje noka ny problemstilling. Alt på 1840-talet var det t.d. i Finland ein debatt der omsynet til finsk språk og finskspråklege namnebrukarar (eksonym)[2] vart sett opp mot den praktiske føremonen ved å bruka namneformene i dei einskilde landa (endonym)[3] (sjå Paikkala 2007). Mellom anna vart det framheva at det var uheldig å innføra ikkje-finske bokstavar. Det vart òg sagt at ein kom til å uttala namnet feil om ein ikkje fylgde finske skrivereglar. Vidare vart nasjonalisering av utanlandske stadnamn sett i samband med finsk sjølvstende. Argument for å halda på opphavsforma (enndonym) gjekk mellom anna ut på at utanlandske namn ikkje høyrde til det finske språket, og at kommunikasjonen internasjonalt vart svekka om ein ikkje nytta endonym. Etter kvart voks det fram eit kompromiss der innarbeidde eksonym kunne førast vidare, medan utanlandske namn som ikkje hadde stå stor plass i finsk, kunne knytast opp til opphavsforma.

FN sitt syn på eksonym

Sirkka Paikkala (2007 s. 183) avsluttar artikkelen sin med å visa til FNs tilrådingar om korleis utanlandske stadnamn bør skrivast:

… the recommendations promote the recognition of the equality between nations and the importance of national languages and cultures. This point of view seems to be reverse of the 19th-century discussions: instead of debating how foreign names should be written in each nation’s own language, the problem now seems to be how national place names could be used in their original form worldwide.

FN har fram til 2007 vedteke åtte resolusjonar i der spørsmålet om endonym og eksonym vert teke opp. Byrjinga av Resolusjon II/29 (1972) lyder slik (FN-resolusjonar s. 65 f.):

The Conference, Recognizing the desirability of limiting the use of exonyms, Recommends that, within the international standardization of geographical names, the use of those exonyms designating entities falling wholly within one State should be reduced as far as possible and as quickly as possible.

Og vidare i Resolusjon IV/20 (FN-resolusjonar s. 67) vert det rådd til at

… exonyms giving rise to international problems should be used very sparingly and published in parenthesis with the nationally accepted standard name.

I resolusjon V/13 med tittelen »Precedence of national official forms of geographical names» (FN-resolusjonar s. 68) vert det presisert korleis arbeidet med å minska bruken av eksonym bør føregå. I underpunkt 3. av resolusjonen vert det tilrådd at landa skal

… intensify their efforts to persuade private and public organizations, such as educational institutions, transport companies and the media, to reduce the use of exonyms in their publications or, at least, to increase the use of geographical names in their local standardized form (that is, endonyms); …

Grunnen til tilslutnaden til prinsippet om å gje endonym førerang har i stor grad ein praktisk bakgrunn, men òg omsynet til, og respekten for, dei einskilde lands språk. Mange land, særleg utviklingsland, såg dette som ein måte å kvitta seg med etterverknaden av kolonitida og den språklege undertrykkinga dei meinte kolonimaktene stod for. Men debatten har ikkje føregått utan motførestellingar i FN, og i seinare år har Arbeidsgruppa for eksonym (Working Group on Exonyms, skipa av UNGEGN i samband med den niande FN-konferansen i Berlin 2002), arrangert ei rekkje møte og konferansar der det har kome fram meir nyanserte syn på bruken av eksonym (underforstått argument for å bruka eksonym i visse samanhengar, sjå t.d. Jordan, Adamič & Woodman [2007]).

Korleis gjekk det til i Noreg?

Den norske praksisen ser såleis ut til å vera meir i samsvar med tilrådingane frå FN enn i grannelanda, men dei argumenta som er tekne med i resolusjonane, og som Sirkka Paikkala (ovanfor) har nemnt, har berre delvis vore avgjerande. For å skjøna den norske stoda må ein gå litt attende i historia. Noreg var i union med Danmark frå 1450 til 1814, og alt i det 16. hundreåret var dansk etablert som det administrative språket i lydriket og vart så godt som einerådande, ikkje berre fram til unionsoppløysinga i 1814, men til andre halvdelen av det 19. hundreåret. Unionen med Sverige frå 1814 til 1905 hadde liten innverknad på språket i Noreg.

Gjennom «dansketida» hadde dei norske målføra utvikla seg vidare på eigen grunn, det vil seia utan særleg innverknad frå dansk. Ein del ordtilfang hadde nok kome inn, men i struktur og bøyingsverk stod talemålet, med unntak av dei høgare sosiale laga i byane, i opposisjon til det danske skriftspråket. Gjennom dei nasjonalromantiske straumdraga som feia over Europa på 1800-talet vart interessa for det heimlege målet vekt. På denne tida stod det sjølvlærde geniet Ivar Aasen fram. På grunnlag av eit omfattande arbeid med innsamling av målføretilfang og utgjeving av ein norsk grammatikk og ei norsk ordbok la han tufta for ei samlande norm for norske målføre, fyrst kalla landsmål, frå 1929 nynorsk. I denne perioden gjekk det danske skriftspråket òg gjennom store endringar som førte det nærare «det dannede talesprog», særleg i Oslo. Dette dansknorske målet vart kalla riksmål, frå 1929 bokmål. Nynorsk vann terreng utover landet og var før andre verdskrigen hovudmål i nærare ein tredjedel av skulekrinsane i Noreg. I byane dominerte derimot bokmål. Etter 1950 miste nynorsk gradvis terreng i skriftleg samanheng, men er framleis nytta i rundt 12 % av skulane, hovudsakleg i Vest-Noreg.

Under unionen med Danmark vart norske stadnamn skrivne på ulike måtar, og ofte med ein sprikande og bokstavrik ortografi. Prosessen med å føra skrivemåten av stadnamn nærare heimenorsk uttale starta i 1830-åra, eit arbeid som heldt fram utover hundreåret. I 1878 vart det utnemnd ein kommisjon som hadde til oppgåve å revidera skrivemåten av gardsnamna i matrikkelen. Kommisjonen, med Oluf Rygh til leiar og primus motor arbeidde snøgt, og i 1886 vart den nye matrikkelen med eit norskbasert namneverk trykt. Rygh arbeidde vidare med materialet og la det til rette for utgjeving i det kjende verket Norske Gaardnavne (1897–1926). I 1912 fastsette Kartverket (Noregs geografiske oppmåling) at skrivemåten av stadnamn på kart skulle baserast på den lokale dialekten, men tilpassa nynorske rettskrivingsprinsipp. Rundt 1920 vart namna på ei lang rekkje av administrative område endra etter dei same prinsippa. Det var særleg to personar som verka inn på denne prosessen, nemleg Marius HægstadogHjalmar Falk, begge professorar i nordisk språk ved Universitetet i Oslo. Desse to vart òg bedne om å formulera prinsipp for ein revisjon av utanlandske geografiske namn. Fram til då hadde nordmennene fylgt danskane sin stavemåte av slike namn, som i stor mon var påverka av tysk.

Dermed var vegen faktisk rydda for eit nytt program: Ein skrivemåte av utanlandske stadnamn som til dels høvde betre med norsk namnelaging, og som kunne ta større omsyn til skrivemåten i det språket namnet høyrde heime. Denne prosessen starta fleire tiår før FN tok til å vedta resolusjonar om eksonym, og det kan ha interesse å sjå nærare på dei prinsippa som vart lagde til grunn. I ei innleiing (”Nogen bemerkninger”) til den fyrste utgjevne lista av utanlandske stadnamn i 1922 seier Marius Hægstad og Hjalmar Falk (Arstal 1922, s. III):

Med hensyn til skrivemåten av geografiske navn i det hele i vårt land er det en velkjent sak at vi endog en rum tid inn i forrige århundre brukte omtrent utelukkende dansk skriftmønster og rettet oss efter den smak som var den rådende i Kjøbenhavn. Våre egne norske stedsnavn blev gjerne omskrevet så de kunde passe in i den danske språkorganisme: Akershus blev til Aggershus, Larvik til Laurvig, Selbu til Sælboe, Beitstdfjorden til Bedstadfjorden o.s.v. Gjaldt det stedsnavn utenfor Danmark og Norge, fulgte danskene Tysklands mønster, og det omtrent overalt. Og resultatet av dette blev at vi fikk en mengde fremmede navneformer i tysk sprogdrakt «importert» over Danmark, og det ikke bare navn på tyske land og byer, men også i stor monn fra alle verdens kanter, deriblandt de mange navn på ‑ien: Asien, Armenien, Italien, Australien o.s.v. og for å nevne enkelte fremtredende bynavn: Neapel, Venedig, Florents (tysk Florenz, ital. Firenze), Theben; undertiden blev navnene en smule forandret under «importen», om enn ikke forbedret, som Normandiet (tysk die Normandie), Tyrkiet (t. die Türkei) o.m.a. På denne måten har vi fått en masse navneformer fra den vide verden, som hverken stemmer overens med det rette navn som brukes på vedkommende sted, og heller ikke er en naturlig nasjonalisering av det rette navn efter vårt eget sprogs analogier, men en tysk omformning, til dels endog bare en dansk nasjonalisering av den tyske omformning.

Og dei held fram i ein heller skarp tone (s.st.):

At dette i flere henseender er et uheldig forhold, er lett å påvise. Den del av utlandet som vi kommer i berørelse med og som legger merke til forholdet, må få et underlig inntrykk av vår kultur og vår selvstendige nasjonalitets styre, som ytrer sig på den usedvanlige måte at vi hverken kan gjengi fremmede navn i deres egen virkelige form og heller ikke har evne til en naturlig omformning på basis av vårt eget sprog, men stadig må ty til Tyskland og Danmark og låne deres navn. Der er oss neppe til gavn eller ære. Og de ulemper denne tilstand medfører her hjemme, bør heller ikke oversees.

Utvilsamt argumenterte dei to professorane til dels på grunnlag av eit program som gjekk ut på å verta kvitt dei tysk-danske skrivemåtane av både norske og utanlandske stadnamn og erstatta dei med skrivemåtar som var meir i samsvar med norske former, og då likså snart nynorsk. Men dei argumenterte òg praktisk ved at det endonymiske prinsippet førte mottakarane nærare namnebrukarane. Når ein ser at dei to var sentrale aktørar i fornorskinga av stadnamn, er det god grunn til å sjå motviljen mot eksonym saman med motviljen mot dei fordanska namneformene.

I føreordet til den fyrste lista over utanlandske stadnamn (utgj. 1922) nemner utgjevaren, Aksel Arstal, nokre prinsipp som han meinte burde leggjast til grunn for val av skriftform:

  1. Tradisjonell norsk stavemåte
  2. Skrivemåten i det landet/språket namnet gjeld
  3. Skrivemåten i dei språka som er mest brukte, og mogelege endringar i desse språka
  4. Venta utvikling i bruken av utanlandske stadnamn

For å sikra kvaliteten av lista rådførte utgjevaren seg med ei rekkje ekspertar og organisasjonar som var opptekne av same problem, til dømes United States Geographic Board som i sin fjerde rapport seier at det er absolutt ynskjeleg og rettkome at namna som er brukte i dei einskilde landa/språka, bør brukast universelt, og at det er ei reform som ein kan sjå fram mot, og som kan verta oppnådd i framtida.

Hægstad og Falk refererer òg til the British Committee on Geographical Names (sitert etter Arstal 1922 s. VII, note 1):

The spelling of every place-name in an independent country or self-governing dominion using the Latin alphabet shall be that adopted by the country or dominion, except …”. M.a. er også det franske Atlas Universel de Géographie sitert (s.st.): « A tout nom imposé avant la dernière guerre par une domination étrangère, nous avons toujours substitué la forme originelle et nationale. »

Hovudprinsippet i den norske lista ligg svært nær det som er nedfelt i synet til FN:

A foreign geographical name – especially the names of towns and administrative areas – should as a general rule, be spelt as it is written by the linguistic society to which the name belongs. If there is an official spelling it should be used. Official spellings are those which are used by the Post- and Telegraph and by national mapping authorities (sitert etter Arstal 1922 s.st.)

Deretter fører utgjevaren opp sju unntak, her attgjevne i forkorta form:

  1. Prinsippet gjeld språk med det latinske alfabetet;
  2. Når det er klårt kva stavemåte som har offisiell skrivemåte i det aktuelle landet;
  3. Når eit stadnamn høyrer til meir enn eitt land eller eitt språkområde, eller om området ikkje har sjølvstyre;
  4. Dersom det lokale namnet kan misleia uttalen (Lisboa, Magalhães);
  5. Praksisen i granneland og i store språksamfunn (engelsk, fransk, tysk);
  6. Ein skal ta omsyn til lang namnetradisjon (det er ikkje tale om å endra namn på statar med unntak av ein del døme som er nemnde i lista, som Italien > Italia);
  7. Når eit namn er heilt eller delvis omsett, skal den omsette forma fylgja norske ortografiske reglar, til dømes De forente stater/Sambandstatane U.S.A. (no USA);
  8. Gjennomsiktige namn som Great Salt Lake, Montenegro and Sierra Nevada skal nyttast i si endonymiske form.

Når det gjeld bunden artikkel, tilrår utgjevaren at han skal utelatast medan hovudordet (namnet) skal skrivast i samsvar med den offisielle forma i landet det gjeld. Det tyske namnet der Rhein bør skrivast Rhinen, slik at den føresette tyske artikkelen der vert erstatta med den norske etterhengde artikkelen ‑en. Sameleis bør det franske elvenamnet La Seine skrivast Seinen. Men utgjevaren meiner at i namn som La Rochelle (fransk) og Algeciras (spansk) vil nordmennene oppfatta artikkelen som ein del av namnet.

For å letta uttalen inneheld lista ein forenkla fonetisk notasjon i skarpe klammer av dei fleste namna. Utgjevaren understrekar at lista var sett opp som eit framlegg, og han er heilt klar over veikskapen. Han er òg budd på kritikk når han seier:

Å røre ved det tilvante her vil hos mange vekke uvilje. Endringer i skikk og bruk av denne art gjennemføres ofte hensiktsmessig stykkevis, og iallfall er dét sundest at det skjer ved frivillig tilslutning under inntrykket av at de er velbegrunnede og tjenlige… At kritikken vil finne meget å utsette, er jeg forberedt på, selv best vitende om arbeidets svakheter; men jeg rider ingen kjepphest og vil bare glede mig over forbedringer av resultatene.

I 1932 vart det gjeve ut ei liste over statar og viktige landområde (Namn på statar). I føreordet skriv nemnda som har førebudd lista at «på norsk bør ein så langt som råd nytta den heimlege forma av utanlandske stadnamn». Namn som har bakgrunn i språk med ikkje-latinske alfabet bør på norsk skrivast så nær den heimlege forma som mogeleg, eller i samsvar med internasjonal bruk. Men lista hadde framleis mange eksonym.

Stoda i dag

Korleis er så situasjonen no? Som nemnt starta Noreg sin marsj på den «endonymiske linja» rundt 1920, og har halde fram på denne kursen, om enn med mange unntak. Dei fleste endringane frå 1922-lista har vore i favør av det endonymiske prinsippet. I 1991 gav Norsk språkråd (frå 2004 Språkrådet) ut Geografilista med om lag 5000 utanlandske stadnamn. Lista har vorte oppdatert og er no tilgjengeleg på Internett.[4] I føreordet vert endonymiprinsippet understreka: «For dei landa som bruker det latinske alfabetet, er houdprinsippet at ein mest mogleg skal respektere dei nasjonale skrivemåtane» (Geografilista s. 5). Det gjeld sjølve namna, medan avleiingar, adjektiv og innbyggjarnemningar vert rekna som meir norske ordlagingar som i større grad skal fylgja dei norske reglane for sambandet mellom skrift og tale. Såleis heiter det Canada, medan det er valfritt mellom canadiar eller kanadiar, canadisk eller kanadisk (s.st.). Geografilista vender seg særleg til dei som har geografiske problem i yrket sitt, som forlagsfolk, journalistar, korrekturlesarar, skulefolk, tilsette i Norsk rikskringkasting og andre.

Svenske stadnamn vert skrivne på svensk, også namna på dei gamle norske landskapa i Sverige, bortsett frå at Båhuslen er ført opp som ei historisk namneform. Dei adjektiviske og substantiviske avleiingane har derimot fått norsk skrivemåte. Geografilista har løyst dette slik:

Bohuslän (historisk Båhuslen) landskap i Sverige; båhuslening, båhuslensk
Härjedalen landskap og kommune i Sverige
Jämtland landskap i Sverige; jemte el. jemtlending, jemtlandsk

Når det gjeld stadnamn i Finland som har både svensk og finsk form, er den svenske forma ført opp som oppslagsord med opplysning om den finske forma i parentes, t.d. slik:

Helsingfors (finsk Helsinki) hovudstaden i Finland
(Helsinki) sjå Helsingfors.
Nyslott (finsk Savonlinna) by i Finland
(Savonlinna) sjå Nyslott.

Greske namn er med somme unntak gjevne etter det transkripsjons-systemet som Språkrådet tilrår for namn i nygresk. Det gjev ein del endringar i forhold til stadnamn frå oldtida, t.d. Iráklio og Viotía no mot Herakleion og Boiotia som oldtidsnamn. Den norske skrivemåten av landsnamnet Hellas (svensk Grekland, dansk Grækenland) er spesiell i høve til andre europeiske land, både ved at han ligg nær den greske forma Elláda, og særleg den eldre skrivemåten Ellás, samstundes som den eldre stomne er halden oppe i nemningane grekar og gresk. Arne Torp (i eit upublisert foredrag) kallar Hellas eit «samnorsk endonym».

Kinesiske namn er gjevne etter pinyinsystemet. Russiske namn (med nokre unntak) og somme namn frå dei tidlegare sovjetrepublikkane fylgjer dei samnordiske transkripsjonsreglane frå 1970 med dei justeringane som vart fastsette i 1996.

Nokre døme frå Geografilista s. 68, identisk med den nettbaserte lista:

Fernando de Noronha brasiliansk øy i Atlanterhavet
(Fernando Póo) sjå Bioko.
Ferrara by i Italia
Fichtelgebirge fjell i Tyskland
Fife grevskap i Skottland
Fiji stat i Stillehavet; fijian el. fijianar/fijianer, fijiansk
Filippinane/Filippinene øygruppe og stat i Stillehavet; filippinar/filippiner, filippinsk
Filippingropa/Filippinergropa bokmål også -gropen havdjup på austsida av Filippinane
Filipstad by i Sverige
Finistère departement i Frankrike
Finland stat i Europa; finlendar/finlender el. finlending el. finne, finlandsk el. finsk
Finskebukta, bokmål også -bukten arm av Austersjøen
Finspång by i Sverige
Finsteraarhorn fjell i Sveits
(Firat) sjå Eufrat.
Firenze by i Italia; florentinar/florentiner, florentinsk
Firth of Clyde el. Clydefjorden fjord i Skottland

I 1995 publiserte regjeringa ei liste over namn på statar, basert på FNs oversyn. Lista er seinare revidert og oppdatert.[5] Dei andre nordiske landa har gjeve ut liknande lister. Sidan 1950-åra har det vore eit nært samarbeid mellom dei nordiske landa for å verta samde om lik stavemåte av namn i dei respektive landa, t.d. Skagerrak for det tidlegere Skagerak. I 1959 endra Noreg den tidlegare skrivemåten Finnland til Finland, i samsvar med den finlandssvenske stavemåten.

Dersom ein ser på systematiske endringar frå 1932 til i dag kan ein merka seg fem hovudtypar:

  1. Endringar på grunn av politiske hendingar eller vedtak:
    Dahomey > Benin, Danzig > Gdańsk (Gdansk)
  2. Nye stavemåtar som resultat av ortografiske endringar i norsk:
    Marshalløene > Marshalløyene
  3. Norske endringar i transkripsjonsreglane:
    Kasan > Kazan
  4. Norvagisering:
    Cambodia > Kambodsja, Tchad > Tsjad
  5. Av-norvagisering:
    Fidsji > Fiji, Butan > Buthan 

Framleis ulike meiningar

Eit argument for å halda på tradisjonelle eksonym, er at det einskilde landet rår over sitt eige språk, og at ikkje nokon utanfrå skal blanda seg inn. No er det likevel stort sett semje om den lina Språkrådet har lagt til grunn, som altså inneber ei lang rekkje endonymiske former. I 1997 vart det halde eit NORNA-symposium i Oslo med tittelen Utanlandske namn i Norden (sjå Helleland & Nilsson 1999), og spørsmålet om endonym motsett eksonym vart drøft frå ulike synsvinklar. Ein av deltakarane, nordmannen Jan Brodal, heldt eit foredrag med tittelen Endonymi eller eksonymi? Noen prinsipielle og praktiske betraktninger, der han gav uttrykk for tvil når det galdt verdien av FN-resolusjonane med tilråding om å skjera ned på talet eksonym. Dei fleste deltakarane gav ikkje tilslutning til synet hans, men det er verdt å nemna nokre av argumenta hans fordi mellom folk flest er det mange som deler dei. Han viste til at det finst eit konsistent eksonymisk system for å gje att utanlandske namn slik det har funnest på Island, og at det elles er eit stort tal eksonym i bruk i ulike europeiske språk. Sjølv om både endonym og eksonym finst i eit blandingssystem, meinte han at eksonym var oftare nytta enn endonym, eit faktum som han meinte gjorde det vanskeleg å erstatta dei med dei tilsvarande endonyma. Han nemnde døme som Rumania og Sri Lanka der bruken av endonym kunne ha ein diskriminerande verknad i høve til fleirtalet av ei folkegruppe innan eit område (Brodal 1999). Det skal nemnast at fleire av innvendingane til Brodal har funne ein viss atterklang i diskusjonane i den ovannemnde UNGEGN-arbeidsgruppa for eksonym.

På same symposiet tok Vigleik Leira for seg Språkrådet sine retningsliner for bruken av endonym og eksonym. Hovudbodskapen hans var at kvart språk har rett til å fastsetja skrivemåten av ord, medrekna namn, som kjem frå andre språk. Han nemnde fem viktige kriterium for normering av namn og språk generelt (Leira 1999 s. 153):

  1. Språket er ein viktig reiskap for kommunikasjon;
  2. Skrivemåten må fremja kommunikasjonen;
  3. Intern kommunikasjon må ha førerang;
  4. Norske ord bør ikkje normerast med tanke på utanlandske turistar i Noreg eller norske turistar i utlandet;
  5. Norske styresmakter må avgjera skrivemåten av utanlandske namn brukte i ein norsk kontekst på line med andre ord i språket, jf. spaghetti > spagetti.

Men Leira heldt òg fram at når desse omsyna var tekne med i vurderinga, burde endonymi-prinsippet vera det leiande, og han viste at i dei siste 30 åra hadde det fått auka tilslutnad, både i dei store oppslagsverka og i lista ovar utanlandske stadnamn. Men framleis er det utfordringar når det gjeld å vidareføra endonymi-prinsippet. Namn som ikkje har vore brukte i norske kontekstar i særleg grad, er lettare å tilpassa til ein endonymisk praksis enn namn som er godt kjende. Det er lite truleg at Irland vil verta utskift med Ireland over natta. Heller ikkje kan ein venta at The Irish Sea vil ta over for Irskesjøen med det fyrste.

Som Svein Lie konkluderer i sin artikkel (Lie 2009 s. 196), med at det ikkje finst noko eintydig prinsipp når det gjeld fordeling av endonym og eksonym på norsk, men fleire. Namn som er skrivne med det latinske alfabetet er oftast skrivne på same måte som i originalspråket, men namn på statar og ein god del andre namn har ofte ei særskild norsk form. For russisk (kyrillisk) finst det eit norsk transkripsjonssystem, t.d. skal Sotsji skrivast slik etter det norske systemet, men den engelske forma Sochi vert òg ofte nytta. Tilsvarande finst det eit system for å skriva greske namn på norsk, men det vert sjeldan fylgt opp i praksis. På grunn av avstanden mellom skrift og tale, kan det her vera tale om anten translitterering som i Lesbos eller transkripsjon som i Lesvos. Her har Geografilista Lésvos (før Lesbos) ’gresk øy utafor kysten av Tyrkia’, medan Lesbos vert oppført med opplysninga ’sjå Lésvos’.

Det er fyrst og fremst Vigleik Leira som har stått i brodden for den faglege diskusjonen om skriving av utanlandske namn. Han har òg redigert Språkrådet si liste over utanlandske namn (Geografilista). I ein artikkel har han òg teke for seg ein del arabiske namn som Yemen – Jemen (Leira 1998). Ikkje minst interessant er boka Geografiske navn i flere språk (Leira 2006) der han gjev han eit breitt oversyn over skrivemåten av stadnamn i ulike språk.

Avslutning

Noreg har ei spesiell språkhistorie som mellom anna førte til at dansk-tyske skrivemåtar av stadnamn som anna språk tidleg etablerte seg i landet. Med striden for nasjonalt sjølvstende fylgde òg kravet om å gje att stadnamna i former som var baserte på den norske uttalen. Då eit stort tal områdenamn vart fastsette etter dette prinsippet, vart også ei rekkje utanlandske stadnamn tekne med. Såleis kan ein seia at den norske målstriden har verka med til skiljet mellom Noreg på den eine sida og Danmark/Sverige på den andre sida i skrivemåten av ein del utanlandske stadnamn. Dei som formulerte dei fyrste reglane tidleg på 1920-talet, og då særleg utgjevaren Aksel Arstal, var etter mitt syn pionerar som peikte fram mot dei fyrste FN-resolusjonane femti år seinare. Noreg står på rimeleg grunn når det gjeld å fylgja det endonymiske prinsippet. Men det er langt fram.

Litteratur

Arstal, Aksel, 1922: Geografiske fremmednavn. Forslag til skrivemåte og uttale. Skrivemåten i andre sprog. Gjengs tydning og andre opplysninger. Kristiania.

Brodal, Jan, 1999: Endonymi eller eksonymi? Noen prinsipielle og praktiske betraktninger. I: Utanlandske namn i Norden. Rapport frå NORNAs tjuesjette symposium i Oslo 28.–30. mai 1997. Red. av Botolv Helleland & Leif Nilsson. Uppsala 1999. (NORNA-rapporter 68.) S. 157–170.

Geografilista. Utgjeven av Norsk språkråd. Oslo 1991.

Exonyms and the international standardization of geographical names. Approaches towards the resolution of an apparent contradiction. Ed. by Peter Jordan, Milan Orožen Adamič & Paul Woodman. 2007. Wien. (Wiener Osteuropa Studien 24.)

FN-resolusjonar = Resolutions adopted at the Nine United Nations Conferences on the Standardization of Geographical Names 1967, 1972, 1977, 1982, 1987, 1992, 1998, 2002, 2007. A. Listed by subject. B. Cross-referenced by conference. Appendix 1 – List of UN reports of the nine conferences. Prepared for the United Nations by Natural Resources Canada.

Leira, Vigleik, 1998: Jemen eller Yemen – åssen skriver vi utenlandske geografiske navn? Språknytt 2/98. S. 18–22.

— 1999: Norsk språkråds arbeid med utenlandske geografiske navn. I: Utanlandske namn i Norden. Rapport frå NORNAs tjuesjette symposium i Oslo 28.–30. mai 1997. Red. av Botolv Helleland & Leif Nilsson. Uppsala 1999. (NORNA-rapporter 68.) S. 149–156.

— 2006: Geografiske navn i flere språk. Oslo.

Lie, Svein, 2009: Utenlandske navn på norsk. I: Språknormering – i tide og utide? Red. av Helge Omdal & Rune Røsstad. Oslo.

Namn på statar = Namn på statar og nokre viktige landumråde. Skrivemåten av geografiske namn. Liste I. 1932. Oslo. (Utgj. av Kyrkjedepartementet.)

Paikkala, Sirkka, 2007: Exonyms or endonyms – how the orthographical norms of foreign place names became established in Finnish in the 19th century. I: Exonyms and the international standardization of geographical names. Approaches towards the resolution of an apparent contradiction. Ed. by Peter Jordan, Milan Orožen Adamič & Paul Woodman. Wien. (Wiener Osteuropa Studien 24.) S. 165–183.

Schack, Jørgen, 1993: Udenlandske stednavne i den sproglige rådgivning. I: Språk i Norden. 1993. (Nordisk språksekretariats skrifter 15.) S. 80–87.

Torp, Arne, [udatert]: Hellas – et særnorsk og samnorsk navn. Upublisert foredrag.


Fotnoter

[1] Resolutions Adopted at the Nine United Nations Conferences on the Standardization of Geographical Names 1967, 1972, 1977, 1982, 1987, 1992, 1998, 2002, 2007. Submitted by the Natural Resources Canada. Romertala viser til kva for ein av dei ni konferansane den aktuelle resolusjonen er vedteken på.

[2] Name used in a specific language for a →geographical feature situated outside the area where that language has official status, and differing in its form from the name used in the official language or languages of the area where the geographical feature is situated. Examples: Warsaw is the English exonym for Warszawa; Londres is French for London; Mailand is German for Milano. The officially romanized endonym Moskva for Москва is not an exonym, nor is the Pinyin form Beijing, while Peking is an exonym. The United Nations recommends minimizing the use of exonyms in international usage. See also →name, traditional.
http://unstats.un.org/unsd/geoinfo/ungegn/docs/glossary.pdf (s. 10)

[3] Name of a geographical feature in one of the languages occurring in that area where the feature is situated. Examples: Vārānasī (not Benares); Aachen (not Aix-la-Chapelle); Krung Thep (not Bangkok); al-Uqşur (not Luxor); Teverya (not Tiberias).
http://unstats.un.org/unsd/geoinfo/ungegn/docs/glossary.pdf (s. 10)

[4] http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/navn-pa-steder-og-personer/Geografiske_namn/

[5] http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/veiledninger/2001/statsnavn-hovedsteder-og-nasjonaldager.html?id=87863

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2017 | Oppdatert:14.01.2021