148de Salmen (1904)

Frå Salmarne. Umsette fraa Hebraisk. Kristiania. Det norske Bibelselskaps Forlag. 1904. Side 163–164:

Halleluja!
Lova Herren fraa Himmelen,
lova honom i det høge!
Lova honom, alle hans Englar,
lova honom, all hans Her!
Lova honom, Sol og Maane,
lova honom, alle lysande Stjernor!
Lova honom, de Himmel-Himlar,
og de Vatn ovanfyre Himlarne!
Dei skal lova Herrens Namn,
for han baud, og dei vart skapa,
og han stellte deim upp fyr alltid og æveleg,
han gav ei Log som ingen bryt.
Lova Herren fraa Jordi,
de Sjødyr og alle Djup,
Eld og Hagl, Snø og Eim,
du Storm som set hans Ord i Verk,
de Fjell og alle Haugar,
Alde-Tre og alle Sedrar,
de ville dyr og alt Fe,
krekande Dyr og fljugande Fuglar;
de Kongar paa Jordi og alle Folk,
de Hovdringar og alle Domarar paa Jordi,
de unge Gutar og Gjentor,
de gamle med dei unge!
Dei skal lova Herrens Namn,
for berre hans Namn er høgt,
hans Æra er yver Jord og Himmel,
og han hev lyft upp eit Horn fyr sitt Folk,
til Lovsong fyr alle sine trugne,
fyr Israels Born, det Folk som er honom nær.
Halleluja!

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.08.2005 | Oppdatert:14.01.2021